Dag og Tid nr. 37, 11. september 1997

Valkamp:
Når måling skaper meining

Kritiske røyster hevar seg i protest mot galluptyranniet.

PER ANDERS TODAL

Aldri før har meiningsmålingane sett så sterkt preg på ein norsk valkamp som i år. Nye tal frå Opinion, Scanfact og andre byrå slår kvarandre i hovudet nesten dagleg. Korleis verkar alle desse tala inn på valkampen, og korleis reagerer veljarane?

-- Meiningsmålingane er med på å tømme den politiske arenaen for saker, meiner William Lafferty. Han er professor i statsvitskap, og har mellom anna forska på demokrati og politisk deltaking.

-- Når meiningsmålingane blir så sentrale i mediebiletet som no, får vi ei form for uttømming av den konstruktive dialogen og den gode retorikken. Ingen klarer no å få gjennomslag med å snakke om saker dei er brennande opptekne av. Fokus er flytta til makt- og styringsspørsmåla, til kva regjeringsalternativ som er mulige og realistiske.

Lafferty framhevar Kristeleg Folkeparti som eit godt døme på denne endringa.

-- KrF har tradisjonelt ført valkamp basert på verdiar og hjartesaker. No er Kjell Magne Bondevik fange av regjeringsspekulasjonane, og må nytte all tida si til å kommentere gallupar.

Mykje gallup, lite sak

Fleire politikarar klagar over denne utviklinga av valkampen, mellom anna Anne Enger Lahnstein.

-- Da eg skulle halde ein pressekonferanse om den sprengde bustadmarknaden i storbyane, møtte pressefolka opp berre for å spørje meg kva eg tykte om dei siste galluptala for Senterpartiet. Da er det klart det er vanskeleg å få i gang debattar, seier Lahnstein.

Kjell Magne Bondevik har uttalt at han er redd meiningsmålingane påverkar veljarane meir enn sakene gjer. Også leiarane i Høgre, AP og SV har gjeve uttrykk for at galluphysteriet har gått for langt.

-- Tek ikkje partia sjølve omsyn til meiningsmålingane når dei legg opp strategien?

-- Det gjer dei så absolutt, meiner William Lafferty.

-- Dei gode galluptala til Framstegspartiet var jo slik sett ei gåve til Arbeidarpartiet. Dei gjorde det mogleg for Jagland å definere Framstegspartiet som ein hovudmotstandar, noko dei ikkje kunne gjort om Frp hadde fem prosent oppslutning. Slik kunne Arbeidarpartiet få eit visst ideologisk preg på valkampen sin, noko dei elles stort sett manglar.

Taktisk røysting

-- På kva måte blir veljarane påverka av alle meiningsmålingane?

-- Det er det delte syn på. På eine sida kan ein oppleve at mange vil hengje seg på ei medgangsbølgje for eit parti, på den andre kan du sjå veljarar strøyme til eit parti det går dårleg for. Dette vil vere situasjonsavhengig.

Lafferty trur at meiningsmålingane kan føre til eit sterkare innslag av taktisk røysting.

-- I større grad enn før blir røystinga eit slags rasjonelt, strategisk val, heller enn eit uttrykk for ideologisk overtyding.

Lafferty meiner dessutan at også svara folk gjev i meiningsmålingane kan vere strategiske, og at dette kan vere ei viktig feilkjelde.

-- Dei fleste har no fått ei større forståing av kva meiningsmålingar er for noko, og korleis dei blir nytta. Eg trur folk som blir spurte ofte tenkjer: «Kva signal vil eg sende ut no», og svarar deretter, sjølv om dei ikkje ville røyste slik i val. Det galluphoppet vi såg for Frp i sommar, kan ha vore eit resultat av dette, meiner Lafferty.

Høna og egget

I tillegg til sjølve galluptala, er media no fulle av meir eller mindre kvalifiserte ekspertar som tolkar tala frå dag til dag. Ein av dei mest nytta fagfolka i kommentatorbransjen er valforskaren Frank Aarebrot. Han ser meir positivt på meiningsmålingane sin funksjon.

-- Eg er samd i at meiningsmålingane påverkar valkampen, det kan ein vanskeleg nekte for. Eg meiner likevel at dei hovudsakleg verkar som ein slags katalysator, at dei berre får fart på endringar som allereie var på veg. Dette er ein slags høna og egget-debatt, og eg vil hevde at det er folk si meiningsdanning som kjem først.

Aarebrot viser til Framstegspartibølgja i sommar for å illustrere dette.

-- Denne endringa skjedde midt på sommaren, i ein periode da det ikkje var meiningsmålingar i det heile. Da gallupane tok til att, hadde brått Frp gjort eit kjempehopp. Folk hadde snakka saman, og gjort seg opp ei meining.

Meiningsmålingane kan vere gode og nyttige reiskapar for partia, meiner Frank Aarebrot.

-- Desse målingane er jo berre ein slags marknadsundersøkingar som gjer det mogleg for partia å finne ut korleis dei ligg an. Ei avis nyttar òg marknadsundersøkingar for å finne ut kva folk synest.

-- Men avisene vil ikkje alltid leggje om innhaldet i leiarartiklane sine om det går dårleg ei tid?

-- Det gjer dei. Elles kjem kemneren på døra før eller sidan. Sjå på korleis det har gått med dei partia som ignorerer meiningsmålingane heilt. Senterpartiet har dura i veg på same bodskapen om EU og miljø i årevis, utan å lytte til gallupane. Da går det heller dårleg.

Aarebrot meiner å kunne spore ei omlegging i retorikken til Sosialistisk Venstreparti i valkampen i år, som han trur kom som direkte følgje av dårlege galluptal.

-- Inntrykket mitt er at SV var på veg mot ei slags sjølvstendelinje, der dei ikkje skulle vere støtteparti for Regjeringa lenger. Så tok dei til å vippe ned mot sperregrensa på målingane, dermed endra Kristin Halvorsen retning, og SV skulle framleis vere eit støtteparti for AP.

-- Er ikkje slik politisk manøvrering problematisk?

-- Det må vel vere bra for partia at dei får vite om tendensar tidleg, så dei kan mobilisere litt ekstra? SV ville neppe fått Hanna Kvanmo opp frå Sørlandet, om dei ikkje låg dårleg an på målingane.

-- Har gått over styr

-- Eg synest bruken av meiningsmålingane no har gått litt over styr, meiner Ottar Hellevik. Han er professor i statsvitskap, og er i tillegg tilknytt Markeds- og mediainstituttet.

-- Stort sett meiner eg meiningsmålingane fungerer i demokratiet si teneste. Men når målingane kjem dagleg, og i tillegg blir tolka i det vide og breie, synest eg ikkje det har noko for seg. Det blir skrive ein heil masse om endringar som kan vere heilt tilfeldige, seier Hellevik. Han meiner journalistar godt kunne slutte å plage politikarane til å kommentere meiningsmålingar fleire gonger om dagen.

-- Nokon fare for demokratiet trur eg likevel ikkje gallupane er. Tvert om, i mange situasjonar kan dei vere det motsette. Sjå til dømes på EU-striden. Om ikkje meiningsmålingane hadde vist stemninga i opinionen, kunne lett mediebiletet gjeve inntrykk av at stemninga i Noreg var overvegande positiv til EU-medlemskap, meiner Ottar Hellevik.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |