Dag og Tid nr. 30, 24. juli 1997

Teikneserie:
“Syk kjærlihet” som teikneserie

Teiknaren Steffen Kverneland ville laga eit teikneseriehefte av Hans Jægers “Syk kjærlihet”. Planane har endra seg. No vil han teikna ei heil bok.

CECILIE N. SEINESS

Steffen Kverneland las “Syk kjærlihet”, og tykte den var så “hylande morosam” at han ville teikna handlinga. 20 sider er allereie ferdig av den planlagde teikneserien, men no har han bestemt seg for å berre nytta eit par av dei sidene. Grunnen til det er at han ynskjer å teikna i ein annan stil, og det skal ikkje lenger berre bli ein slunken teikneserie, men ei heil bok.

-- Eg byrja realistisk, men eg har funne ut at eg heller vil ha det meir anarkistisk. Då er det kjekkare å teikna, og eg kan gå meir subjektivt inn i handlinga. Eg trur det blir meir “schwung” på det no.

Fødd sexfiksert

Kverneland skal ikkje berre nytta romanen “Syk kjærlihet” frå 1893, der Jæger utleverer sine erotiske vanskar, som grunnlag for teikningane. Frå boka “Fra Kristiania-Bohemen” (1885) har han teke nokre av barndomsskildringane til Hans Jæger. Denne boka vart beslaglagt med det same ho kom ut, og Jæger vart dømd til 60 dagars fengsel for blasfemi og “krenkelse av bluferdighet og sedelighet”.

-- Jæger var fødd sexfiksert, så det er fint å ha barndomsskildringane med. Vesle Hans Jæger er morosam, slår Kverneland fast.

Kverneland seier han ikkje har hatt noko meir spesielt forhold til Kristiania-bohemen enn kva folk flest har. Han hadde høyrt mykje om dei slik alle har.

-- Munch har lenge vore den store helten, ikkje fordi han var med i bohemen, men fordi han var ein stor malar.

Det er ikkje laga mykje av denne typen teikneseriar tidlegare. Kverneland tykkjer det er midt i blinken for han å gjera noko slikt.

-- Jæger er på mange vis skapt som teikneseriefigur, med hatt og frakk. Urkomisk i utgangspunktet. Perfekt for ein teikneserie. Kverneland tykkjer òg at mange av dei andre bohemane kler godt å verta teikneseriefigurar.

-- Dei var så outrerte. Christian Krohg med skjegget og magen, magre Munch som skula i bakgrunnen, og Jæger som elga seg innpå Christian si Oda. Mange av desse personane vert jo med i boka på eit eller anna vis.

Kverneland karakteriserer prosjektet som eit “luftslott”, men har likevel tru på at det vert noko av den planlagde boka. Kverneland har ikkje avtale med noko forlag.

-- Eg berre teiknar, så får eg sjå kva som skjer, seier Kverneland.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |