Dag og Tid nr. 28, 10. juli 1997
På tomannshand:
Fargeklatt i smørauget
KIRKENES: Det står ei lita dame med grått hår ved disken i det nye Grenselandsmuseet.
Ho der ja, ho er dyktig, kunstnar! Ho bør du snakka med! seier museumsstyraren.
Jaujau, seier eg.
Han sprintar av garde. Litt etter rundar den vesle kunstnaren bordkanten med eit sjarmerande smil.
Æ e veldi storkjefta, seier 71-åringen idet ho dreg ut stolen.
TEKST OG FOTO: OTTAR FYLLINGSNES
F ør museumsstyraren har fått sjansen, har ho presentert seg. Æ hete Elise Lodde. Æ e fødd... Ja, det spille ingen rolle. Æ føle mæ noengang som hundreåring og noengang som 25-åring. Det er alt etter... været. Her i nord er det jo mye vær!
Diverre hadde eg aldri høyrt om dama før. Det burde eg. Elise Lodde har delteke i utstillingar over store delar av kloten, men berre nokre få gonger i hovudstaden.
Det er tre dagar etter at det nye, flotte Grenselandsmuseet i Kirkenes vart opna. Elise Lodde var ein av gjestene då dørene vart opna. No har ho nettopp levert inn kunstkort med eigne motiv som skal seljast til folk som vitjar museet. Ho er ein populær kunstnar i heimbyen. Overalt har penselen hennar pynta vegger både private og offentlege.
Sjølv om vinteren er lang og hard, burde Kirkenes vera ein attraktiv stad for kunstnarar, meiner Elise Lodde.
Både sommarstid og vinterstid er det kort veg ut i naturen for å laga skisser. Ingen forstyrrar deg. Lyset er flott og svært spesielt i mørketida. Likevel er me berre to profesjonelle kunstnarar i Kirkenes. Me bur midt i smørauget, slår 71-åringen fast. Ho målar om vinteren og sel bilete om sommaren.
Eg skulle ynskja at det kom fleire kunstnarar opp hit, seier ho.
Dagen skiftar nesten umerkeleg frå fredag til laurdag. Midnattssola viser seg ikkje. Natta er overskya, men den nye dagen er lys og lett. Det har gått 26 timar sidan Elise Lodde presenterte seg. Framleis sit ho på andre sida av bordet, men undervegs har me bytta bord. Museumsbordet, med utsikt over Førstevann, er bytta ut med eit kjøkkenbord nede i byen. Elise Lodde har vorte varm i trøya. Ho auser frå eit stort, nordnorsk skattkammer av sjølvopplevde historier. Ho sit der ho brukar å sitja når ho målar akvarellane sine. Med heile andletet formidlar ho sine mange møte med russarane. Ho er lattermild. Frodig. Skjelmsk. Sprudlande. Sjenerøs. Fandenivaldsk.
Fanden danse meg!
Elise Lodde er ikkje Oluf. Ikkje Mossa heller. Elise Lodde er noko heilt for seg sjølv; ein sprelsk representant for det beste i den nordnorske artigheita.
Eigentleg skulle eg berre så vidt innom døra denne morgonen. Eg skulle fotografera nokre akvarellar, men så spurde Elise Lodde om eg ville låna bilen hennar. Eg kunne ta sambuaren også. Han kunne visa meg rundt både i Neiden, Pasvikdalen og ved Grense Jakobselv. Eg sa ja takk til bilen, men sambuaren slapp unna. Han hadde nettopp kjøpt seg ein haug med materialar som skulle verta veranda, i påvente av sola. Det enda med at eg for både vidt og langt aleine. Først utpå ettermiddagen kom eg tilbake ein time for seint. Då stod Elise Lodde på altanen, flirte, brumma og snakka om politiet. Sidan serverte ho kaffi, kaker og spenningshistorier frå kvardagslivet i Kirkenes. Etter to timar med sprelske anekdotar frå andre sida av kjøkkenbordet forstod eg at norsk kriminallitteratur manglar ei dame av Loddes format; ei eldre dame med ungt sinn og stor appetitt på livet, ein briljant
gå-rundt-komikar med eit vake auge for både kvardagskomikken og kvardagskriminaliteten; ei dame som fornemmar småbydramatikken med fingerspitzgefühl; ein helt som trålar dei viktige detaljane, silar ut det matnyttige og formidlar essensen med vittig briljans.
Midt på 80-talet hadde muntrasjonsrådet frå Kirkenes ei akvarellutstilling i kulturhuset i Nikel i Russland. Ein delegasjon på fem nordmenn kryssa grensa for å vera med på opninga. Framleis eksisterte Sovjetstaten. Mykje var strengt forbode, og mange stader var det ikkje tillate med fotoapparat. I Nikel vart nordmennene oppmoda om å levera frå seg kamera. Det gjorde fire av dei, men Elise Lodde valde å gøyma sitt. Det kunne no kanskje dukka opp eit motiv...
I kulturhuset i Nikel vart den vesle norske delegasjonen sitjande på første benk. Bak sat russarane, om lag 60 uniformerte, morske menn. Den eine talaren følgde den andre; alt medan Elise Lodde vurderte og kalkulerte. Når ville det vera best å ta fram fotoapparatet? Ordføraren i Sør-Varanger gjekk på talarstolen og kom snøgt til frasane om vennskap og fred. Då var Elise Lodde rask. Ho leita fram kameraet og reiste seg. Først knipsa ho ordføraren. Deretter snudde ho seg og fotograferte eit breitt utval av dei uniformerte russarane. Den skriftlege oppmodinga om fred og samarbeid oppe på veggen vart også foreviga. Deretter sette ho seg med ei verdig mine.
Dei andre nordmennene såg nervøst ikring seg. Kva ville russarane gjera no?
Elise Lodde plasserte kameraet under jakka på fanget og bytte ut filmen med ein ny. Den eksponerte filmen plasserte ho på trygg plass i hoftehaldaren. Men ingenting skjedde i kulturhuset, og ingenting skjedde etterpå.
Det var spennande, svært spennande!
Livskunstnaren frå Kirkenes humrar over denne og alle dei andre episodane.
Elise vart ikkje fødd med sølvskei i munnen og målarpensel i bak øyret. Ho voks opp på ein avsides gard utanfor Kirkenes. Det var ikkje kunsten, men den reine og skjære nauda som dreiv 12-åringen opp på vevkrakken. Utdanning vart det smått med. Då Elise Lodde kom i den rette alderen, braut krigen ut. Dermed gjekk skulegangen fløyten.
Kva gjorde du då?
Trur du eg levde av å vera gift? Ha! Det kan du banna bein på at ikkje gjorde. Eg er stolt over at ingen mann har brødfødd meg. Tenk deg det!
I seks år serverte ho på kaféen Folkets hus i Bjørnevatn, men det var ikkje lett. I helga, når det var mest folk, gjorde andre krav på lokalet.
Midt på 70-talet vart det fart i det som skulle utvikla seg til ein kunstnarkarriere. Først var det saumline i Kirkenes og husflidsskule i Lakselv. Sidan bar det til Narvik, der det var husflidsskule om formiddagen og kurs i reklame om kvelden.
Det var hardt. Det skal eg lova deg. Alt skulle eg ha med meg. Eg var så svolten på opplysning og kunst at du aaaaaanar det ikkje. Sidan gjekk eg formingslina på Alta lærarhøgskole. Det var spennande, men læraren var ikkje mykje tess. Det skal gudane vita.
Du var ein godt vaksen student?
Eg torde ikkje fortelja klassekameratane at eg fylte 50 år, men eg undra meg kvifor dei kasta bort tida med krangling, tull og vas. Eg slukte alt, uansett om det var fornuftig eller ikkje.
Seinare studerte Elise Lodde i Gøteborg. I mange år arbeidde ho som formingslærar, men ein dag var det nok.
Aldri meir skule, sa eg. Og sidan har ho aldri arbeidd i skulen.
Det er fleire år sidan Elise Lodde kleiv ned frå vevkrakken. No målar ho akvarellar. Vevinga kravde svært mykje arbeid. Tre-fire månader tok det å veva eit bilete. Dermed gjekk prisen i været. Men det var kjekt å oppdaga at folk sette pris på det eg hadde laga. Eg hugsar den første gongen eg skulle selja vevnadene mine. Skulle eg stilla ut fire? tenkte eg. Kanskje er det nok med eitt eller to? Utruleg nok fekk eg seld alle fire. Eg var i sjokk då eg kom heim.
I slutten av 70-åra var Elise Lodde på akvarellkurs til Svolvær. Dit hadde ho med seg fotografi av nokre av vevnadene. Den lokale kunstnaren, Dagfinn Bakke, oppmoda henne om å laga kort av motiva.
Han måtte vera galen som førte meg ut i slikt, tenkte eg. Men eg fekk laga kort. Det første året opplevde eg eit enormt sal. Herregud! Amerikanarane var heilt galne. Det var nesten utruleg. Både kort og akvarellar gjekk unna. Det var eit større problem å laga dei enn å selja dei.
Elise Lodde har delteke i kollektivutstillingar i Danmark, Sverige, Belgia, Finland, og ho har vore på studietur i Paris.
Fleire gonger har Elise Lodde stilt ut bilete i Russland; tre gonger i Murmansk, dessutan i Moskva, Sevromorsk og i Nikel. Nyleg vart ho spurt om ho ville melda seg inn i det russiske kunstnarforbundet. Ho hadde vore så mange gonger i Russland at ho burde søkja, meinte russarane. Enno har ho ikkje søkt, men Elise forsikrar at søknad skal sendast.
I Kirkenes satsar dei på å utvikla naboskapen i aust. Denne sommaren viser to kunstnarar frå Sevromorsk bileta sine i Savio-museet i Kirkenes.
Dess meir eg ser av det som russarane lagar, dess meir misunner eg dei. I Noreg stiller folk ut ting som er så dårlege at det ikkje held mål for ein jury. Det er nok å gå over grensa til Finland. Der finn du dei flottaste husflidsting. Ein skal vera audmjuk overfor kunsten. Det går ikkje an å skryta av seg sjølv, meiner 71-åringen.
I fjor vitja Elise Lodde Sevromorsk med ei utstilling. Byen er hovudstasjon for Nordflåten i Russland.
Du verda for ei flott mottaking me fekk. Utanfor galleriet stod folk og venta. Kva i himmelens namn er det dei ventar på? Me får venta med å gå ut til folk er gått inn, sa eg. Det er dykk dei ventar på, sa russarane. Herregud! Der var både radio, fjernsyn og aviser alt. Bønder på bytur i Russland, sa eg.
Den første svala frå Noreg, skreiv ein russisk kunstkjennar etterpå. Og heldt fram: Det er tydeleg at kunstnaren kjenner, og på kvinner sitt vis føler det eksotiske ved polarstroka... Det yndige og artistiske i bileta hevar sinnsstemninga hjå publikum...
Det vart nesten i meste laget, meiner 71-åringen.
Eg vart heilt overvelda av mottakinga, men alle bileta var ikkje like bra. Russarane skrytte nok for å vera høflege, men dei set pris på biletkunst. Interessa er stor for det som kjem frå utlandet. Vona mi er at russarane skal få sjansen til å reisa slik som me gjer; at dei skal få vera frie som fuglen. Fridom er viktig. Kanskje er det difor eg målar så mange fuglar?
For akvarell-målaren kan sommaren vera svært hektisk. Gjennom kontakten med turistbussane får ho stadig besøk frå Austerrike, Tyskland, Nederland og USA. Også frå hurtigruta strøymer det folk til huset hennar, men ho meiner at det får vera nok med eit par hurtigrutebesøk i veka.
Greier du å tilfredsstilla etterspurnaden?
