Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997

Bøker:
Større enn seg sjølv

Boka «– JEG? sa Ole» av Øystein S. Ziener har undertittelen «En pekebok for barn som er litt større enn seg selv». Allereie her startar leiken med orda og leiken med andre barnebøker, skriv Marte Mona.

Øystein S. Ziener:
– Jeg? sa Ole
Illustrert av Anders Kaardahl
Aschehoug


«Pekebok» – det finst vel knapt ein meir forsliten og kommersialisert sjanger av bøker for barn. Ziener peiker nase, for dette er ei bok med peiking og lite hundar, hestar og griser. Dette er ei ekte peikebok. Og i «litt større enn seg selv» aner vi eit lite vennskapleg hint, eller kanskje til og med eit opprør mot Inger Hagerups dikt «Mauren», som går slik: Liten? / Jeg? / Langtifra. / Jeg er akkurat stor nok. / Fyller meg selv helt / på langs og på tvers / fra øverst til nederst. / Er du større enn deg selv kanskje?

Mens Hagerups dikt-eg er seg sjølv og er fornøgd med det, er hovudpersonen Ole «ingenting», han er null null (Ole Olsen = 0 0). Han fyller ikkje seg sjølv, han veit ikkje heilt kven han er. For å vera nokon er han avhengig av Anna, som er Anna både framlengs og baklengs.

Anna er den sterke, ho som peiker og bestemmer, Ole er den som kjenner seg som ingen, og som blir heilt invadert av den sterke viljen til Anna. Denne kjensla kjenner mange barn (og vaksne) seg att i. Det å bli dominert og samtidig vera heilt avhengig av ein annan, og korleis ein må slite med å kjenne seg som nokon. Dette er meisterleg skildra.

Anna peiker. Ho peiker inn mot ei svart hole, og det er denne hola eller holet eller «hullen» Ole og Anna går igjennom før dei kjem ut att på andre sida og ser sola. Anna med tårer på kinna. No er det Ole sin tur til å hjelpe Anna. Og til slutt er han blitt «større enn seg sjølv».

Det handlar altså om å gå inn i mørkret, gå gjennom det saman og komma styrkte ut att. Det kan vera ei samlivskrise, ein psykoanalyse, eller det kan vera NSB Gardermobanens fortvilte kamp gjennom Romeriksporten (eller kanskje ikkje det, nei). Klassisk er det i alle fall.

Dette er ei svært avansert og litterær bok. Her finn vi både teiknteori, filosofi og kommunikasjon med annan barnelitteratur. Men i staden for å heise fana høgt og briske seg med at «dette er filosofi og avansert kunst», så går Øystein S. Ziener inn i det konkrete, inn i språket. Det poetiske, rytmiske og gjentakande språket. Det språket som kan nå ein språksvolten seksåring, for eksempel. Leiken med namna, Ole/elo, Anna/annA og den litt Ole Brummske skrivmåten innimellom: «Munnen hans var også én. Det var ikke bare. Den brukte han til å si litt av hvert og mye rart med når det passet seg sånn eller ikke. Særlig ikke.» Og om å bli seg sjølv: «Ole ville være Ole og sann med hele seg». Og så min favoritt: «Ole gikk. Han satte det ene benet foran det andre og det andre benet foran det ene. Det var å gå.»

Illustratør Anders Kaardal tilfører mykje til boka. Særleg i peikebileta, som det på framsida, er det verkeleg sug. Han fører også inn eit lite mysterium på siste sida. Det har jo nettopp vore vår og så var det plutseleg sommar og sola sprakk – men på biletet er det allereie komme haustblad og rognebær...

«– Jeg sa Ole» er ei rik bok som både vaksne og barn kan lesa om att fleire gonger og stadig finne noko nytt i. Her er det mat for mange sansar. Øystein S. Ziener har ei historie å fortelje, ei viktig historie, og han vel å fortelje ho slik at eit barn kan få utbytte av det utan at det er nokon påtrengjande bodskap. Ziener er på parti med lesaren. Kjempeflott!

Marte Mona

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |