Dag og Tid nr. 48, 27. november 1997

På tomannshand:
Fårikål med ein frilansar

Johannes Gjerdåker (61) kallar seg frilansar, men hadde han hatt fire bein, kunne han ha hatt eitt på Voss, eitt i Iran, eitt i Skottland og eitt på Island.
I haust fekk han den norske gjendiktingsprisen for omsetjinga av den skotske nasjonalskalden Robert Burns’ songar og dikt. Tidlegare har han sett om ei barnebok frå islandsk, og no kjem vossingen med ei bok som er omsett frå persisk.


OTTAR FYLLINGSNES

Det er ein mørk ettermiddag midt i november. Det regnar lett. På Voss går smalahoveproduksjonen for fullt. På Vangen har butikkane førjuls-ope. På hotella er dei i full gang med å stella i stand til julebord. I restauranten på Park Hotel er det ikkje plass til vanlege svoltne, og me hamnar på den populære anti-kjøtkake-kafeen. Lokalhistorikaren, forfattaren, forleggjaren, omsetjaren og kulturmedarbeidaren leitar seg gjennom den moterette menyen med tex-mex, res-pa-tex og mex-tex, eller kva det var, men til fånyttes. Resignert vender han tilbake til «dagens».

– Eg trur eg tek fårikål, seier han.

Johannes Gjerdåker hevar sjeldan røysta. Han høyrer ikkje til blant dei som har brølt seg fram her i livet, men han reagerer når han finn det nødvendig. Det skjedde den gongen Dag og Tid gav att eit negativt sitat om Tor Jonsson-biografien han gav ut på forlaget sitt, «Vestanbok forlag». Då vart forleggjaren på Voss arg, men det vart Halldis Moren Vesaas også.

På Park Hotel gjev ei hyggeleg dame oss løyve til å ta sauen og ølet med oss ut frå den støyande kafeen, gjennom restauranten og inn i pianobaren. Der er det fred og ro enno ei stund.

Det er ikkje dagen for verken feitt flesk eller store ord. Sauen og kålen er utmerkt. Vossingane kan både svi, koka og pepra. Tradisjonsmaten får til og med meir enn godkjent frå den lokale eksperten.

Ikkje alle bygder har ein lokalhistorikar som vender blikket utover; ein internasjonal lokalhistorikar, men det har vossingane.

Etter studietida i Oslo, vende Johannes Gjerdåker tilbake til heimbygda, og der har han budd dei siste 20 åra. På slutten av 70-talet gav han ut si eiga diktsamling, men sidan har han vigd seg til gjendiktingar. I 1980 etablerte han «Vestanbok Forlag». I tida etterpå gav Gjerdåker ut ei rekkje bøker, men no har han lagt forlaget på is.

Han har blant anna vore sterkt engasjert i målsaka, og har drive som Ivar Aasen-granskar. I lokalavisa «Hordaland» har han si eiga spalte der han skriv både om språk og dikting.

For nokre år sidan fekk han den kommunale kulturprisen, og då heitte det:

«Han grip det universelt allmennmenneskelege i det nære, heimlege. Han leitar fram det kjende, allmenngyldige i det eksotiske framandvorne. I den lokale kulturdebatten tek han djervt til motmæle når han ottast at utviklinga gjer vald på den verdfulle tradisjonen som kulturbygd. Han står fram som Vossabygda sitt vakne kulturelle samvit.»

Gjerdåker har skrive eit tjuetals bøker; blant anna gardssoge for Vossestrand, Evangerbøkene og «Ålmenn soge for Voss». I tillegg har han gjeve ut eigne lokalhistoriske verk og vore medforfattar for mange lokale jubileumsskrift og lagssoger.

På Nygardstemna i Modalen tidlegare i haust stod Johannes Gjerdåker fram som den store eksperten på diktaren Olav Nygard.