Å, jada! Vert det for stor etterspurnad, set eg opp prisen. Dermed regulerer det seg sjølv.
I fem-seks månader lagrar Elise bileta før ho rammar dei inn. Er dei ikkje bra nok då, hamnar dei i ei kasse for B-sortering. Der får dei liggja til kunstnaren klipper dei opp til kort og sender dei til vener og kjentfolk.
For dei som følgjer godt med, vil Elise Lodde vera kjent både frå Norge Rundt og Newsweek. Under olympiaden på Lillehammer hadde ho ei utstilling i Mjøsbyen, og det enda med at bileta vart viste på amerikansk fjernsyn. Sommaren etterpå dukka det amerikanarar i Kirkenes som hadde sett akvarellane hennar.
Amerikanarane er pussige skapningar. Dei spør aldri kva biletet kostar. Likar dei det, kjøper dei det uansett. Dei trålar gjennom heile huset mitt, stikk innom både loft og soverom. Very nice! Very nice! seier dei. Og ynskjer seg huset mitt som jakthytte i Texas.
Men det er ikkje berre russarar og amerikanarar som får Elise Lodde til å gle seg. Denne sommaren har ho gledd seg over at det har skjedd store ting i Kirkenes; at byen har fått eit stort, nytt museum.
Grenselandsmuseet er både flott og moderne. Ein kunstnar ser at det er noko ved det. Heile bygget er nesten eit kunstverk. Æ kunne ha vævd det, slår 71-åringen fast.
Ei russisk ikon-utstilling er ein del av opningsutstillinga i det nye museet. Bileta er både vakre og gamle; dei eldste skriv seg frå 1500-talet.
I lokalavisa har Elise Lodde retta kraftig kritikk mot museet for pengebruken til denne utstillinga frå Arkhangelsk. Når eg møter henne, har ho sett utstillinga med eigne augo, og 71-åringen er oppglødd. Ho har god grunn til å samanlikna ikona med dei portretta ho sjølv målar.
Eg har funne min eigen måte å måla andlet på i flater. I akvarellane skin det gjennom at eg stadig hentar inspirasjon frå veven til andleta. Dei liknar litt på ikona.
Du syng ut når det er noko som du er misnøgd med?
Ja, det må ein. Av og til har eg vorte sett på som litt av ei vrangkjerring. Det vart avisskriveri om dei russiske ikona; eit utruleg rabalder, men etter å ha sett bileta er eg mildare stemt. Dei er utruleg vakre. Likevel skal ein ikkje grava seg ned og godta alt. Eg er glad for at eg er i stand til å seia mi hjartans meining. Legg du fram kritikken på ein fornuftig måte, trur eg ikkje at du sårar folk.
Også på kulturminnestafetten reagerte eg sterkt. Politikarane valde ut Kong Oscars kapell i Grense Jakobselv i kulturminnevernåret, men den kyrkja står fint. Ho treng ikkje særleg restaurering. I statuttane for kulturminnevernåret står det at det skal satsast på noko gammalt som krev restaurering. Kulturpolitikarane gjorde rett og slett ein dårleg jobb. No når gruveselskapet skal avviklast, burde dei heller ha satsa på noko av AS Sydvarangers eigedom. Eller dei kunne ha valt det unike fiskeværet i Revøysund; eit flott skipparhus som er i forfall.
Du har ikkje prøvd deg som politikar?
Det går ikkje med kunst og politikk. Eg har prioritert kunst og kultur. Du kan ikkje tena to herrar. Det er nok med ein når du vert så gammal som meg.
Ein gong i året brukar Elise Lodde å dra til Oslo for å gå på utstillingar og museum. Eg set stor pris på Frans Wiederberg. Det same gjeld Jakob Weidemann. Han er ein kunstnar som målar musikk. Snart kjem ei Odd Nerdrum-utstilling til Kirkenes. Då skal eg skaffa meg eit Nerdrum-bilete uansett hva fanden det koster; uansett om eg skal måtta leva på graut i to månader, seier kunstnaren frå Kirkenes.
|