Dag og Tid nr. 40, 10. oktober 1997

Teater:
Eit ordspel

Premierane står i kø i nybygget til Trøndelag Teater. Studioscenen opnar med å sleppe til ei ny, norsk dramatikarrøyst. «En umulig gutt» av Petter S. Rosenlund er lovande, morosam og tragisk.

Trøndelag Teater:
En umulig gutt
av Petter S. Rosenlund
Regi: Trond Birkedal
Scenografi: Per Kristian Solbakken


«En ny stemme i det lille kammerkoret av norske samtidsdramatikere skal alltid hilses velkommen,» skriv teatersjef Ola B. Johannessen i programmet. Statistikken syner at det framleis er dei gamle (og døde) mennene som rår grunnen i norsk teaterrepertoar. Korleis skal ein utvikle nye talent når det til dei gradar skortar på teatersjefar med vilje til å sleppe fram nye folk? Ola B. Johannessen tok over sjefsstolen på Trøndelag Teater med nett «ny, norsk dramatikk» som eit av programpunkta sine. Han skal ha all ære av at han frå starten av gjer røyndom av orda sine. Og med «En umulig gutt» av Petter S. Rosenlund som fyrste oppsetjing på den nye studioscena lovar det ikkje så verst.

Scenerommet er ei oppleving i seg sjølv, slik scenograf Per Kristian Solbakken har utnytta det. Eit firkanta stykke sjukehusrøyndom står fritt, ja nesten svevar, midt i rommet. Som om scenografen har nytta betongsag og skore ut ein bete på 5 x 5 x 5 meter, komplett med armert betonggolv og betongtak, kabelbruer, ventilasjonsrøyr og nedfora himling med kvite akustikkplater. Og mellom golv og tak: eit kvitt undersøkingsrom med ein brisk, bada i kaldt og kvitt sjukehuslys.

Øydelagd barndom

Inn på sjukestova kjem ei mor med sin åtte år gamle gut, Jim, eller eigentleg Jimmy (av di bestefaren syntest han likna på Carter!) Guten høyrer ikkje, seier mora. Men det syner seg snart at det er ikkje øyra til Jim det er noko gale med. Heller er det den fikse og tekkelege mora som har problem, og den oppveksten gutungen får, er til å grine av. Det har da også sett spor i han. Samtidig bråkar legen og sjukesystera med eit høgrøysta og problematisk kjærleiksforhold dei har på si.

Det er bestefaren Jim ikkje høyrer. Og når gubben entrar arenaen på jakt etter den elska dottera si, Sylvia, er det ikkje vanskeleg å forstå reaksjonen til Jimmy. Bestefaren er eit autoritært svin med pen fasade og ein dugeleg dose besteborgarlege fordommar. Kristeleg er han til alt overmål. Dottera bur heime framleis og bli behandla som ein tenåring. Bestefaren meiner Jim er ein djevelunge som har øydelagt livet til Sylvia og ført skam over far hennar. Samtidig freistar han med lokk og slag å få Jim til å sitje på fanget og oppføre seg som bestebarn skal i lag med bestefar sin.

Her tenkjer alle på sine eigne problem. Sjukesystera er mest oppteken av at ho snart er midt i trettiåra og enno ugift. Men i auga til Jim blir ho ein engel, hans «elskede» og den einaste som har forstått han.

Høgt tempo

Historia høyrest forvirrande ut, og det er ho også. I rein farsestil ballar det på seg, stadig nye element forverra situasjonen, og poenga blir kjørte ut i sine absurde ytterpunkt. Slik held stykket på interessa. Det kjem nye poeng å more seg over nesten heile tida, sjølv om det ofte balanserer på kanten til å bli for oppskrudd, heseblesande og dumt. Og mot slutten tippar det over for meg, det må seiast.

Til tider er det hylande morosamt, samstundes som temaet er djupt tragisk. Rytmen er halden gjennomført kjapp. Vi blir stadig tekne litt på senga, og det er ein viktig del av sjarmen og komikken i stykket. Godt jobba av instruktør Trond Birkedal.

Men først og fremst ligg komikken i teksten til Rosenlund. Det er tydeleg at han er fascinert av korleis vi omgir oss med ord. Ord som kanskje tyder noko heilt anna enn det vi meiner. Kommunikasjon som ikkje kommuniserer. Rosenlund vrir og vender på daglegdagse uttrykk og set dei opp mot kvarandre: «Elsker du meg?» «Jeg er jo gift!» Slik kler han naken det irrasjonelle i veremåten vår. Men Rosenlund står sjølv i fare for å forelske seg i orda for deira eiga skuld. Innimellom blir det vel mykje ordspel.

Den ironiske generasjonen

«En umulig gutt» handlar mykje om draumen om eit vellukka liv. Rosenlund vrengjer og vrir på personane sine normer og moralkonvensjonar, og syner oss kor latterlege dei er. Det er i tradisjonen til Brecht å setje samfunnet i tragikomisk relieff på denne måten. Og det slår meg at dette er gjort av ein representant for den mykje omtala ironiske generasjonen. Petter S. Rosenlund er 30 år, og har fjernsynsbakgrunn. Mellom anna har han arbeidd i U-redaksjonen i NRK, som vekte oppsikt med kjapt biletspråk og skeive kameraføringar.

I rolla som åtteåringen Jim møter vi 26 år gamle Even Lynne Amundsen, rykande fersk frå teaterskulen. Her i debutframsyninga si gjer han ein imponerande innsats. Heile kroppsspråket, blikket, skrapinga med foten og dei nydelege små vridingane når ein av dei vaksne skal ta i han skaper ein så overtydande gutunge du skulle tru det var mogeleg for ein kar på 1,80. Grethe Nordberg som sjukepleiaren Cecilie er debutant ho òg. Ho har meir problem både med rytmen og med litt overspel. Dei tre andre skodespelarane, Marit Jaastad som mora, John Yngvar Fearnley som bestefaren og Håkon Ramstad som legen gjer alle solide rolletolkingar.

For oss som blei ikkje så reint lite matt av mastodont-framsyninga «West Side Story» på teatrets hovudscene, er det desto meir gledeleg å sjå at teatersjefen er innstilt på å sleppe til anna enn det mest kommersielle i det dyre, nye huset sitt. Rosenlund er ein penn vi kan komme til å høyre meir frå. Viss han altså får lov.
Johannes Smidt

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |