Dag og Tid nr. 30, 24. juli 1997

Leiar:
Tolsemd i Noregs Mållag

For eit par veker sia vart språkforskaren Arne Torp intervjua i Arbeiderbladet. Som språkforskar hadde han sjølvsagt eitt og anna å seia om nynorsk òg. Torp spådde. Og han spådde frå sin ståstad som samnorskmann: Nokre tiår inn i neste tusen-året kjem nynorsken berre til å vera eit minne frå det 20. hundreåret. Når 50-100 år har gått, kjem Noreg igjen til å ha eitt språk, eit språk som liknar på den samnorsken Arne Torp og hans kampbrør visstnok framleis kjempar for.

Eg skulle gjerne ha ledd av Arne Torp. Men så har det seg slik at Noregs Mållag i desse dagar har landsmøte i Trondheim. Da er det ikkje lenger så lett å le, for Noregs Mållag har i mange år hatt eit endemål som botnar i den same tankegangen som Arne Torp har forvilla seg inn i: Noreg skal berre ha ein offisiell variant av norsk.

Det er eit halvt år sia Ivar Aasen-året vart avslutta. Gjennom tolv månader vart Ivar Aasen feira som den store språkfornyaren og demokraten her til lands. Faneorda var lagde ut på billegsal gjennom heile 1996, og feiringa var gjennomsyra av formaningar om språkleg tolsemd og vidsyn.

Faneorda har ofte ein tendens til å bli hengjande i lufta og blafre. Slik blir det gjerne når målfolk på eit landsmøte samlar krefter for å føre målstriden vidare.

Men no har medlemmene i Noregs Mållag, som langt frå representerer eit fleirtal av nynorskbrukarane her til lands, eit sjeldant høve til å vise at dei evnar å sjå framover, og ikkje berre drøyme seg tilbake til den gongen målfolk trudde at den største lukka for nasjonen Noreg ville vera å ha eitt språk.

I eit par tiår har Noregs Mållag hatt ei tuft - eit prinsipprogram - som har mana laget til kamp for nynorsk som einaste riksmål. Prinsipprogrammet som skal byttast ut, vart vedteke i Rauland i 1976 - da den entusiastiske ml-nasjonalismen rei Mållaget som ei mare. Det er vel på høg tid at det tankegodset som framleis finst att etter dei dogmatiske og autoritære drøymarane, blir bytta ut med eit meir framtidsretta ideologisk grunnlag.

Til sjuande og sist er nynorsk det einaste målfolk har felles. Men ikkje ein gong den greier vi å bli samde om. Dersom målfolket likevel greier å samle seg om at toleranse er sjølve grunnlaget for at nynorsken skal kunne overleva, vil det å gå inn for nynorsk som einaste riksmål vera drepande for målsaka. Med eit slikt mål går Noregs Mållag inn for den same språkundertrykkinga laget ønskjer å kjempe mot. Det er eit intolerant og sjølvgodt standpunkt som iallfall ikkje fører til “siger” for målrørsla og nynorsken.

Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |