Dag og Tid nr. 46, 13. november 1997

Bøker:
Einsemd, sex og internett

Lottomillionæren er ein moderne mytisk figur som ennå ikkje har fått stor plass i den norske litteraturen. I den nye romanen til Anne B. Ragde er hovudpersonen lottomillionær.

Anne B. Ragde:
Bunnforhold
Tiden, 1997


Internett er ein ny arena for nordmannen av i dag, men det er ikkje mange forfattarar som har late karakterane sine delta på han. Anne B. Ragde gjør det med sin. Det inneber at vi har å gjøra med ein romanfigur som har økonomi til å gjøra kva ho vil, og ho har tilgang til eit rom der ho kan gjøra det. Det vil seia, på det vilkår at ho held seg heime.

Og når forteljinga tar til, er det nettopp det ho har gjort. Ho har sete heime utan vidare kontakt med medmenneske og tatt seg fram på nettet. Som følgje av det, har ho fått store kunnskapar om lyn og torevêr, og mens det rasar eit kraftig uvêr ute, tvingar omverda seg inn på henne i form av ein mann frå Oslo som har ringt feil nummer. Dette utviklar seg til eit seksuelt forhold som byggjer på at når partnarane kan vera anonyme for einannan, kan ein godt utfordre tabuområde og søkje nyting som ein elles ikkje ville tatt sjansen på.

Tenning

I alle fall er dette utgangspunktet for Edel, og den som interesserer seg for kva som ligg bak dei vala forfattarar gjør når dei set namn på figurane sine, kan sikkert fundere litt over dette namnet. Bjørn, sjølvaste bamsen, som er i den andre enden av telefonlina, er ikkje så hemma, men det er eit problem for han at kjærasten ikkje er særleg villig til å vera med på seksuelle eksperiment.

Utover i boka går det slag i slag for Edel. Ho stiller seg sjølv spørsmål om kva ho verkeleg tenner på, og tar til følgje dei svara ho får, sjølv om det bryt med førestellingane om kva snille jenter gjør. Ho går ut for å sjekke og kjem i kontakt med folk av begge kjønn. Og ho tenkjer seg, og der har ho nok forfattaren med seg, at det seksuelle mangfaldet blant folk er større enn det til vanleg kan sjå ut til.

Einsam sex

«Bunnforhold» heiter romanen, og Ragde er svært konkret i skildringane av seksuelle aktivitetar. Viss norske kulturdebattantar framleis er interesserte i å diskutere kva som er pornografi, kva som er erotisk utan å vera porno, og kva som skildrar seksualitet utan å vera noen av delane, burde denne boka bli gjenstand for debatt. Eg melder meg gjerne på med ein gong, og eg kan ikkje sjå at dette er ein pornografisk roman. Forfattaren skildrar andre sider ved livet enn det som er vanleg i romanar, men det skulle vera lett å sjå at det ikkje handlar om eit spekulativt produkt. Det er ei utviklingshistorie lesaren blir stilt overfor, ei slags Pygmalionforteljing der det er den passive, den som blir forma, som står i fokus, og der det ikkje dreier seg om sosial, men seksuell danning.

Det er kanskje ikkje så tilfeldig at ein roman som skildrar ein lottomillionær med PC, modem og tastafon kjem til å dreie seg om einsam sex. På sett og vis kan ein seia at «Bunnforhold» er ei svært så puritansk forteljing, rett nok noe kamuflert. For Edel blir slett ikkje lykkelegare av å få mange pengar, og kontaktane ho får via telefon og internett er ikkje akkurat kontaktar som bringar med seg nærheit og varme. Og uansett om det seksuelle registeret hennar blir aldri så utvida, finn Edel ut at det er kjærleik og andre varme kjensler ho saknar.

Barrierebrytande

Anne B. Ragde har skrive om kvinner før, og i dei to førre romanane hennar «– før jeg kommer tilbake» og «Zona Frigida» skildrar ho sterke kvinner som gir seg inn på område der mannen dominerer. Edel i den nye boka er ikkje så sterk, og sjølv om det er mest mannfolk å treffe på nettet, er det ikkje direkte dramatisk for ei kvinne å gå inn. Så på den måten er ikkje boka noen sensasjon, men i og med dei eksplisitte skildringane av sær seksuell aktivitet, er det klart at forfattaren har brote noen barrierar som bidragsytar til den norske litteraturen.

Eg følgde Edel med stor interesse. Ragde skriv godt, og den som ikkje lar seg vippe av pinnen av kåte hundar og noen skvettar urin, kan ikkje la vera å lure på korleis det går med denne kvinna. Og romanen byggjer seg verkeleg opp mot eit klimaks, der hovudpersonen reiser vekk frå telefonen for å stå overfor den mannen som har fungert som motor i utviklinga hennar.

Det er ei stor utfordring for ein forfattar å bringe eit slikt prosjekt i land, og eg kan ikkje hugse når eg sist blei så skuffa under lesinga av ein roman som da eg fann ut at Ragde rett og slett avstår frå å gjøra det. Ho korkje lykkast eller mislykkast, men kjem med noe som mest av alt ser ut som ein gimmick. Det er så ein blir freista til å be ho slå på PC-en sin att for å slette dei to siste sidene og gi ut romanen på nytt. Kan hende er det godt meint. Kan hende har ho lyst til å utfordre og overraske lesaren. Og overraskar gjør ho, men ho øydelegg samtidig noe som elles ville vore ein riktig god roman.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |