Dag og Tid nr. 30, 24. juli 1997
På tomannsfot:
Pragmatisk pratmagikar
-- Kyrkja er redd for pilegrimen. Difor freistar ho å kontrollere han, bestemme kven han er, seier religionshistorikar Eivind Luthen. Han meiner det er på tide at prestane stig ned frå preikestolen.
-- Du kan ikkje prate deg inn i himmelen. Det har prestane prøvd i 450 år, seier Luthen. Deretter brukar han dei neste par timane på å prate seg sjølv, meg og resten av det forvilla folket her i landet til himmelen.
TEKST OG FOTO: HEGELIN WALDAL
Om det er varmt i bysommaroslo, er det endå heitare på Pilegrimskontoret i Kristian kvarts gate, der Eivind Luthen brukar mesteparten av tida si. Det nyttar fint lite å opne vindauga, og kontoret er heller ikkje utstyrt med effektiv luftkjøling -- men det er ikkje denne varmen som plagar religionshistorikaren. Han gler seg stort over at interessa for pilegrimsvandringa har blomstra slik opp, men er oppheita og oppgjeven over dei som på eit vis tek vekk innhaldet i vandringa.
-- Dagbladet gjer pilegrimsvandringa til ei pludrevandring, kyrkja gjer henne til ein preikeveg, og Direktoratet for naturforvalting og Riksantikvaren gjer henne til ei museumsutflukt i det grøne, seier han, og meiner det er heilt feil når kyrkja freistar å demokratisere pilegrimen og gjere kvar ei lita vandring i naturen til ei pilegrimsvandring.
-- Det er verkeleg å ikkje ta folk på alvor, seier han oppgjeven.
Det høver seg sjølvsagt ikkje å snakke med eit slikt ivrig menneske inne. Vi bryt difor opp frå innestengde kontor, og går ut i den varme, solglade og ureine oslolufta i staden. Sjølv om vegen -- i pilegrimsk tyding -- er målet denne ettermiddagen, har vi eit nesten heilagt mål på enden av lufteturen likevel.
Vi skal treffe pilegrimen.
Du er lært opp til at det ikkje skal vere sånn, du veit det er slik, og Luthen understrekar det fleire gonger -- det er forskjell på folk.
-- Somme er meir pilegrim enn andre. Det er forskjell på ein som ruslar ein liten tur over Hjerkinn og ein som går heile den lange vegen frå Oslo til Nidaros. Pilegrimsvandringa må vere noko å strekkje seg mot. Skal alle vere pilegrimar, vert det for utydeleg. Det vert berre suppe, seier Luthen.
-- Det dreier seg om å finne eit pusterom i eit svært stressa samfunn. Vi må rett og slett ta eit skippertak for immaterielle verdiar no, seier han, og kikar seg rundt i oslogatene. Til og med arkitekturen speglar ein kultur som er menneskefiendtleg, tykkjer han.
-- Eg har vanskar med å tru på Gud, men eg har ein religiøs trong. Vi er ikkje berre materie, vi er noko meir -- men kva? Gjennom pilegrimen får vi høve til å leve ut det åndelege livet vårt, på våre eigne premissar -- ikkje på kyrkjas, seier han.
Eivind Luthen vart rekna som galen då han for tre år sidan opna det andre Pilegrimskontoret i Europa. Det første ligg i Santiago i Nord-Spania, som verkeleg er pilegrimsmålet framfor noko. Luthen vert rekna som galen i dag også, slik han fektar med orda for å få folk til å forstå kor viktig dette er, sjølv når pilegrimen ikkje lenger er ukjend for nokon, så mykje avisskriving det har vore i det siste.
-- Herregud -- pilegrimsvandringa må vere meir enn berre eit mediesirkus for folk med markeringsbehov. Ho må ha eit innhald, seier han.
-- Eg meiner verkeleg at pilegrimen har mykje å gje samfunnet vårt. Det handlar om å finne tilbake til medmenneska våre, og til oss sjølve, seier han.
No drøymer Luthen om at pilegrimstradisjonen skal få så godt rotfeste her i landet at vi kan byrje å gje folk obligatoriske pilegrimsvandringar i staden for høgare løn.
-- Hadde det ikkje passa bra om næringslivsleiarane fekk ei seksvekers vandring til Nidaros i staden for ein fallskjerm i millionklassa?
Truleg ligg akkurat dette litt lenger fram i tid, for pilegrimen er framleis noko mystisk her i landet. Men nede i Europa, der er pilegrimsvandringa heilt alminneleg.
-- Tenk det: Belgiske ungdommar som er komne på skråplanet, får tilbod om å gå på botsferd til Santiago framfor å sitje inne. Bot er ikkje det same som straff, men å gjere frisk att, føre tilbake -- gjere godt att. Det er så flott! Her i landet er straff det same som hemn. Det er ein kald og ikkje-humanistisk måte å reagere på, seier han.
Men det krevst meir enn fine ord og ein rusletur i naturen for å kunne kalle seg ein pilegrim. Det er ikkje snakk om ein snill liten søndagsturist som prestane kan tømme godord over. Jauda, pilegrimen er ein from søkjande, men han er samstundes opprøraren, anarkisten som bryt med det etablerte og trygge og tek eit skikkeleg oppgjer med seg sjølv og samfunnet.
-- Eg er meir redd for det organiserte mennesket enn det kommersialiserte. Folk lærer ikkje å gjere nokon ting sjølve -- alt er lagt til rette for dei frå dei er små. Dagane er gjennomorganiserte, og folk vert tiltakslause og slappe, seier han.
Luthen sukkar og fortel at eit stort fleirtal av dei som ringjer til Pilegrimskontoret spør om når den neste pilegrimsturen vert arrangert.
-- Eg hjelper folk og gjev dei gode råd på vegen til Santiago eller Nidaros eller kvar dei ønskjer å fare, men eg organiserer ikkje turar. Folk må gjere noko sjølve. Det er ein del av pilegrimsferda. Ei pilegrimsferd er også ei einsam ferd der ein treffer folk på like fot. Ho skal gjere noko med folk -- dei skal lære noko, endre seg, seier han.
Han tykkjer rett og slett det går for langt når kyrkja til og med inviterer til pilegrimsleiarkurs.
-- Ein skulle tru kyrkja er redd for pilegrimen. Han trugar makta hennar, han trugar tradisjonen ho har levd på så lenge, og difor må ho kontrollere han. Definere, demokratisere, organisere han -- ta makta frå han, seier Luthen. Han likar ikkje den forma for indremisjonering som den organiserte vandringa er.
-- Dersom det er noko som heiter folkedjupet, så er det der pilegrimen høyrer heime, ikkje på makttoppane. I beste fall skal ikkje kyrkja vere noko anna enn ein stasjon undervegs.
-- Men gudskjelov for Rosemarie Køhn. Eg vart så glad då eg såg at ho la frå seg orda og la ut på pilegrimsvandring. Ho er ei av dei få som gjer at eg kan identifisere meg med det som skjer i den norske kyrkja, seier Luthen.
-- Skal pilegrimen vere truverdig, må kyrkjas høge herrar også gjere seg til pilegrimar. Dei må kome seg ned frå preikestolen og røre på seg -- dei må handle, gå saman med folk, ikkje berre prate, seier han.
-- For ein kan ikkje oppleve gud intellektuelt. Guds nærvær forsvinn i fossen av kloke ord. Vi høyrer ikkje guds fotspor, seier han.
Vi høyrer ikkje mykje til guds fotspor vi heller, der vi tuslar over trikkeskinnene på Rådhusplassen. Det er folk over alt -- og lyd. Mykje lyd. Gutslarvar med alvorleg slark i buksene svisjar på dei indiske steinhellene bak oss, og imponerer med rullande brettkunst. Dei friske svisja vert likevel overdøyvde av spetakkelet på plassen lenger nede mot Aker brygge.
Der har ei folkemengd trykt seg saman, eitt eller anna ekstatisk dirrar i sommarvarmen, nokon pratar med rappkjefta byradiostemme i mikrofonen, og lyd okkuperer tankane til dei som streifar forbi. Dei tankane som freistar å snike seg forbi dette spetakkelet, vert kjapt drepne av den dunkande musikken. Vi vert trekte mot sirkuset.
Brått sprett ein kar i lufta. Steinar Hoen tek sats, heng ei stund i lufta, og svevar elegant inn i sin eigen himmel -- 2,36 meter over bakken. Ein centimeter ekstra held til norsk rekord, og verdsbeste så langt i år.
-- Kva har vi eigentleg her i Noreg, spør Eivind Luthen.
-- Det er så mykje støy, og det meste er show. Vi har ingen felles ståstad, vi leitar etter ein manifestasjon på at vi er eitt folk, men vi er elitistiske. Vi let andre agere for oss, medan vi grev oss djupare ned i sofaen, seier han.
-- Vi treng ei motvekt, ein korreks til dette her. Vi treng å finne oss sjølve, finne ut kva som er oss -- og då må vi byrje med hjarta våre, ikkje med å bedøve oss med støy, nye bilar, mobiltelefonar og dårlege fjernsynsprogram, seier han.
-- Det handlar om korleis vi skal forhalde oss til medmenneska våre. Vi kan ikkje leve med sirkus i lengda. Vi må byggje oppatt kulturhistoria vår, og på nært plan byrjar det med vandraren. Kjenner vi oss trygge i vår eigen kultur, vert ikkje andre kulturar så skremmande, seier han.
-- Vi skal finne oss sjølve på den udramatiske pilegrimsvandringa, i det stille rommet på vegen.
Vi stansar ein augeblink på Aker Brygge. SHOPPING. Skiltet viser veg for dei vandrande -- som ei trygg hamn i uver, redninga for dei druknande, kvile for dei langvegsfarande -- iallfall for besøkjande som har mykje pengar dei kan leggje att her. Ein gong, og det er ei stund sidan no, la Eivind Luthen att nokre liter med sveitte her, som sjauar. Det var på den tida då Aker brygge var verftsområde og det vart servert anna enn kald pils og softis her.
-- Religion har blitt ein supermarknad, der ein shoppar litt her og litt der for å finne ei forklaring og meining med livet, seier Eivind Luthen.
-- Vi nærmar oss tusenårsskiftet. Sjølv om årstal er oppdikta, gjer dei noko med folk. Dei får behov for å endre på liva sine. Pilegrimen hadde ikkje rørt ved folk på 60-, -70 eller 80-talet. Det er no, når klokka tikkar mot år 2000, at folk vender blikket tilbake mot mellomalderen, seier han.
Kommentaren min om at det kanskje vert litt vel romantisk, fell ikkje i så god gjord.
-- Romantisk? I mellomalderen stod mennesket nærare livet - på godt og vondt. Handlingane til folk fekk konsekvensar, folk vart tekne på alvor og kunne gjere opp for seg. I dag lever vi i eit konservativt sosialdemokrati som driv med ei så ullen ansvarsfråskriving at eg får frysningar, seier Luthen.
-- Men det er klart: Folk elska minst like høgt i mellomalderen, og blomane lukta nok like godt då som i dag.
Om sjauarlivet på Aker brygge var tungt, vart det lettare av draumane han også bar på. Eivind Luthen var truleg fødd med ei rastlaus sjel og eit uroleg hjarte, og han forstod ikkje den sterke utferdstrongen han hadde.
-- Ein anar litt av eventyret når ein veks opp i Tønsberg, seier Luthen. For utferdstrongen ligg i gena til dei som veks opp i denne sjøfartsbyen. Mellomalderbyen Tønsberg har også store historier og draumar til borna sine. Veks ein opp i ein by som har førstereisguten som eit berande symbol, med ishavsfararar og kvalfangarar, reiselitteratur og Marco Polo, då er det ikkje rart at ein må vekk.
Luthen ønskte seg så sterkt vekk frå dette eventyret at han laug til foreldra sine og forklarte at toget til Hamburg var gått -- difor hamna han i Bangkok i staden. Så medan jamaldringane hans kasta stein på den amerikanske ambassaden, saumfor han Asia lenge før oppdagingsfarande ungdom byrja valfarte dit. Og innimellom sjauing, jobbing, sjauing og jobbing klarte han til og med å verte religionshistorikar.
Men han klarer ikkje å halde seg i ro. Ikkje klarer han å halde kjeft, heller. Det er nesten magisk at nokon klarer å seie så mykje på så kort tid til så mange. Han har prata spanjolar på pilegrimsferd til Noreg, nordmenn ut av sofaen og til Europa. Han har snakka med pressa -- ja, han veit å snakke med pressa også.
Snart skal han teie. Når september nærmar seg, legg han sjølv ut på pilegrimsferd til Santiago, for å gjere det han ønskjer at alle andre skal gjere.
-- Eg skal gå 90 mil, men det viktigaste er at eg får god tid til å tenkje tanken heilt ut. Deretter skal eg gå frå Santiago og ut til havet. Der skal eg vandre rett ned til sjøen, knele i vasskorpa og leite etter eit kamskjel, sjølve symbolet for pilegrimen. Eg skal oppfylle alle klisjeane, det er målet mitt, seier han.
Han må likevel ein tur til Trondheim først, til kyrkjedagane -- som kremmar. Han skal ikkje feire med fiffen, for dei er visst ikkje så glade i denne mannen her. I staden vert han å treffe på torget, der han freistar å selje alle bøkene han har skrive, i tillegg til pilegrimssmykke, pilegrimslaks og fromme pilegrimstankar.
-- Det er vel eigentleg snakk om å finne ein måte å overleve på i eit samfunn som stadig vert kaldare. Eg er nokså avmektig til det eg ser rundt meg, seier han.
For Eivind Luthen har funne meininga med livet, sjølv om han ikkje faldar nevane for ofte. Strategien hans er å le med gud, men han har enno ikkje funne ut av humoren hans.
-- Eg har vore gjennom ei ganske tøff tid. Du anar ikkje kor mange kveldar eg har bede til den guden eg ikkje trur på om å få sleppe å vakne opp dagen etter. Det hjelpte ikkje. Så fann eg ut at eg laut bestemme meg korleis eg ønskte å sjå på livet, kva liv eg ønskjer å leve. Om eg vil sjå glaset som halvtomt eller halvfullt. Eg valde det siste, seier han.
Så brukar han ein passeleg vegbit på å fortelje den jødiske historia om Aaron, som gjekk rundt på jorda og freista leve etter reglane i samfunnet rundt han. Då Aaron døydde, kom han endeleg i prat med Vårherre.
Eg er lei meg for at eg ikkje var meir som Moses i livet mitt, sa Aaron orsakande til Vårherre. Eg er berre lei meg for at du ikkje var meir Aaron, sa Vårherre.
Vi når snart målet no. Den asfalterte vegen er varm i kveldssola, og har ført oss opp frå Aker brygge, gjennom Homansbyen, forbi svale, høge tre og store, vakre hus. Vi går forbi Uranienborg Kirke der ein annan vandrande opprørar står trufast og roleg. Hans Nielsen Hauge må ha vore tolmodig han, så langt som han gjekk med trua si, den gongen for snart to hundre år sidan.
Då står han der brått, og støttar seg til stokken sin på sokkelen framfor Colosseum Kino på Majorstua. Stokken vert forresten stadig stolen av pøblar eller relikviesøkjande vandrarar.
-- Charlie Chaplin, han er den store helten for meg. Her har vi den arketypiske pilegrimen, anarkisten, som alltid var på leit, som opplevde nederlag, men som også vann prinsessa. Men han forlet henne også -- målet hans var noko meir enn den private lukka, kallet hans var verda. Det er det som gjer han så stor, seier Luthen.
Når sola gjekk ned over lykkelege andre, gjekk Charlie Chaplin, den urolege sjela, einsam vidare. Vi går vidare, vi òg.
-- Somme seier at vi er fødde med røter. Eg meiner vi er fødde med føter, seier Luthen.
--Vi er skapte for å vere undervegs.
|