Johannes Gjerdåker høyrer ikkje til blant dei vossingane som aller helst vil setja gjerde kring Vossa-bygda og Vossa-soga. Han har stor glede av å lesa historie frå andre delar av Hordaland også, og dette får hordalendingane nyta godt av. For ei tid sidan var det sogelagsmøte i Nordhordland. Der fortalde Gjerdåker om den store utflyttinga frå Voss til bygdene i Nordhordland på 1700-talet. Denne dagen kjem Johannes Gjerdåker rett frå Mølstertunet. Der har han fortald arkitektstudentar frå Bergen om det gamle folket som budde i tunet.

For nokre år sidan summerte Dag og Tid opp kva for bøker som var bestseljarar på ulike stader i Noreg. På Voss hadde nesten alle dei ti mestseljande bøkene lokal tilknyting. Likevel trur ikkje Gjerdåker at vossingane er meir enn gjennomsnittleg interesserte i lokalhistorie. Han meiner at folk i Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland er minst like interesserte. At vossingane er meir stolte av sitt eige enn andre, har han heller ikkje noko tru på.

– Men det ligg ei livsopplysning i lokalhistoria, seier han.

Johannes Gjerdåker har ikkje berre sysla med lokalhistorie og utanlandsk litteratur. Han har arbeidd både som trikkekonduktør, skogsarbeidar, vektar og korrekturlesar i Dagbladet. Dessutan har han vore lærar både på realskule og gymnas på Voss.

Etter å ha gjort seg ferdig med gymnaset, reiste han til Island for å arbeida på ein gard. Husbondsfolket kunne ikkje anna enn islandsk, og den unge nordmannen måtte læra seg språket. Det skulle visa seg å vera nyttig.

– I islandsk dikting er det mykje godt, slår han fast. Island har med sine om lag 250.000 innbyggjarar nesten like mange forfattarar som Noreg. Dei skriv i alle sjangrar, og dei har til og med opera!

Gjerdåker har sjølv sett om ein fabel av islendingen Olafur Sigurdsson, som fekk Nordisk råds litteraturpris i 1976.

Ei tid abonnerte han på den islandske avisa Morgunbladid, men etter kvart har han mista oversikta over det nyaste nye av islandsk litteratur. Likevel har Gjerdåker teke vare på kontakten med fleire unge islandske lyrikarar.

Kva tråd skal me først gripa fatt i? Spørsmålet fyller den tomme fårikål-tallerkenen, men Johannes Gjerdåker stussar ikkje.

– Robert Burns!

– Eg vert aldri ferdig med Burns. Det er godt å vera oppteken av han. Burns vart berre 37 år, men han hadde ein mangfaldig forfattarskap bak seg då han døydde.

I september vart Gjerdåker heidra med Bastianprisen, den norske omsetjarprisen, for gjendiktinga av Robert Burns (1759-96). Dermed føyer vossingen seg inn i rekkja av Burns-omsetjarar som byrja med Henrik Wergeland og held fram med Olav Nygard (1923) og Hartvig Kiran (1959). Gjerdåker er glad for omsetjarprisen. På førehand hadde han ikkje tenkt tanken ein gong, men prisvinnaren har meir å gle seg over. Det første opplaget «Dikt og songar i utval» er utselt, og Samlaget har trykt nytt opplag. Og meir kan det verta. I dag har Gjerdåker mange nye Burns-omsetjingar liggjande. Kanskje vert det ei bok til av dei også? Det skal finnast kring 650 songar og dikt av Burns. Om lag halvparten er songar.

– Burns er heilt eineståande. Hjå han finn eg ei glede ved språket og ved å forma vers. Meir enn nokon annan diktar står Burns for ei samansmelting av tanke og kjensle. Han blandar vit og løye og er ein stor som satirikar. Burns har evna til å tala direkte til folk.

– Er Burns vanskeleg å omsetja?

– Det finst Burns-dikt som er omtrent umogelege å setja om. Rimbreva inneheld dei største utfordringane.

Johannes Gjerdåker har vore oppteken av Robert Burns i meir enn 40 år. Nesten like lenge har han arbeidd med gjendiktingar. Den første Burns-songen han tok for seg var «A man is man for all that», og det skjedde på 60-talet.

– I denne songen uttrykkjer Burns solidaritet med alle menneske i alle land. Det er noko svært fint, sant og rett med denne songen. Sidan tok eg for meg eit rimbrev, der Burns let assosiasjonane strøyma friare. Burns er ein dyktig observatør. Han formidlar det han ser på ein svært klar måte, ofte med humor.

Heime på Voss har Gjerdåker ei fyldig samling av det som er skrive om nasjonalskalden, særleg av det som skottane har skrive. Vossingen følgjer med i den internasjonale Burns-forskinga og fortel særleg om god Burns-forsking i Tyskland, men det finst fleire Burns-spesialistar; minst ein franskmann og fleire amerikanarar. Johannes Gjerdåker kjenner til dei fleste. Han fortel om ein ny giv i Burns-forskinga på 50-talet, og at det framleis kjem stadig nye forskingsresultat.

Johannes Gjerdåker oppdaga Burns i diktantologien «The Golden Treasure» på gymnaset på 50-talet.

– På den tida las eg også Olav Nygards fine omsetjingar av Burns. Sidan har eg alltid sett Nygard høgt. Burns og Nygard er svært ulike, men dei har noko felles. Det er noko i karakteren, men det er også gleda over språket og dei gode versa.

Robert Burns dukkar stadig opp i nye samanhengar. Under olympiaden i Tokyo i 1964 brukte dei «Auld Lang Syne» som kjenningsmelodi. Japanarane trudde det var ein japansk melodi. Like sidan han vart gjendikta til japansk i 1906, har Burns hatt eit stort publikum i Japan. Japanarane har dessutan brukt ein Burns-song for å signalisera grønt lys for fotgjengarane i gatekryssa.

– Også i Russland er Burns populær. Bøkene kjem ut i opplag på 100.000. Burns appellerer både til hjarte og hjerne, og difor har han fått eit universelt publikum. Både lærde og ulærde, kvinner og menn, europearar, asiatar og afrikanarar er like glade i han. Hjå Burns er det enkelt, men samstundes heilt klart tenkt. Ein av Burns-spesialistane hevdar at Burns er den minst transcendentale av alle diktarar. Kanskje er det noko i det. I alle fall er han så open at eg meiner å kjenna han betre enn andre diktarar. Han vender seg mot menneskelivet slik me lever det. Tonane utdjupar tekstane som får større dimensjonar når ein høyrer melodien.

Då dei to folketonesamlarane, Johnsen og Thomsen, spurde Burns om han ville samarbeida, svara han ja med ein gong. Han korresponderte med dei og dikta nye tekstar som høvde til melodiane.

– Kanskje var det berre att nokre få ord, ei line eller eit refreng då samlarane kom over folketonen. Mange av melodiane er svært vakre. Burns sørgde for at melodiane fekk dei orda som dei fortente.

Alle kjenner «Auld Lang Syne», med den ualminneleg vakre melodien. I uvanleg grad går melodien i eitt med diktet. Ein av dei fremste Burns-forskarane, David Dayches, skreiv ei stor bok om Burns på 50-talet. Han meiner at Burns' 50 beste songar er dei 50 beste songane i verda. Mange er samde med han i det.

I fjor var det 200 år sidan Robert Burns døydde, og dette vart markert på ulikt vis i ulike delar av verda. På Voss stod kvinnekoret Schola Collegium med solistar for ein stor Burns-kveld med mykje musikk og skotske dansarar. Interessa var så stor at ikkje alle kom inn. Då presidenten for alle Burns-klubbane i Skottland kom til Oslo seinare, fekk han høyra om arrangementet. Dette førte til at Johannes Gjerdåker, koret og solistar vart inviterte til Skottland i påska neste år.

Johannes Gjerdåker har vitja Skottland og Burns heimstader mange gonger, og han nemner skotsk som eit eige språk.

– Det gjer skottane også. Rett nok kan ein sjå det som ein dialekt, men det er mange dialektar i Skottland. No har skottane til og med fått Nytestamentet omsett til skotsk.

På Voss finst det flyktningar frå Iran. Truleg er Gjerdåker den einaste vossingen som kan konversera med dei på morsmålet deira.

Denne hausten gjev han ut «Ruba'inat» som inneheld eit biografisk riss og eit utval gjendiktingar av den persiske poeten Omar Khayyam. Det handlar ikkje om ein mann frå dagens Iran, men ein vitskapsmann, astronom og matematikar frå ei fjern fortid. Khayyam vart fødd den 18. mai 1048, og han vart heile 83 år gammal.

– Omar Khayyam er så vidgjeten som diktar for vin og nyting av vin – både i Iran og verda elles – at namnet hans er nytta til symbol og teikn i tusentals skjenkjestover og vertshus. Det har lenge funnest Khayyam-lesarar som ser lovprising av vin som hans eigenlege kjennemerke, skriv Gjerdåker i boka.

Samstundes med at Olav Kyrre avløyste dei verste krigarkongane her heime, fekk Omar Khayyam ansvaret for oppbygginga av eit astronomisk observatorium i Esfahan. Han samarbeidde både med matematikarar og astronomar og kom fram til ein kalender som er i bruk i Iran framleis. Omar Khayyam er eit stort namn i Iran også i dag.

Det var på 70-talet at Johannes Gjerdåker byrja å arbeida med Omar Khayyam. Den engelske arkeologen, Gertrude Bell, får skulda for det som skjedde. På slutten av det førre hundreåret laga ho ei rekkje skildringar frå Midt-Austen og byrja å omsetja Hafiz, den mest kjende persiske lyrikaren. Etter å ha lese desse omsetjingane, fekk Johannes Gjerdåker lyst til å lesa dei persiske dikta på originalspråket. Han sette seg føre å studera persisk ved universitetet i Oslo, og gjorde det.

I novemberkvelden på Voss har julebord-gjestene pynta seg ferdig. I den andre enden av pianobaren har det vorte duk på bordet, blomar i vasane og lys på bordet. Når oppsprita menn og nedvinte kvinner veltar inn, sig me ut. Det er novemberkveld og klokka er snart åtte. Enno er dørene juleopne i Vossa-butikkane.

Etter å ha ølt strupen på ein fredelegare stad, seier eg farvel til Johannes Gjerdåker. Han har det for travelt til å ta turen til poesidagen i Ulvik, fortel han. Når eg kjem til Ulvik dagen etter, er han likevel den første eg ser innafor døra i kurs- og konferansesenteret. Den allsidige vossingen kan brukast til svært mykje. På kortast mogeleg varsel erstattar han ein ung kvinneleg poet som har fått lungebetennelse.

Poesidagen er til minne om Olav H. Hauge, og Einar Økland er programleiar. Han presenterer Johannes Gjerdåker som ei «well kept secret» som lever fleire liv jamsides.

– Me ser minst til det poetiske livet hans. Berre få veit at han har omsett dikt av Oscar Wilde, og at han i 1978 gav ut diktsamlinga «Skot på gammal stuv». Johannes Gjerdåker er ein lesar og ein stor bokkjennar. I den offentlege bokheimen har han lagt eit langt spor etter seg. Det ville ikkje ha vore det same engasjementet om andre skulle ha omsett Robert Burns. Gjerdåker har gjort Burns' dikt og songar til sitt eige. Det er stas at det finst folk som omset frå persisk til norsk. Meir enn dei fleste minner Johannes Gjerdåker om Olav H. Hauge...

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |