Dag og Tid nr. 35, 28. august 1997

Statsstipendiatane:
Utstøytte, men med glupe påhitt

-- Statsstipendiatane er frykteleg fattige. Intelligentsiaen i dette landet utgjer ein forskremt og mållaus underklasse, seier leiaren i Norsk Statsstipendiatforening, Frode Strømnes.

CECILIE N. SEINESS

Det er om lag 60 statsstipendiatar her i landet. Frode Strømnes er ein av dei, han arbeider med samanliknande språkpsykologi i Volda. Statsstipendiatane arbeider med dei underlegaste og mest alminnelege emne; mellom anna arkeologi, fysikk, antropologi, læstadianisme, folkemusikk, kinesisk lyrikk, synsforsking og kosmologi.

Hus i fare

Folkemusikar Knut Buen, forfattarane Jan Erik Vold og Finn Carling, den samiske biletkunstnaren Iver Jåks, skribent Karin-Christine Friele og kulturarbeidar Liv Dommersnes er nokre av dei om lag 60 med langtidsoppgåver, som ikkje kastar av seg med ei gong.

-- Ordninga har vorte dårlegare med åra. Kulturdepartementet riv ho ned. Me har ordna oss slik i dette landet at dei som har hovud til det, går andre vegar enn den akademiske, seier Strømnes.

Sjølv har han så store økonomiske vanskar fordi han vier heile arbeidstida til språkpsykologien, at han ikkje er sikker på kor lenge han kan behalda huset sitt.

For det er eit slikt val mange av statsstipendiatane har: Anten må dei gjera fagleg arbeid under kummerlege vilkår, eller så må dei ta anna arbeid ved sida av og få lite tid til det arbeidet dei eigentleg ynskjer å halda på med, fortel Strømnes.

Statsstipend heile livet

-- Hadde det ikkje vore for at nokon fekk stipend til å stulla med eit eller anna, så hadde me enno sete i holer med steinøkser. Utan statsstipend hadde med til dømes ikkje hatt nynorsken, seier Strømnes. Ivar Aasen var ein tidleg «statsstipendiat». Frå 1842 til 1850 fekk han stipend frå Vitskapsselskapet i Trondheim for å granska folkespråka her i landet. Deretter fekk han statsstipend resten av livet. Dette er berre eitt av døma Strømnes gjev på viktig stipendstødd arbeid. Poenget med slike stipend er at kunstnarar, granskarar, oppfinnarar og andre skal få høve til å arbeida med prosjekt som ikkje treng å gje avkasting med det same.

Slik ordninga er i dag, kan ein sjølv finna ut at ein vil verta statsstipendiat, men andre må søkja for ein. Frode Strømnes meiner at å verta statsstipendiat er noko av det vanskelegaste ein kan forsøka på.

-- Etter tradisjonen er to vilkår avgjerande for om ein får eit slikt stipend. For det første må ein vera ein original person. I våre dagar er det mest uråd. For det andre må ein vera full av glupe påhitt og gjerne uglesett av kollegaer. Det hjelper, seier Frode Strømnes.

Men det er ikkje nok. For i tillegg må to-tre «glupe fagfolk» søkja om at ein skal få statsstipend. Dei gjer departementet merksam på at ein person har gjort eit viktig arbeid, og at det ville vera fint om personen kunne halda fram med arbeidet. Kvart år får tre-fire nye fagpersonar statsstipend. Departementet innstiller for Stortinget at ein person skal få slikt stipend.

-- Søknaden vert send inn, så vert han liggjande. Eg venta i ti år. Eg var svært glad for å få stipendet, men det er nedbrytande å ikkje ha nok midlar til å arbeida skikkeleg. Eg har ikkje høve til å arbeida i laboratorium og eg har ikkje midlar til ein assistent, fortel Strømnes.

Han meiner at Kulturdepartementet, som administrerer ordninga, held på med eit forskingstiltak.

-- Eit slikt som bonden, som gav hesten eit strå mindre kvar dag, til slutt kreperte hesten. Stipendordningane her i landet er i ei baklekse i heile den siviliserte verda. Det gjeld kunstnarstipend òg. No freistar departementet å bøta på dårlege kunstnarstipend med å gje nokre kunstnarar statsstipend, meiner Strømnes.

-- Statsstipend til kunstnarar dekkjer over dei dårlege kunstnarstipenda me har her i landet, seier han.

Må betala for tankar

30 av statsstipendiatane får løn etter statens regulativ. Dei andre får ein fast årleg sum, frå 85.000 kroner til 120.000 i året. Alle utgifter statsstipendiatane har i arbeidet sitt må dei dekkja av inntekta. Dei får ikkje noko driftstilskot som kan dekkja utgifter til laboratorium, reiser, bøker, tidsskrift, kopiering og kostnader med å skaffa seg artiklar innan emnet sitt.

-- Driftsutgiftene til intellektuelle er større enn vanlege folk kan førestella seg. Skal ein ha tankar, må samfunnet betala for det, seier Strømnes.

At statsstipendiatane ikkje får dekt driftstilskotet, gjer det vanskeleg for dei å vera ein del av eit arbeidsmiljø. Institusjonar vegrar seg mot å ta imot folk som ikkje får driftstilskot.

Statsstipendiatforeninga meiner at stipenda ikkje samsvarar med den kompetansen statsstipendiatane har. Dette er noko av det statsstipendiatane si foreining vil endra. Samstundes ynskjer dei mellom anna at krava til å få slik løn må vera særs høge, at ein kan søkja personleg om å verta statsstipendiat og at eit driftstilskot skal vera med i ordninga. Ein vanske med ordninga slik ho er no, er at dei som vart statsstipendiatar etter 1991, miss tilskotet ved overgang til pensjonsalder. Dette vil ikkje Norsk Statsstipendiatforening godta. Statsstipendiatar som ikkje har fått opparbeidd seg pensjonspoeng, får ein mager alderdom.

Måtte avbryta arbeid

Olav Christophersen er ein av dei frustrerte statsstipendiatane. Han arbeider med medisinske problem som har med ernæring å gjera, mellom anna behandling av AIDS med kosthald.

-- I utgangspunktet skal statsstipendet dekkja utgifter til livsopphaldet og utgifter i samband med arbeidet. No dekkjer det ikkje nokon av delane. I periodar har det vore sterkt hemmande. Eg har måtte avbryta prosjekt, som kunne fått viktige samfunnsmessige følgjer.

Christophersen har arbeidd med behandling av AIDS-ramma, som kunne vera økonomisk mogleg å gjennomføra i fattige land. Behandlinga er ikkje dyre medisinar, men eit tilskot i ernæringa som kunne forlengja levetida og minka smittefaren.

-- Det er mogleg å utvikla eit næringstilskot som kostar lite og som kunne gjera overlevingstida lengre for AIDS-ramma, og dermed hindra at så mange barn vert foreldrelause.

Nytteverdi

Slik Christophersen ser det, er omsynet til statsstipendiaten noko, men det viktige i denne samanhengen er den samfunnsmessige nytteverdien av arbeidet denne gruppa gjer.

-- Samfunnet tapar på at statsstipendiatane ikkje får gjennomført arbeidet sitt.

Christophersen er sikker på at hadde han hatt betre moglegheiter til å gjera arbeidet skikkeleg, så ville den helse-økonomiske vinsten av arbeidet hans vera langt større enn samla utgifter til skikkeleg løn til alle statsstipendiatane her i Noreg.

-- Slik det er no, er det umogleg å både leva og arbeida av statsstipendet, seier Christophersen.

-- Dette er eit problem for statsstipendiaten, familiane til statsstipendiaten og samfunnet. Dette er ikkje ei gruppe sosialklientar. Alle statsstipendiatar har gode kvalifikasjonar. Statsstipendiatane burde få løn som andre med tilsvarande kvalifikasjonar. Dei burde vore lønna som universitetslærarar, meiner han.

Rein idealisme

Dagne Groven Myhren med doktorgrad på Wergeland og 25 års undervisningsansiennitet, seier at statsstipendordninga ikkje har vorte følgd opp, men har enda i bakleksa. Ho fekk 80.000 kroner året i statsstipend i 1991, og var svært glad for det. Ho hadde vona ho etter kvart ville koma over i fastlønssystemet, men det har ikkje skjedd. Groven Myhren meiner løna ikkje står i forhold til kvalifikasjonane ho har. Ho er litteraturforskar, folkemusikar og har ansvaret for Eivind Grovens institutt.

-- Det er mest fornærmeleg. Rein idealisme gjer at eg held fram.

Eg kunne vorte rektor på ein skule, eg kunne vorte kultursjef, men eg ynskjer å vera ein fri kulturarbeidar; å gjera det eg trur er viktig. Men dersom det skal drivast kulturarbeid, må ein ha til eksistensminimum. Eg underviser på universitetet i tillegg til å vera statsstipendiat. Løna mi er 150.000 brutto i året, seier Dagne Groven Myhren.

-- Eg kunne like godt gå på arbeidsløysetrygd. Akademikarane er dei som har kome i bakleksa på arbeidsmarknaden i dag. Folk med høge løner er i næringslivet. Dette er ei uanstendig behandling av høgt kvalifiserte folk, seier Groven Myhren, som er redd Frp sin kulturpolitikk.

-- Me statsstipendiatar er ei lita, gløymd og usynleg gruppe. Me kan ikkje gå i demonstrasjonstog. Det dreier seg om ei gruppe ressurspersonar samfunnet bør vera glad for å ha. Medan graset gror, døyr kua, seier Groven Myhren.

Vil sjå på ordninga

Sigve Gramstad, ekspedisjonssjef i Kulturdepartementet, seier at Kunstnarmeldinga frå 1996/97 signaliserer at statsstipendordninga skal reviderast. Kva tid det skjer eller kva ei slik revisjon skal innebera, veit ikkje Gramstad noko om.

-- Alle ordningar bør sjåast over, denne også, men det er ikkje uttrykt noko politisk ynskje om å revidera ordninga, seier Sigve Gramstad .

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |