Dag og Tid nr. 35, 28. august 1997

På tomannshand:
Fyrtårnet i vest

Det første opprøret til Torstein Dahle var å melde seg inn i Unge Høyre. Etter at han møtte marxismen på Handelshøgskulen, har det mest gått i raudt. I ti år har Dahle vore eit høgt akta bystyremedlem for RV i Bergen, og i 25 år har han undervist i eit økonomisk system han hatar. I yrkeslivet har Dahle slåst for å unngå maktposisjonar.
No vil han inn på Stortinget.

TEKST OG FOTO: PER ANDERS TODAL

Kan eg by på kaffi? Eg håpar du likar han sterk? Kanna blir lita i neven til Torstein Dahle. Han ruvar to meter og tre centimeter i høgda, utan å krumme ryggen særleg av den grunn. Dahle spanderer sterk kaffi i kontorlokala til Skatteetatskulen i Bergen. Her i fjerde etasje i Folkets Hus brukar han til dagleg arbeidstida si til å undervise likningsfunksjonærar i det norske skattesystemet.

-- Sjølve undervisninga ser eg reint profesjonelt på, men eg trur det er få i Noreg som er klare over kor urettferdig skattesystemet eigentleg verkar, seier Dahle.

-- I praksis er det snakk om ei enorm omfordeling frå vanlege folk til kapitaleigarane. Dersom alle inntekter vart belasta likt, ville staten få godt over 50 milliardar ekstra i skatteinntekter. Minstepensjonistar som jobbar må skatte for meirinntektene sine, medan rikfolk kan take ut titals millionar i aksjeutbytte utan å betale ei krone i skatt.

Femtiåringen Torstein Dahle kan nok vere ein sint siviløkonom. Men om orda gjerne er krasse, er røysta hans mjuk og argumentasjonen hans roleg og tydeleg. Revolusjonær, javisst, men med eit uvanleg mildt og menneskeleg andlet. Det finst visstnok pene Bergensfruer i Kalfaret som røystar på Torstein, for han er jo slik ein hyggeleg og danna mann.

Det er ein lummer fredag ettermiddag i Bergen, dette. Raud Valallianse har nett starta valkampen sin i Hordaland, og plakatar med bilete av Torstein Dahle heng rundt på vegger og plankegjerde. Biletet er ein ikkje særleg elegant fotomontasje, der førstekandidaten lenar seg fram over Stortingsbygget med eit småsjenert smil. Plakatane er på fornamn med Torstein, slik temmeleg mange bergensarar er det. Du treng liksom ikkje vere så veldig revolusjonær for å røyste på Torstein -- i lokalval, i det minste. Bergensarane lit på den raude siviløkonomen sin, sjølv om han kjem frå Lambertseter og aldri har skarra på ein einaste ærr.

Det måtte ein del omvegar til før unge Dahle fann ut kva han ville i verda. Ein av dei gjekk via hamneområdet i Oslo.

-- Dette med økonomien starta eigentleg med at eg var hekta på båtar, seier Dahle.

-- Da eg var liten gut på femtitalet, brukte far min ofte å take meg med langs hamna i Oslo, berre så eg skulle få sjå på båtane der. For å halde meg oppdatert, tok eg til å lese skipslistene i Norsk Handels- og Sjøfartstidende. Så kom interessa for økonomi på kjøpet.

Den unge Dahle vart faktisk såpass hekta at han tok til å vanke på Oslo Børs -- som 14-åring.

-- Jau, det er unekteleg litt absurd. Men eg vart godt teken imot der inne. Børsen var jo ein nokså støvete plass på denne tida, så dei som jobba der tykte det var vittig at ein ungdom som meg skulle kome og spørje og grave.

Deretter følgde eit medlemskap i Lambertseter Unge Høgre, og kva anna kunne vel ein ung, økonomi-interessert høgremann gjere enn å søkje seg til Noregs Handelshøgskule i Bergen? Dahle tok fatt på studiet i 1966, og nye tankar låg og ulma i oska etter dei framstegsoptimistiske femtiåra.

-- Eg brukar å seie at eg kom til sans og samling på Handelshøgskulen. Eg vart på ein måte berga av 68-bølgja. Det er viktig å hugse at NHH den gongen var noko ganske anna enn i dag, med ein intens politisk aktivitet.

To sentrale erkjenningar kom til Torstein Dahle i løpet av studietida. Den eine var at han høyrde til langt ute på den politiske venstresida, og den andre var at han var homofil.

-- For så vidt var det vel ein samanheng der. Ein god ven på Handelshøgskulen hadde kontakt med miljøet kring det nyetablerte AKP(ml), og han vart innfallsporten min til marxismen. I tillegg måtte eg etter kvart innrømme for meg sjølv at eg var forelska i denne venen, og at det dels var difor han hadde såpass sterk påverknadskraft.

Etter ei tid vart det naturleg for Dahle å stå fram som homofil. Eit nokså modig val for ein ung økonom med høg profil i skulemiljøet, men nødvendig.

-- Eg såg det vel som nødvendig å hevde retten min til å leve ut kjærleik og seksualitet på linje med andre, seier Dahle, som stort sett har møtt støtte for dette standpunktet i det politiske livet sitt.

Torstein Dahle kom fort med i ymse typar organisasjonsliv ved Handelshøgskulen, og vart i 1969 leiar for studentforeininga ved skulen.

-- Eit definitivt høgdepunkt for meg var da foreininga løyvde tusen kroner i støtte til dei streikande gruvearbeidarane i Kiruna. Og det var til og med ein ulovleg streik, ler Dahle.

Det vart kjempa mang ein politisk strid mellom dei unge økonomspirane i desse åra. Det var kvinnekamp, det var Vietnamkrig, det var EEC-debatt, og folk sat helst ikkje ved same kantinebord som meiningsmotstandarane sine. Når storbedriftene kom på visittar for å plukke kvikke hovud til gode jobbar, var det ikkje særskilt velsett å lefle for mykje med dei. I dag står studentane i kø for å få sleikje skosolane til spennande og utfordrande bedrifter som Shell og Coca Cola.

-- Dei økonomiske utdanningane i Noreg har nok etter kvart fått eit visst religiøst preg, seier Torstein Dahle, som sjølv har forelese ved både NHH og BI i Bergen i ei årrekkje.

-- Det er dessverre ting som tyder på at desse skulane fungerer sterkt indoktrinerande. Visst finst det økonomar som tenkjer annleis rundt i landet, men dei som er knytte til makta fungerer stort sett som eit presteskap der alle er samde om det meste, meiner Dahle.

-- Det er opplese og vedteke at vi ikkje kan bruke for mykje på sjukehus og eldreomsorg, for da blir det inflasjon. Men 20 milliardar til Gardermoen går derimot greitt, og det same gjeld investeringar på 21-22 milliardar i året på opprusting av varehandelen.

Noregs Handelshøgskule høyrer utan tvil til blant dei fremste råvareleverandørane til det norske maktapparatet. Av dei gamle studiekameratane til Torstein Dahle, er det ikkje få som i dag sit sentralt plassert i toppstillingar i norsk næringsliv. Eller i media.

-- Olav Gran-Olsson gjekk på skulen i mi tid. Han var ein flink fyr, men hadde visse motførestellingar mot å bli ferdig med økonomifaga. Eg hjelpte han litt i sluttfasen, minnast Dahle, som ikkje er særleg nøgd med den seinare utviklinga til Gran-Olsson.

-- Det var jo skuffande å sjå at han skulle bli eit slikt mikrofonstativ for makta, med dette evinnelege «men er dette nok»-spørsmålet sitt kvar gong det er snakk om innstrammingar som råkar arbeidsfolk. Han har spelt ei viktig rolle i formidlinga av økonomistoff ut til folk, og ofte har dette vore fullstendig misvisande, seier Dahle.

-- Det har blitt framstilt som om staten hadde det trongt i periodar med svære overskot. Det vart sagt at folk sitt forbruk var grunnen til underskota på budsjetta i slutten av 70-åra, medan det var dei enorme investeringane i Nordsjøen som var årsaka.

Dahle har av og til tydd til George Orwell sitt omgrep nytale frå boka «1984» for å karakterisere ein del nyare norsk regjeringsretorikk.

-- Det er mykje horribel ordpynting ute og går. Dei kallar det solidaritetsalternativ når dei gjev arbeidsfolk lågare lønstillegg, og dei kallar det desentralisering av makt når dei reduserer kommunane sin handlefridom. Denne misbruken av ord er frykteleg, fordi det får folk til å miste respekten for ting som er viktige.

Orwell sin skrekkvisjon «1984» blir oftare assosiert med kommunistiske samfunn enn med vårt eige. Men i motsetnad til mange andre, er det få ting Dahle angrar på frå AKP-tida si på 70-talet.

-- Stort sett er eg stolt. Vi gjorde feil, og vi var naive på ein del punkt, men i hovudsak ser eg det som ei verdifull, engasjert tid. Eg har liten sans for dei som er mest ivrige etter å krype til krossen no i ettertid. Framstillinga av AKP i seinare år er forresten paradoksal. Dels er det ei latterleggjering, dels blir det framstilt som om vi var ein reell trussel mot samfunnet. Det verkar som om ein del folk vart alvorleg skremde den gongen, og ikkje har tilgjeve oss enno.

I Bergen er det i dag ikkje mange som set spørsmålsteikn ved integriteten til Torstein Dahle, eller ved viljen hans til å gjere det han meiner er rett. Også dei politiske motstandarane hans i bystyret i Bergen har respekt for Dahle sine evner, sjølv om dei i blant synest det blir mykje av han -- få, om nokon representantar har vore så mykje på talarstolen i bystyret som Dahle i dei siste ti åra.

-- Det må vel eigentleg bli sånn. Dersom du representerer eit lite parti som RV, er det ingen andre som seier dei tinga du synest må seiast. Det same gjeld Erling Folkvord i Stortinget. Ingen på Tinget er oppe på talarstolen oftare enn han.

Dahle har ingen illusjonar om å kunne utrette mirakel, dersom han skulle bli valt inn.

-- Men likevel trengst RV på Stortinget, det har Erling vore med på å vise. Det handlar blant anna om å konfrontere folk med alternative standpunkt. Dersom vi hadde vore på tinget da den nye energilova vart vedteken, ville ikkje utfallet blitt eit einstemmig ja. SV og Senterpartiet ville fått langt større problem med det vedtaket, dersom RV hadde vore der med eit alternativt syn. Det same gjeld vedtaket om å søkje om EØS-forhandlingar.

RV og Torstein Dahle ønskjer å vere ein spydspiss inn det parlamentariske systemet, ein døropnar for dei som ikkje så lett kjem til orde, eit talerør for folket. Torstein Dahle karakteriserer Framstegspartiets monopol i rolla som folkets talerør mot makt som ei aldeles frykteleg misforståing.

-- Frp har vore flinke til å take utgangspunkt i folk sin misnøye og fortviling. Dei har køyrt bra på saker som eldreomsorg og sjukeheimar, ting folk er opptekne av. Men dette er utstillingsvindauget. Bak der lurer marknadsliberalismen i all sin gru. Når dei offentlege tenestene blir bygde ned eller lagt ut til private anbod, er det dei eldre og andre svake grupper som får svi.

Dahle meiner Arbeidarpartiet har mykje av skulda for FrP-framgangen, gjennom å legitimere mykje av det Hagen og kompani står for.

-- AP har jo på mange område ført Frp-politikk, og følgjene av knefallet deira for marknaden tek til å bli tydelege. Når ei lita bygd misser postkontoret sitt og kollektivtransporten blir nedbygd, er det dei eldre dette råkar hardast.

Dei som kjenner Dahle framhevar gjerne kor snill han er, og den store viljen hans til å hjelpe om han kan. Av og til overstig viljen evna, blir det sagt. Men han trur ikkje han er for snill for Stortinget.

-- I bystyret klarer eg som regel å vere rett fram når det trengst, men eg har rett nok litt vanskeleg for å seie nei til folk som spør om hjelp. Det skal eg innrømme.

Ein god del jobbtilbod har han likevel makta å seie nei til oppigjennom åra. Tilbod som innebar meir prestisje, betre løn, dei tinga dei fleste av oss siklar etter. Torstein Dahle takka nei.

-- Eg gjorde eit val for lenge sidan i forhold til dette. Eg ville aldri plassere meg i ei slik stilling at eg kunne bli nøydd til å gå ut mot vanlege folk på eitt eller anna tidspunkt. Det inneber til dømes at eg ikkje vil take ein jobb med personaladministrasjon.

Dahle medgir at slike integritetskrav kan vere vanskelege å leve etter.

-- Du kan jo til dømes seie at undervisninga mi har handla om å skolere folk i utbytting. Men for meg har grensa gått ved personalleiing. Kvar gong eg ser bra folk hamne i ein administrativ toppjobb eller vert informasjonssjef eller slikt, da grøssar eg. Informasjonssjef må vere det verste. Å vere makta sitt andlet utover på den måten, ville gjort meg sprø.

Klokka nærmar seg seks. Utanfor Folkets Hus, i den klamme augustvarmen, går kvar fjerde bergensar og tenkjer på å røyste på Carl I. Hagen. RV sin førstekandidat Torstein Dahle gjer seg klar til å take helg og tenkje valkamp. Det manglar nokre prosent på meiningsmålingane enno, det trengst nokre fleire pene fruer i Kalfaret som vil røyste revolusjonært. Torstein har ein jobb å gjere.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |