Dag og Tid nr. 42, 16. oktober 1997

Bøker:
Forsøk på avklaring

Dersom du er tilhengjar av at forfattarar bør ha noe vesentleg på hjartet, er Hans Herbjørnsrud den rette forfattaren, skriv Atle Christiansen.

Hans Herbjørnsrud:
Blinddøra
Noveller
Gyldendal


Ein kan sjå mange filmar og lese mange noveller og tenkje: jammen var den filmen og den novella god. Noen dagar etter er både film og novelle gløymt. Godt handverk skil seg ofte ikkje ut verken på den eine eller andre måten. God tidtrøyte får tida til å gå. Les ein Hans Herbjørnsrud blir ein råka på ein heilt annan måte. Nå gir han ut si femte bok sidan debuten i 1979. Årets bok heiter «Blinddøra» og inneheld tre noveller: «Blinddøra», «Avtrykk» og «Kai Sandmo».

Ein forteljar

Herbjørnsrud lagar meir enn godt handverk. Stilreint handverk er skjult bak eit ureint kunstverk som har andre mål enn å vere reint og fint. Herbjørnsrud diktar. Derfor overraskar han. Han skriv ikkje fine noveller. Han lagar langsame, poetiske, forteljande, drøftande og dramatiske tekstar der han nøstar opp ei forteljing som lesaren forstår er viktig for dei personane som forteljinga handlar om. Vi har med ein forteljar som trur på forteljinga å gjere. Forteljinga forklarer. Forteljinga kan avklare. Herbjørnsrud skriv uelegante noveller om uhyrlege hendingar. Novellene hans handlar ofte om å utløyse, frigjere, avsløre, finne og forstå noe som det er nødvendig å utløyse, frigjere, avsløre, finne og forstå.

Hans Herbjørnsrud skriv replikkar som rissar opp spenningar, nervar og erotikk mellom personane som snakkar. Han fortel og refererer presist. Og han skildrar og sansar situasjonar og sinnstilstandar bilderikt og assosiativt som ein poet. I tillegg skiftar han frå referat og forteljing til kommentar og forklaring lik ein essayist. Sagt på ein annan måte: Ein kan ikkje lese Herbjørnsrud utelukkande som novellist. Herbjørnsrud er fullkommen urein. Nesten kvar einaste side mimar alle dei ulike stil- og språknivå og sjangrar som står til rådvelde for ein følsam forfattar med hovudet på den rette plassen.

Eit kaldt gufs

Tittelnovella, «Blinddøra», er ei av desse Herbjørnsrud-novellene som handlar om å vekkje til live ei historie som ligg gøymd bak tid og ting. Den same «vekkje til live»-tematikken finn vi mellom anna i den formidable novella «På gamletun i Europa» (1992). Det er ikkje godt å seie om det er fortida som innhentar personane, eller om det er personane som hentar inn fortida. Sannsynlegvis er det litt av begge delar. Hovudpersonen i «Blinddøra» har vel kome til at det er på tide å utløyse historia som ligg gøymd bak blinddøra. Den attlatne døra er blitt så altfor attlaten. Ting og tid er ikkje likegyldige storleikar. Den attlatne blinddøra skjuler ei historie og ei erfaring som held sinnet til hovudpersonen lukka. Det står eit kaldt gufs omkring novellene til Herbjørnsrud, eit gufs som kanskje mest av alt minner om ekle skrekkfilmar og psykologiske og sosiale spenningar som er gått i vranglås. Det er ikkje alltid det hjelper med ein låsesmed. Noen gonger gjer ikkje forteljinga meir enn å forklare. Avklaringa let vente på seg.

For ikkje å skuffe di eiga lesarforventning, trur eg det er lurt å gløyme kva ei novelle er før du les novellene til Hans Herbjørnsrud. Novellene hans veks langt utover novella. Lesaren bør ikkje forvente verken det korte eller det pregnante hos Herbjørnsrud. Funderingar over korleis novella skal bli kort, kraftig og overraskande ser ikkje ut til å vere spørsmål han har stilt til tekstane sine. Han har ei forteljing han vil fortelje, og forteljinga krev sin plass. Tittelnovella, «Blinddøra», går frå side 7 til 83. «Avtrykk» frå side 84 til 115, og den klassiske herbjørnsrudske brevnovella, «Kai Sandmo», tar opp plassen frå side 116 til 166.

Uavklart

Konklusjon: Herbjørnsrud er ikkje av dei forfattarane som skriv vanskeleg og uklart. Forteljingane hans kan derimot gjerne slutte uavklarte, og det som er vanskeleg blir ikkje forenkla. Dersom du vil lese noe anna enn ei vanleg novellesamling, er «Blinddøra» den rette boka. Dersom du i tillegg er tilhengjar av at forfattarar bør ha noe vesentleg på hjartet, er Herbjørnsrud den rette forfattaren. Dersom du dessutan meiner at ein forfattar bør ha like mye i hovudet som på hjartet, er dette din forfattar.

Spådom: Hans Herbjørnsrud får Kritikarprisen for årets bok, og blir innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |