Dag og Tid nr. 34, 21. august 1997

Film:
Suggererande stemme i svart/kvitt

Det er ikkje alltid roseraudt å reise til barndommen på ferie.

Naustet
Regi: Trygve Hagen
Novellefilm
Produsent: Filmhuset A/S

Eg har sett denne filmen to gonger. Først under oppsummeringa etter kortfilmfestivalen i Grimstad på Rockefeller i Oslo. Då kom "Naustet" som ein kvalitetsfilm, eit kvileskjær, mellom filmar som mangla innhald eller form eller begge deler. Andre gongen sat eg godt i ein stor kinosal på Filmens Hus, med god lyd og utan å bli uroa av vandrande ølglas.

Og lyden er det som slår meg i Filmens Hus. Lyden av hammaren mot valsen på skrivemaskina. Lyden av knoken på døra når mora bankar på guterommet til Atle. Atle som har fått denne uroa over seg på første side av romanen, frå første bilete i filmen.

Når dei svart/kvite bileta rullar over lerretet, tenkjer eg at "Naustet" aldri kunne ha vore laga i fargar, utan at eg kan forklare kvifor. Vestlandssommaren er like varm, grøn, blå og solrik utan fargar. Og sterkare enn skildringa av barndommens famlande "kyss, klapp og klem" , er skildringa av det å kome heim og møtest att.

Sjalusi

Knut-en (Bjørn Willberg Andersen) kjem heim att på sommarferie for første gong på mange år med kone og to døtrer, slentrande gange og tungt sinn. Heimfødigen Atle (Jørgen Langhelle), klumpete og sjenert, sparkar i grusen før han seier: "Eg får vel koma meg heim" -- altfor fort. Kona til Knut'en, Ingrid, (Anne Krigsvoll), er smilande, direkte, flørtande, og kan vippe fleire enn ungkaren, som alltid har budd heime hjå ho mor, av pinnen.

Sjalusien blir tema på nytt når dei to barndomsvennene møtest. I ungdomstida var Knut-en meir frampå, og tok frå Atle jenta som han hadde sett seg ut. Sjølv om dei to spelte i band, og kanskje var like attraktive for ungjentene, trekte Knut-en det lengste strået. No er situasjonen snudd på hovudet. Knut-en er mistenksam, stoler ikkje på kona si og skular på barndomskameraten.

Suggererande

Filmen er tru mot romanen til Jon Fosse. Det suggererande språket blir tatt vare på når Atle fortel historia si frå skrivemaskina på guterommet. Han går ikkje ut lenger.

Einaste innvendinga, som kanskje er urimeleg sidan lesinga ikkje er fersk, er at filmen blir litt for tydeleg; at "kona til Knut-en" er for frampå. Eg hugsar romanen meir vag, kanskje fordi handlinga då går gjennom auga til Atle, som eg ikkje heilt veit om eg kan stole på, om han fantaserer. Men denne innvendinga er uvesentleg for filmopplevinga.

Stemninga frå romanen lever vidare i filmen. Typegalleriet er utmerkt, sjølvsagt forsterka av skodespelarprestasjonane, med eit ekstra pluss til Jørgen Langhelle i hovudrolla.

Fleire prisar

Under kortfilmfestivalen i Grimstad fekk novellefilmen "Naustet" Terje Vigen-prisen og Kritikarlagets pris. Filmen var òg nominert til Amanda for beste kortfilm.

Filmressigør Trygve Hagen frå Molde har laga dokumentarfilm om "Jazzmusikkens hjemby" og portrett av Jon Fosse, Håkon Bleken, Einar Økland, May Grete Lerum og no sist om Tarjei Vesaas.

Den 28 minutt lange novellefilmen "Naustet" blir sett opp på Colosseum i Oslo.
Tiril Rem




© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |