Dag og Tid nr. 30, 24. juli 1997
Herbjørn Sørebø:
Når folk får tenkt seg om
Alle kjenner til døme på at folk har komme med grove trugsmål når dei har vorte forarga for noko dei har vorte utsette for, men når sinnet har lagt seg og dei har tenkt seg om, har dei ikkje gjort alvor av det dei truga med. Det er kanskje dette statsminister Thorbjørn Jagland trøystar seg med når han ser fram til eit godt valresultat. Når minstepensjonistar og andre som før har røysta på Arbeidarpartiet nå i sinne har fortalt meiningsmålarane at dei vil røyste på Framstegspartiet, så kan det likevel hende at dei røystar som dei har brukt å gjere når dei får tenkt seg om. Dette tankearbeidet skal dei få hjelp til i valkampen. Det skal bli spennande å sjå om det lykkast for den kjempande statsministeren. Carl I. Hagen er så flinkt til å furte når det blir påvist kva politikken hans vil føre til at mange får sympati for han. Ingen
annan norsk politikar kan furte med så stort talent som han, og det skal vi nok få sjå i valkampen. Furtinga er eit farleg politisk våpen, for med den greier han å gjere seg til ein av dei som tykkjer at samfunnet har vist dei vrangsida.
Meiningsmålingane gjev inntrykk av at mange av veljarane er forvirra. I ei undersøking var det 30 prosent av dei spurde som sa at dei ville røyste på Arbeidarpartiet. I den same undersøkinga var det 37 prosent som sa at dei helst ser at Arbeidarpartiet blir sitjande med regjeringsmakta. Veljarar som seier at dei vil røyste i strid med sitt eige ønske, treng avgjort hjelp til å tenkje seg om. Den hjelpa kan statsminister Thorbjørn Jagland gje dei med å gjere det klart at Arbeidarpartiet ikkje kan halde på regjeringsmakta utan å få den oppslutnaden som trengst til det.
Undersøkingar viser at eit utruleg høgt prosenttal av dei som vil røyste på andre parti ser det som best for landet om Arbeidarparti-regjeringa held fram. Dei meiner at det regjeringsalternativet dei får tilbod om er dårlegare. Somme kjem nok til å ta konsekvensen av dette synet når dei skal leggje røystesetelen i valurna, men dei som er misnøgde med regjeringsalternativet kan ha grunnar til å halde fast på det gamle partivalet sitt. Då støttar dei det programmet dei meiner er det beste, bore fram av kandidatar dei kjenner som sine eigne. Ein og annan tenkjer kanskje til og med på at partia får statstøtte etter oppslutnaden i val. Å svikte eit parti, er å straffe det på pungen og sende pengane til ei anna partikasse.
Storparten av leiarane i næringslivet vil heller ikkje har regjeringsskifte i den politiske situasjonen vi har her i landet nå. Ingen mistenkjer desse leiarane for å vere sosialdemokratar, endå det finst visst ein og annan av det slaget også. Grunnen til at dei ikkje ser regjeringsskifte som det beste, er at dei meiner Arbeidarpartiet har ført ein god politikk for næringslivet, og dei vil ha stabilitet. Dei kjenner seg urolege for det rotet det kan bli med ei borgarleg koalisjonsregjering slik som situasjonen på den borgarlege sida er nå. Om dette er den forma for støtte som gjer seg best på grasrota, er ei anna sak.
Det har vorte rekna for lettare å halde på regjeringsmakta når økonomien er god og det kan plussast på til alle, enn det er i tronge tider når det må skjerast ned. Mange kommentatorar ser det difor som underleg at Arbeidarpartiet skal ha det så vanskeleg nå når landet flyt over av mjølk og honning, men det kan vise seg at det ikkje er lettare å halde att enn det er å skjere ned. Det er ikkje berre pensjonistane som er misnøgde. Når dei ideologiske bindingane nå har vorte borte i folkerøystingar og omstillingar, blir økonomisk atterhald den tyngste børa for det statsberande partiet og ein statsminister som har vorte forfølgd av uhell og får sine eigne ord om nokre småsummar kasta etter seg.
|