Dag og Tid nr. 39, 25. september 1997

Bøker:
Kven skal avsanne mytane?

Når noko først har kome inn i historie-bøkene, har det lett for å bli ståande i lang tid sjølv om nyare forsking viser at det er feil.

Årbok for Gudbrandsdalen
Redaktør: Arvid Ødegaard
Dølaringen Boklag

Slik har til dømes forskingsresultat, som den unge nasjonen Noreg hadde bruk for til å styrke sjølvkjensla, vorte ståande, sjølv om nyare forsking viser eit anna bilete.

Dette er eitt av mange dilemma som redaktørane for dei mange og gode lokalhistoriske årbøkene må leve med. Også når ein driv med lokalhistorie, kjem ein inn på den generelle noregshistoria. Og i god tru skriv ein det ein har lært. Men så viser det seg altså at det ein lærte på skulen, ikkje lenger er sanninga.

Eg vil tru at lokalbokredaktørane synest at ein kritikk på dette området er svært urettvis. Dei legg ned ein stor og ubetalt innsats, og lagar gode og verdifulle årbøker. Kven kan forlange at dei i tillegg skal halde seg a jour med alt som kjem av generelle forskingsresultat, når dei profesjonelle faghistorikarane knapt nok greier det? Men på den andre sida: Det er synd om dei elles så gode årbøkene skal vere med på å halde i live mytar, så mykje meir som bøkene kunne vere ein god kanal for å spreie nye forskingsresultat til ein interessert lesarkrins. Om dette er eit stort eller eit lite problem, veit eg ikkje. Men eg gjer meg tankar om dette når eg les årets utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen. Her er det døme på både mytar og avsanning av mytar.

Bygdene, ikkje staten, eig utmarka

Det er bygdene og ikkje staten som eig fjellviddene. Dette er hovudbodskapen i ein presis og veldokumentert artikkel av Fritjov Sørbø. Frå ein juridisk vinkel nærmar han seg problemstillinga gjennom eit praktisk døme frå Dovre. Når bygdene ikkje har fått gjennomslag for sine interesser i rettssystemet, kjem det nett-opp av at rettsprinsippa byggjer på den historiske myten at Noreg var eit ordna rettssamfunn alt i den niande hundreåret.

Namnetolkingane

Det er over 25 år sidan Eivind Vågslid kom med bøkene sine der han reviderer store delar av tolkingslæra rundt norske gardsnamn. Litt enkelt kan vi seie at Vågslid meiner at bøndene slett ikkje kalla opp gardane sine etter gamle gudar slik den rådande læra gjekk ut på, men etter former i naturen. I staden for å inspirere denne engasjerte og nytenkjande mannen, stritta delar av det akademiske miljøet imot. Vågslid gav seinare ut ein del av brevvekslinga, og det er pinleg lesing. Det er eit eksempel på korleis eit universitetsmiljø bruker makt og posisjonar for å stengje til og med for debatt. Trass i dette har Vågslid no fått tilslutning, og om ikkje alle er hundre prosent samde i alt Vågslid hevda, er det neppe tvil om at hovudbodskapen hans er rett. Likevel er tolkingane hans forbausande lite kjende. Det kan naturlegvis også skuldast at Odin, Tor og gudehov er så mykje meir spennande og dramatisk enn søkk og haugar i landskapet.

I ein artikkel går Jon Feiring gjennom ein del namn som det har vore vanleg å tolke mytologisk, og drøftar dei mot Vågslid sine tolkingar. Feiring er maskinentreprenør, og som Vågslid er han ein praktisk mann som ikkje er redd for å ta på seg gummistøvlane. Han «går opp» gardsnamna i terrenget, og må gje Vågslid rett. Dette er viktig stoff.

Gudehova ein myte

At det er ulike syn på tolkinga av gardsnamn, har ikkje Gro Stangeland fått med seg i ein oversiktleg artikkel om mellomalderkyrkjene i dalen. Her blir det slått fast utan atterhald at Ullinsvin i Vågå har namnet etter guden Ull. Når ho også, utan atterhald, slår fast at det var eit hov på staden, er ho truleg også offer for mytar. Alt i 1966 forsvarte noverande riksantikvar i Danmark, Olaf Olsen, ei doktoravhandling der han hevda at det var vanskeleg å påvise at det skulle vere noko samband mellom heidenske kultstader og kristne kyrkjer slik det hadde vore vanleg å tru. Og ikkje berre det. Han meiner at det ikkje har vore snakk om nokre eigne gudehov i det heile. Ordet hov er i denne samanheng ein gildesal der overklassa kanskje kan ha dyrka heidenske gudar, men det var ikkje snakk om ein permanent kultplass. (Gardsnamn med hov meiner Vågslid berre viser til ein haug i landskapet.)

 Asbjørnsen ein tabloidjournalist

At Eventyr-Asbjørnsen hadde det same forhold til informantane sine som ein moderne tabloidjournalist har til intervjuobjekta, har vore kjent blant fagfolk på området. Men dei opplysingane Birger Sivertsen legg fram i ein artikkel om Hans Hansen Pillarviken, er neppe allment kjende. Asbjørnsen braut glatt alle avtaler om korleis stoffet skulle presenterast, og gjorde sitt beste for å latterleggjere dei som hadde hjelpt han. I rammeforteljingane blir dei karikert på det grovaste, likevel slik at dei er lette å kjenne igjen. Pillarviken var ein av dei som tok seg svært nær av dette.

Pillarviken var lærar, og ein av elevane hans var Paul Botten-Hansen. Om han fortel Astrid Sæther. Botten-Hansen fekk mykje å seie for danninga av Kultur-Noreg generelt, og for Henrik Ibsen spesielt.

Personlege minne

Mange gudbrandsdølar er nok for blyge til å fortelje om sin eigen familie i nær fortid. Men det gjer Torgeir T. Garmo i ein svært så lesverdig og morosam artikkel om korleis familien byggjer opp Fossheim Turisthotell, og om livet bak kulissene der. Fossheim er mellom anna også arbeidsstaden til den ikkje ukjende Arne Brimi.

I det heile synest eg at dei personlege minneartiklane er mellom dei mest spennande. I tillegg til Garmo sin artikkel er det artiklar av lærarinna Torlaug Kvandalsvold frå Bøverdalen, og bonden Johannes Bjørke frå Sør-Fron. Dei to siste er artiklar som Landslaget for lokalhistorie har fått inn.

Lett å gløyme samtida

Det er spennande å lese slikt som grensar opp til samtida. Det gjer at ein også hugsar så mykje meir sjølv. Men når kulturarven er så stor, er det lett å gløyme det nære. Her er det mykje spennande å ta fatt på. For eksempel er det alt 35 år sidan dei første gitarbanda tok over etter trekkspelarane på dansefestane. Eg skulle ønskje at dei som var med på dette, kunne skrive.

Den 65. Årboka for Gudbrandsdalen er, nær sagt som vanleg, både variert og spennande. Biletredaktøren Kristan Hosar har også lagt stort arbeid i å få fram gode illustrasjonar.
Gard Espeland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |