Dag og Tid nr. 30, 24. juli 1997

Politikk:
Aksjehandel spår valresultat

-- Politiske børsar gir meir presise prognosar om valutfall enn vanlege meiningsmålingar, seier Steinar Strøm ved Universitetet i Oslo.

MORTEN G. SØBERG

På ein politisk børs kjøper ein aksjar i valkandidatar.

-- Poenget er at aksjekursane på denne børsen då kan tolkast som prognosar på kva for oppslutning dei ulike kandidatane kjem til å få på valdagen, held Strøm fram.

Før det siste amerikanske presidentvalet var det i USA mogleg å kjøpe aksjepakkar med ein Clinton- og ein Dole-aksje for til saman ein dollar. Etterpå kunne eigaren av desse byrje å handle, til dømes selje Dole-aksjen og kjøpe endå ein Clinton-aksje.

-- Dersom Clinton-aksjane ein dag var verde 51 cent, kan dette tolkast som at aktørane på børsen trudde at Clinton mest sannsynleg kom til å få 51 prosent av dei avgitte røystene, seier Steinar Strøm ved Sosialøkonomisk institutt.

På valdagen fekk Clinton 54 prosent av røystene. Ein Clinton-aksje kunne då innløysast mot 54 cent. Dersom ein investor i utgangspunktet kjøpte Clinton-aksjar til under innløysingsprisen, kom vedkomande til å tene på denne handelen.

Treffsikre spådommar

I USA har det blitt arrangert politiske børsar i samband med kvart presidentval sidan 1988. Dei to første gongene var valbørsprognosane berre to promille unna dei offisielle valresultata. Såleis var dei langt meir treffsikre enn vanlege meiningsmålingar.

-- På den amerikanske valbørsen i fjor tok alt i alt over 7000 personar del. Til saman investerte desse i aksjar for meir enn 200.000 dollar. Det finst ingen garanti for at desse menneska er representative for den amerikanske veljarmassen. Men i motsetnad til ei meiningsmåling blir ikkje desse spurde om kva eller kven dei ønskjer å røyste på. På ein valbørs er det spørsmål om kva aktørane trur kjem til å hende. I tillegg har dei sjanse til å tene pengar om dei trur eller tippar rett. Dette gir dei skuv til å samle mest mogleg informasjon. Praksis viser at dette ofte fører fram til presise valprognosar, fortel Steinar Strøm.

Svensk EU-børs

I Sverige gjennomførte dei ein liknande børs i haustmånadene før den svenske folkerøystinga. Sjølv om talet på deltakarar var avgrensa, gav denne valbørsen likevel meir presise prognosar enn dei mange meiningsmålingane som vart offentleggjorde om dette spørsmålet. Professor Peter Bohm ved Stockholms universitet seier til Dag og Tid at valbørsen fungerte særleg bra når det galdt å spå kor mange som kom til å røyste blankt i EU-avstemminga. I fleire meiningsmålingar vart denne gruppa ofte rekna til mellom 20 og 30 prosent. Valbørsen var meir på line med det endelege utfallet på berre eit par prosent av dei avgitte røystene.

Kursane på denne EU-børsen vart publiserte i Dagens Nyheter med jamne mellomrom.

Få valalternativ

Eit liknande eksperiment vart gjennomført i samband med lokalvalet i Oslo i 1995. Erfaringane med dette forsøket er likevel blanda. Børsen spådde korrekt om somme parti. Men Senterpartiets framgang vart til dømes ikkje spegla i kursane på denne lokale politiske børsen.

-- Det viser seg at valbørsane fungerer best når veljarane står overfor eit avgrensa antal alternativ. Folkerøystingar er i så måte ideelle, seier Steinar Strøm, hovudansvarleg for dette prosjektet.

I Austerrike opnar i desse dagar ein slik folkerøystingsinnretta politisk børs. Tema for ei folkerøysting i oktober er om Salzburg skal søkje om å få arrangere vinter-OL i år 2006. Gjennom handel på denne politisk børsen kan dei som ønskjer, handle med “ja”- og “nei”-aksjar og freiste spå utfallet av denne avstemminga. Interesserte kan bli med på dette ved å oppsøkje følgjande heimeside på internett: http://ebweb.tuwien.ac.at/apsm/olym2006/olyms2006.html 

Wall Street

Innslaga av politiske børsar i Europa er likevel lite jamført med USA. I tillegg til handel før presidentval er det også mogleg å vere aktiv på valbørsar som handlar i demokratisk eller republikansk fleirtall i Kongressen. I fjor sokk kursane på Wall Street då valbørsen viste aukande sjanse for at republikarane med Gingrich i spissen såg ut til å tape fleirtalet i representantanes hus i Kongressen.

Dessutan er det ein tendens til at aviser og andre media i stadig sterkare grad refererer kursane på dei politiske børsane i tillegg til dei konvensjonelle meiningsmålingane. Eit problem med dette er at børskursane i utgangspunktet kan manipulerast. I 1992 prøvde til dømes fleire å kjøpe Perot-aksjar for å få opp kursen på desse og gi inntrykk av at Perot sitt presidentkanditatur auka i popularitet. Dette forsøket på “støttekjøp” var mislukka, men i dag er det innført ei øvre grense på aksjeporteføljen. Ein einskild aktør kan maksimalt eige aksjar for 500 dollar på ein valbørs i USA.

Vedding

I Storbritannia finst det som kjent ein “bookmaker” på kvart eit gatehjørne. Dei store veddebyrå som William Hill og Ladbrokes driv også med vedding på valutfall, noko som med fordel kan jamførast med dei nye politiske børsane. Ei nyvinning på denne fronten vart lansert før den siste parlamentsvalet i år: Såkalla “spread betting” gjorde det mogleg å vedde på kor stort fleirtal til dømes Labour kom til å få i parlamentet. Før kunne ein berre vedde på kva for parti som ein trudde kom til å vinne valet.

Både denne forma for vedding og politiske børsar har som fellestrekk at folk har økonomiske interesser i å freiste samle mest mogleg relevant informasjon fordi dei tener pengar på at dei i neste omgang tippar valutfall riktig.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |