Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997

Bøker:

Reflektert lyrikk

Kjartan Hatløy står med den andre boka si fram som ein interessant og nyskapande lyrikar, skriv Oddmund Hagen om «Svarande pupill».

Kjartan Hatløy:
Svarande pupill
Oktober

Kjartan Hatløy (1954) debuterte i fjor med diktsamlinga Solreven. Dikta hans var dunkle, men avslørte samtidig ei genuin poetisk stemme, original og dristig i sin måte å nærme seg dei store spørsmåla og mysteria i tilværet. I år er han tilbake med ei ny samling, Svarande pupill.

Originalt språk

Begge samlingane handlar om det same, mennesket sin plass i naturen og naturen sin plass i mennesket, og over det heile, det metafysiske og uforklarlege, det uhandgripelege. Hatløy har funne eit svært originalt og fascinerande språk for desse tankane, farga av filosofiske studium og ein oppvekst tett innpå ein storslått natur i Ytre Sogn der han kjem frå. Likevel blir det ikkje naturdikt han skriv. I staden integrerer han mennesket og naturen i ei surrealistisk og imaginær verd, styrt av grunnleggande prinsipp som lys og mørke, liv og død, tida tenkt som ei elv som fornyar alt og likevel er den samme, «det alltidkomande vatn» som han skriv, «alltidny elvekropp».

Religiøse refleksar

Slik grip han tilbake til antikkens filosofi, til Heraklit og hans tanke om at ein ikkje kan gå ned i den samme elva to gonger. Alt er i forandring, alt flyt, alt skiftar form, skriv han i sitt verk «Ollhet. Den är ochså en sinnebild for det smygande och forstulna, for åtrå och frihet. Den svarta katten ar måndjur och betecknar ondska och död...»

Alt dette er til stades hos Hatløy. Døden er sentral og dukkar stadig opp, «vår storm/av støv» blir den kalt, men også det erotiske spelar ei rolle, «eg pusta ho inn/så sol/stripa rommet».

Den forvandlinga som Hatløy gjennomfører ved å omskape eit lokalt landskap og sveipe det i eit mytologisk og mystisk lys, fører også til religiøse refleksar: «eg pissar frå tunet/vier/til galaksen//to kvite steinar/to gule strå». Ei liknande offerhandling overfor allnaturen dukkar også opp i eit anna dikt og understrekar det audmjuke i Hatløys haldning til det å leve og vere til under himmelen.

Slåande bilde

Svarande pupill er ei diktsamling fylt av undring og eit sterkt og alltid nærverande medvit om døden, men her er også livslyst og humor, «vi dyttar tango inn i kvarandre», skriv han, «eg...forar himmelen/med unyttige bevegelsar» seier han ein annan stad. Og han har slåande bilde, f. eks. der han omtalar kometen Hale Bopp som «altet sitt lysagn» eller ei oppklarning som «dagen opnar lippene av grå skyer». I det heile tatt, Kjartan Hatløy står med den andre boka si fram som ein interessant og nyskapande lyrikar med eit reflektert innhald og med ei gjennomarbeidd og komprimert form.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |