Dag og Tid nr. 39, 25. september 1997

Gunnar Garbo
Vonbroten over Venstre

Framleis omtalar Gunnar Garbo (73) seg som ein radikal venstremann, men han rosar Senterpartiet for å føra ein god Venstre-politikk.
– Betre enn Venstre?
– Ja, betre enn Venstre dei siste åra, seier den tidlegare Venstre-formannen.

OTTAR FYLLINGSNES

Det er lenge sidan Gunnar Garbo forsvann frå avis-overskriftene, men for nokre veker sidan kom det ei innkalling til ein pressekonferanse. Garbo hadde skrive bok som han gav ut på Senterpartiets forlag, Cultura.

– Nehei, seier han avvæpnande når eg spør om det ligg eit partiskifte i dette. Det var tilfeldigheiter som gjorde at boka kom ut på Cultura og ikkje på Aschehoug.

«Til venstre for Venstre. Erindringer og tanker fra politiske kampår» heiter boka, og her skriv Garbo om saker som skapte bølgjer i det politiske Noreg frå slutten av femtitalet og fram til byrjinga av syttitalet. Han rippar opp i debatten om innføring av atomvåpen, om Stortingets behandling av den amerikanske bombinga av Vietnam, men også om korleis Venstre vart sprengt i EU-saka.

– Kanskje kunne partikløyvinga vore unngått, men me låste oss inne i kvar våre båsar. Konfliktane byrja i 1968 med ungdomsopprør og radikalisering av Unge Venstre. Dette førte til aukande spenning og konflikt mellom ungdommane i partiet og Venstre-medlemmene i regjeringa som stadig måtte inngå kompromiss. I EU-saka fekk me skiljelinjer tvers gjennom partiet. Etter kvart vart det til at me som var nei-folk sette oss blant nei-folka i Stortingsrestauranten. Tilsvarande gjorde ja-sida. Den daglege tillitsfulle samtalen gjekk tapt. Denne tendensen kom til å gå altfor langt; så langt at ein ikkje kunne snakka fortruleg saman. Der kan eg godt vedgå at eg gjorde store feil, seier Gunnar Garbo.

Han var formann i Venstre frå 1964 til 1970. I 1973 forlet Garbo Stortinget. Han vart embetsmann og underdirektør i Utanriksdepartementet. Dermed vart det naturleg å vera meir tilbakehalden i partipolitikken.

I dag bur Gunnar Garbo idyllisk i sjøkanten på Nesodden like utanfor Oslo. Ein smal og kronglut veg fører ned mot huset. Der dukkar det først opp ein tømmerportal, deretter ei kvit hytte, ein oselvar og eit stort brunt hus. Her deler Garbo og kona Birgit Brock-Utne hus, hage, kontor og brygge.

Det er fem år sidan Garbo forlet ambassadørposten i Tanzania for å gå over til eit aktivt liv som pensjonist. På stovebordet ligg «The Washington Post». I hyllene har pensjonisten både «The New York Book Review» og «Guardian Weekly». Den tidlegare Venstre-leiaren følgjer godt med både når det gjeld politikk og nye bøker. Innimellom held han førelesingar om internasjonale spørsmål og bistand. Nyleg var han på universitetet i Oslo for å halda ei diskusjonsinnleiing om gjeldsspørsmålet. Ein av dagane dukkar han opp i Mosjøen for å snakka om demokratiseringa i Sør. Garbo har også vore med i ei rådgjevande gruppe for Norsk Folkehjelp.

– Eg prøver å halda meg oppdatert om både bistand- og FN-spørsmål, seier han.

Trass i både høgredreiinga og tilbakegangen for Venstre, har Gunnar Garbo aldri meldt seg ut av partiet. I all rosen av Senterpartiet legg han vekt på den viljen partiet har vist til å styra mot eit meir rettferdig og harmonisk samfunn. Dessutan finn han både miljøprofilen til Senterpartiet og den kritiske haldninga til frisleppet av marknadskreftene prisverdig.

– Senterpartiet har slått inn på ein veldig fin kurs som er i godt samsvar med gamle Venstre-tradisjonar. Partiet har overteke mykje av det som var verdfullt i Venstre.

– Med slik tale høyrest det ut som om du røysta på Senterpartiet?

Den gamle Venstre-hovdingen ler og seier at valet er hemmeleg, før han vedgår å ha røysta på Anne Enger Lahnstein.

– Eg er ein sterk tilhengar av sentrums-alternativet. Dermed vart det viktig å støtta den kandidaten som trong det mest.

– Er du misnøgd med dagens Venstre?

– Eg er skuffa. Venstre har gått altfor langt til høgre. Eg var «rysta» over Lars Sponheims sterke flørt med Høgre i valkampen. Vona mi er at han sluttar med dette når Venstre no går inn i sentrumsregjeringa. I valkampen vart det lagt altfor stor vekt på taktiske omsyn, og det gjekk utover sakene. Eg har likevel god von om at sentrumsregjeringa kan føra ein skikkeleg progressiv politikk, med både nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

– Det er kanskje freistande å nærma seg politikken på nytt?

– Det hadde vore freistande, men det er ikkje aktuelt. Eg har vore politisk aktiv både som tilsett i utanrikstenesta og som pensjonist. Eg har tenkt, debattert, halde foredrag og skrive bøker.

Dagens Venstre er ikkje det partiet ein opplevde på 70-talet. Får ein Venstre-representant taletid i to sekund på fjernsynet, framstår han som hakk i plata: «Små og mellomstore bedrifter».

– Har Venstres grøne profil vorte heilt borte?

– Det er veldig trist at det har vorte slik, men eg vonar at partiet i samarbeid med KrF og Sp kjem til å samla seg om dei sakene som Venstre kjempa for i sine beste dagar.

– Gav du nokon gong opp håpet om at Venstre skulle koma tilbake på Stortinget?

– Politiske parti er utruleg seigliva, men partiet i seg sjølv er ikkje det viktigaste. Det er sakene som partiet står for, som er viktigast. Skal det vera nokon meining i at Venstre kjem tilbake i Stortinget med styrke, må partiet stå for noko som er viktig.

– Gjer Venstre det i dag?

– Det er mykje fint og godt i programmet til Venstre. Likevel synest eg at partiet har vore for høgreorientert i valkampen.

– Er det seks lyseblå Venstre-representantar som møter i det nye Stortinget?

– Eg kjenner dei for lite til å vita det. Det er ein ny generasjon. Om eitt år veit me meir om det...

I ei lang årrekkje har Gunnar Garbo vore sterkt oppteken av internasjonale spørsmål. Han meiner at det er heilt opplagt at ei sentrumsregjering kjem til å vera betre enn den førre når det gjeld Sør-politikk og bistand.

– Me har sett det i Stortinget. Sp, KrF og SV har danna ein meir progressiv leiartropp i slike spørsmål. I utanrikskomiteen har dei gjeve uttrykk for langt større vilje til å syna forståing for folka i Sør. Dei har også uttrykt skepsis når Verdsbanken har pålagt dei fattige folka drastisk privatisering. Venstre har ikkje vore representert i utanrikskomiteen, men eg tvilar ikkje på at partiet står på den same lina som Sp og KrF.

Dessutan vonar Garbo at sentrumsregjeringa kjem til å stogga bygginga av gasskraftverka og halda dei miljømåla som Noreg har gått inn for internasjonalt. Han vonar også at den nye regjeringa prøver å hindra Schengen-avtalen.

– Sentrumsregjeringa vert ei mindretalsregjering. Dei premissane regjeringa kjem til å leggja, vert svært viktige. Difor må dei sørgja for ei kritisk førebuing av kontroversielle saker og leggja fram opplegg som gjer det vanskeleg for stortingsfleirtalet å gå imot. Arbeidarpartiet har godt av ein periode i opposisjon. Kanskje kan det føra til ei tilnærming til meir tradisjonelt sosialdemokratiske verdiar.

– Du synest at Ap har vorte for liberalistisk?

– Ja, «bevare meg vel!» I ei rekkje saker har Ap vore heilt på line med Høgre.

– Kan ein periode i opposisjon føra til ei radikalisering av Ap?

– Ja, det har me sett før. I den augneblinken eit regjeringsparti kjem i opposisjon, kjenner det seg friare til å ta meir dristige standpunkt. Også opposisjonen i partiet kjem lettare til uttrykk. Det er viktig at me no får ei kritisk regjering som ikkje held fram EU-tilpassinga på alle mogelege felt. Også på det punktet er det svært viktig å sitja i regjeringskontora og leggja opp premissane for avgjerdene i Stortinget.

– Mange hevdar at EU-tilpassinga er uunngåeleg?

– Det burde det ikkje vera. Det er merkverdige, men i 30-40 år har eit fleirtal i det norske folk vore mot norsk EU-medlemskap, medan ei dominerande fleirtal i Stortinget har hatt eit anna syn. Heile denne tida har me hatt eit svært dårleg samsvar mellom folkemeininga og Stortinget. Det er ei viktig forklaring på at EU-tilpassinga har fått halda fram såpass uforstyrra. I tillegg kan det vel henda at ein del av nei-folka blant stortingsrepresentantane ikkje har identifisert seg sterkt nok med dei positive verdiane som var hovudgrunnen til å seia nei til EU-medlemskap.

– I EØS-samanheng har Noreg sjansen til å leggja ned veto. Så langt har denne retten ikkje vorte brukt. Bør han brukast?

– Det må vurderast frå sak til sak. Når det gjeld genmanipulert mat og matvarekosmetikk, er det svært viktig å ha ei føre-vâr stilling. Me har full rett til å bruka dette vetoet, og det kan absolutt vera rett å gjera det.

– Trur du at sentrumsregjeringa kjem til å nytta vetoet?

– Det torer eg ikkje spå noko om, men eg synest at me må kunna følgja våre eiga line i dei sakene som gjeld Schengenavtalen og matsminkedirektiva. Eg kan ikkje skjøna at det skaper uløyselege motsetnader.

Gunnar Garbo har god tru på at ei sentrumsregjering kjem til å overleva meir enn nokre få månader.

– I Korvaldregjeringa, det einaste døme på ei norsk sentrumsregjering, fungerte samarbeidet svært godt, trass i at dei hadde stortingsfleirtalet mot seg.

– Ville du lika å sjå Lars Sponheim som finansminister?

– Eg trur det ville vera ei grei og naturleg oppgåve for Venstres leiar, men skal både Lars Sponheim og Odd Einar Dørum inn i regjeringa, har ingen av dei seks Venstre-representantane røynsle frå Stortinget.

I desse dagar står striden om statsrådpostane i den nye regjeringa. For Venstre si skuld må ein vona at det går betre enn det gjorde i 1965. Den gongen kom partiet inn med 18 representantar, men regjeringa vart ikkje slik partiet hadde tenkt seg. I Venstre tenkte dei seg Bent Røiseland som statsminister, men det lukkast ikkje. For kulturradikalarane i Venstre var det dessutan svært viktig at KrFs' Kjell Bondevik ikkje vart kyrkje- og undervisningsminister, men han fekk nett den posten.

– Det vart ein utriveleg strid. Det var ikkje uvilje mot personen Bondevik som låg bak. Han var både dyktig og heiderleg. Det var eit praktisk og prinsipielt spørsmål om korleis ein skulle setja saman ei koalisjonsregjering. Etter mitt syn burde ikkje Senterpartiet få styra Landbruksdepartementet. KrF burde heller ikkje få styra Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

– Du har fortida di i Venstre, men du røystar Sp. Kva parti held du med når statsrådpostane skal delast ut?

– Først og fremst er eg for sentrumsregjeringa. Eg vonar at dei finn fram til det som sameinar, og fører vidare linene frå Korvaldregjeringa. Går dei tilbake til framtidsprogrammet for denne regjeringa, finn dei ei oppskrift på den grunnlina som den nye regjeringa bør følgja. Det vil seia at dei må ha vilje til å dempa den økonomiske veksten ut frå omsyn til miljøet og dei fattige. Ei ny regjering bør gjera noko med den store auken i ressursforbruket, og dessutan gå inn for ei skikkeleg fordeling av rikdomen. Eg er «rysta» over kor lett Regjeringa og Stortinget har late dei rikaste sleppa unna skattlegginga. I dag er aksjeutbyttet skattefritt, medan lønsmottakarar må betala skatt. Det er både opprørande og urimeleg. Etter den andre verdskrigen heldt Ap-regjeringa lenge fast på utbytte-regulering. Eg vonar at regjeringa har vilje til å gjennomføra ein meir solidarisk skattepolitikk. Eg håpar dessutan at regjeringa gjer sitt til å redusera arbeidsløysa. For Ap verkar det som om tre prosent arbeidsløyse er eit naturleg og tilfredsstillande nivå. Alle som kan og vil, bør få jobb.

Gunnar Garbo avslutta karrieren i utanrikstenesta som ambassadør i Tanzania. Han trur at vennskapen med afrikanarane er det viktigaste inntrykket som sit att; den varmen og gleda som dei utstrålte.

– Sjølv for små ting var dei svært glade og takksame. Det minna meg om at dei viktigaste verdiane ikkje er knytte til pengar og store materielle verdiar. Elles opplevde eg kor svake og hjelpelause dei afrikanske landa er overfor dei overvektige kreditorane på den nordlege halvkula. Eg lærte at det er viktigast å stilla seg solidarisk med dei svake nasjonane.

– Det har vorte sett fram krav om at Noreg bør sletta gjelda til u-landa?

– På det feltet har me vore altfor tilbakehaldne. Den norske regjeringa har hevda at Noreg ikkje kan ettergje gjelda aleine. Gjer Noreg det, kan u-landa bruka dei norske pengane til å betala den gjelda dei har til andre rike land. Tek alle eit slikt standpunkt, kjem ein ikkje nokon veg. Nokon bør gå føre og ta eit moralsk rett standpunkt. Det er moralsk opprørande når fattige land må ta maten ut av munnen på underernærte barn for å betala gjelda til oss. Også på dette feltet har eg forventningar til den nye regjeringa. Sp og KrF har saman med SV gått inn for at gjeldslette ikkje skal gå utover bistandsbudsjettet. Desse partia har vore langt meir opne for røyndommen i Sør enn den sitjande regjeringa. Det er heilt nødvendig med overføringar frå den rike til den fattige verda for å skapa nokolunde rettferd. Difor er det rett med ein auke i u-hjelpa. Bistanden frå OECD-landa har gått ned frå 0,35 prosent av BNP for nokre år sidan til 0,25 prosent. Det er snakk om ein drastisk og opprørande nedgang. Det er på tida at me kjem fram til ein solidarisk, global utjamningspolitikk. Det trengst ei overføring frå rike til fattige område, på same måten som me har det i vårt eige land. Me oppfattar helst bistand som at snille nordmenn reiser nedover og gjer ting slik me meiner at dei skal gjerast. Eg mislikar sterkt at bistanden vert brukt til politisk overstyring.

Venstre-veteranen meiner det må vera ei målsetjing å få i stand ein automatikk i overføringane til FN og fattige land. Han nemner det som har vorte kalla Tobin-skatten, eit forslag til internasjonal skattlegging som har vore greidd ut internasjonalt. I dette forslaget går ein inn for ei avgift på internasjonale valutatransaksjonar, ei lita avgift som kan gje store inntekter. Ei slik avgift kan dessutan verka som ei bremse på dei reint spekulative pengeplasseringane.

– Storparten av det som skjer når det gjeld flytting av pengar, gjeld ikkje investeringar og handel, men spekulasjon i kursendringar, seier Gunnar Garbo.

Dei siste åra har han skrive tre bøker: Om makt og bistand, om FN og no om Venstre.

I haust startar han på eit nytt bokprosjekt. Denne gongen vender bergensaren tilbake til Bergen og krigens dagar. I 1941 vart Gunnar Garbos far vart avretta av tyskarane utanfor Bergen. Den nye boka skal handla om historia bak dette drapet, om ulovlege aviser og om korleis forfattaren sjølv opplevde krigen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |