Dag og Tid nr. 44, 30. oktober 1997

Rønnaug Kleiva:
Drep, bannar og gret

-- Bestemødrer hugsar at dei ein gong var fulle av faenskap. Verre er det med mødrene, meiner Rønnaug Kleiva.
Ho er nominert til Bragepris for si sjuande barnebok.

CECILIE N. SEINESS

 "Det er ein nydeleg baby, seier Anna, -- men det er sikkert nokon som kunne trenge ein baby meir enn oss." Anna er hovudpersonen i Rønnaug Kleivas siste bok "Ikkje gløym å klappe katten" , ei bok om syskensjalusi. Ho prøver på ulike vis å fortelja at ho slett ikkje er begeistra for systera si. Hadde det vore opp til henne, ville ho ha trilla ungen utfor eit stup. Anna drep humler og kattar, bannar og gret i garderobeskapet. Ein jævelunge, ein sjalu dritunge vil nok mange kalla ho. Forfattaren seier at oppførselen er ein måte å overleva på, for foreldra er ikkje særleg opptekne av Anna lenger.

-- Ungane er ikkje mindre rå enn oss sjølve. Dei er ikkje englar, dei prøver akkurat som oss å få det slik dei vil. Anna er ei heilt alminneleg jente, korkje stygg eller god. Ho drep ikkje katten for å halda bestanden nede, ho drep for at noko må gjerast, for at nokon skal sjå henne. Og ungar bannar, berre gå og høyr i ei gruppe fire-åringar, seier Rønnaug Kleiva.

Mangel på moralisme

Kleiva arbeidde som lærar i Ørsta før ho flytta til Oslo. Ho trur ein del av dei tidlegare kollegaene ristar på hovudet over mangelen på moralisme i den nye boka hennar.

-- Moralen er at dersom ein ser ungane, så oppfører dei seg bra. Dessutan må ein fara fint med både kattar og ungar, men eg moraliserer ikkje over Anna sine gjerningar.

Ho trur at evna til å lesa høgt og engasjert for ungane var hennar sterke side som lærar. Dersom ungane merkar at ein sjølv likar det ein les, vert dei engasjerte, trur ho. Og ho hadde gjerne sett at lærarar las meir for elevane. No er Kleiva forfattar på heiltid, men tykkjer ho har vorte latare og meir avfeldig. Før skreiv ho om kveldane, no kan ho skriva heile dagen, men har likevel vanskeleg for å koma i gang.

-- Eg glor, sa Tarjei Vesaas når han vart spurt om kva han heldt på med. Eg trøstar meg med den utsegna.

Rønnaug Kleiva startar å skriva der det brenn, skriv hulter til bulter og ordnar opp etter kvart. Først kjensler, så struktur, slik er teknikken. Etter å ha skrive legg ho teksten bort og let han mogna som ein fransk ost.

-- Det kjem av og til sprelske innfall. Eg skreiv overskrifter til ei bok på toget mellom Paris og Strasbourg. Eg fniste og lo der eg sat med forretningsmenn med datamaskiner og dress, men for det aller meste er det å skriva eit slit.

Fulle av faenskap

Kleiva trur bestemødrer heller enn mødrer les bøker om slike fantejenter for ungane.

-- Mødrer har eit oppdragarproblem. Bestemødrer, derimot, er meir romslege. Dei kan sjå med kjærleik og forståing på ei slik jente, og hugsar at dei ein gong var fulle av faenskap sjølve, meiner Kleiva som sjølv om ho ikkje er bestemor veit noko om emnet. Ho var nummer tre av fem systrer.

-- Eg er tilnærma fagmann i sjalusi.

Kleiva skriv om "det som brenn akkurat no" , og om det er for barn eller vaksne veit ho ikkje på førehand. Ho skriv tøffare for vaksne, og trekkjer fram dei meir ømme sidene når ho skriv for ungar.

-- Det er rått likevel, men ømmare enn for vaksne, seier ho om barnebøkene.

Kleiva debuterte som barnebokforfattar i 1988 med boka "Fuglane kor dei flyg" . Ein tiåring fortel om folk og dyr, arbeid og leik på ein vestlandsgard. Etter den tid har Kleiva gjeve ut fem barnebøker til. Kleiva skriv om ungar som er einsame, men som klarar seg nokolunde likevel. Dei har det ikkje enkelt. Dei er sårbare, men sterke. "Ikkje gløym å klappe katten" er den sjuande barneboka på ni år frå Kleiva. I tillegg til det har ho skrive fire bøker for vaksne.

Lite omtala i pressa

Nynorske barnebokforfattarar vert oftast korkje rike eller berømte. Kleiva er frustrert over at dei nynorske barnebokforfattarane sel lite, dersom ein ser bort frå innkjøpsordninga til biblioteka.

-- Skulle eg tenkja på pengar og ære, burde eg ha omsett bøkene mine til bokmål, men eg kjem ikkje til å gjera det. Bokmålet kan ikkje vera ein del av skapingsprosessen. Eg kunne omsett bøkene etter at dei var ferdige, men eg ville følt meg litt uvel dersom eg gjorde det.

Slik Kleiva ser det slår nynorsken hardare ut på barnebøker enn på bøker for vaksne.

-- Vaksne folk les begge målformer, dei klarar begge visst dei berre vil. Det vert annleis når vaksne vel for ungane.

Kva som bør gjerast for at fleire skal lese dei nynorske barnebøkene, har ikkje forfattaren noka løysing på. Å appellera til foreldre som har hatt nynorsk som hovudmål og som har flytta til byane, er ein måte. Dessutan treng ungane gode karakterar i sidemål. Difor bør dei lesa nynorske barnebøker òg, meiner Kleiva.

-- Å meistre nynorsk gjer ein meir språkmedviten. Det kan forplanta seg til språk mange foreldre er langt meir opptekne av, som fransk og engelsk, seier Kleiva og smiler.

Eit anna problem med å vera barnebokfattar er at bøkene vert lite melde og lite omtala i pressa. Kleiva har inntrykk av at det vert stadig færre barnebokmeldingar.

-- Meldingane er ofte dumme. Det er ofte ikkje gjort skikkeleg arbeid. Søtt for barna, hyggeleg på sengekanten, søte bilete -- er vanlege karakteristikkar i barnebokmeldingar. Dei skikkelege reaksjonane får ein frå folk som arbeider med barnelitteratur, til dømes lærarane. Den siste boka har berre fått ei melding, men eg har fått mange tilbakemeldingar.

Bra nynorskbøker

Gode barnebøker skal vera gode for både barn og vaksne. Ein skal sleppa å geispa og kjeda seg når ein les på sengekanten.

-- Barnebøker må halda kunstnerisk kvalitet. Språket me omgjev oss med er klisjéfylt, i barnebøker må språket ha meir motstand for å stimulera både barn og vaksne.

Og det gjer mange av barnebøkene for tida. Kleiva tykkjer ikkje det er noko å seia på barnebokkvaliteten i dag.

-- Særleg på den nynorske sida er det mykje bra. Mange eksperimenterer med barnebokforma.

Men ho er misnøgd med at dei aller fleste nynorske barnebøkene kjem ut på Samlaget.

-- Det ville vore sunnare om bøkene kom ut på ulike forlag, og ikkje vart konsentrerte på nynorskforlaget, meiner Kleiva, sjølv om ho karakteriserer miljøet for barnebøker på Samlaget som svært godt.

Biletboka "Ikkje gløym å klappe katten" , som Inger Lise Belsvik har illustrert, er ho nøgd med same kva kritikarane måtte seia.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |