Dag og Tid nr. 28, 10. juli 1997
Sysselsetjing:
Smalhans for musea
Dersom alle sysselsetjingsmidlar vert tekne bort, må truleg Norsk Utvandrarmuseum stenge, seier styrar Knut Djupedal.
Generalsekretær i Norges Museumsforbund, Tron Wigeland Nilsen, etterlyser ei skikkeleg kulturpolitisk satsing.
Cecilie N. Seiness
Dei norske musea har vore storforbrukarar av arbeidsmarknadstiltak. I 1995 vart 548 årsverk på musea dekte med slike midlar. Arbeidsmarknadstiltaka vart skorne ned frå 1997. Norges Museumsforbund har undersøkt kva ei slik nedskjering har å seia for musea. To tredelar av musea meiner at nedskjeringa vil få store følgjer for vedlikehald, restaurering og nybygg.
Dette er berre toppen av isfjellet. Dei statlege overføringane til musea har ikkje auka sidan 1995. I både fylke og kommunar er det ein tendens til at ein nyttar mindre til kulturføremål, seier generalsekretæren i Norges museumsforbund, Tron Wigeland Nilsen.
Fryktar sentralisering
Norsk Utvandrarmuseum er eit museum under utvikling. Utvandrarmuseet ligg i Stange kommune i Hedmark, og det er ikkje før i år at museet verkeleg har kunne opna dørene for publikum. Dei har i dag to faste stillingar og to på tiltak ut året. Korleis situasjonen vert på nyåret, er dei ikkje sikre på.
Me er eit lite museum som har midlar til den fysiske utviklinga av museet, men me treng meir midlar til stab.
Dersom me ikkje på eit eller anna vis får kompensert desse midlane, må me stenga. Eg trur ikkje vårt museum er noko unntak. Dei andre pakkar det berre litt finare inn, seier styraren på museet, Knut Djupedal.
Slik Djupedal ser det, vil det å ta bort arbeidsmarknadstiltaka for musea føra til at museumsdrifta vert meir sentralisert.
Det er dei små musea som ikkje klarar seg. Dei store vert att. Om det er rett eller galen politikk, vil eg ikkje seia noko om.
Dersom arbeidsmarknadstiltaka vert skorne ned, så vert det smalhans, seier Djupedal bestemt.
Halv arbeidsstokk
Harry Ellingsen, som er styrar for Nordlandsmuseet, fortel at dei har hatt mellom sju og 14 på sysselsetjingsmidlar dei siste 12 åra. På museet er det sju fast tilsette.
Me har nærast vore eit sosialkontor. Dei som har arbeidd på slike midlar har fått opplæring i til dømes data og registreringsteknikk. Me har mest vorte avhengig av dei, seier Ellingsen.
At om lag halve arbeidsstokken er borte frå museet, har fått verknader for vedlikehald av bygningar og registrering av fotografi og gjenstandar.
I neste omgang kjem tilbodet til publikum til å verta dårlegare, seier Ellingsen.
Randi G. Hjelm-Hansen, økonomi- og administrasjonssjef på Maihaugen på Lillehammer, seier dei er glade for at arbeidsmarknaden ikkje er så stram lenger. Men for deira del skapar det vanskar.
Me har hatt god hjelp av personar me ikkje sjølve har hatt lønnsutgifter på, seier Hjelm-Hansen.
På Maihaugen har det vore opp til seks tilsette på slike midlar. No har dei tre att. Avløysarar på museumsgarden vert eit problem.
Dyra har me, og nokon må ta vare på dei, seier Hjelm-Hansen.
Nedskjeringane i arbeidsmarknadstiltaka har òg gått ut over forefallande arbeid, registrering og katalogisering.
Gode folk
Eit problem for musea i dag er at ein manglar pengar til vedlikehald, katalogisering og registrering. Gjenstandar vert tekne vare på i bygningar som har taklekkasjar eller konstruksjonssvikt. Museumsforbundet er uroa over stoda til musea etter at arbeidsmarknadsmidlane vert tekne bort i år.
Dette får store verknader for musea, seier Målfrid Snørteland, som er fungerande styreleiar i Norges Museumsforbund.
Mange av aktivitetane på musea har vore oppretthaldne på grunn av desse midlane. Snørteland seier at musea har stilt seg til disposisjon for arbeidsledige. Til dømes har mange handverkarar fått skolere seg og bruke kunnskapane sine.
Det var mykje gode folk ledige, seier Snørteland.
Dessutan meiner ho at musea kan vera gode arbeidsplassar for folk med ulike yrkeshemmingar.
Ikkje berre fuglar
Generalsekretæren i Norges museumsforbund vonar musea får ein større plass på budsjetta for neste år.
Eit museum er ikkje berre ein bygning med til dømes nokre utstoppa fuglar. Eg håpar at kulturminneåret gjer folk klar over kor viktig oppgåva til musea er.
Snørteland seier at driftssituasjonen for ulike museum er vanskelegare enn på lenge. Mest alle musea har problem. Løysinga på problemet, slik Snørteland ser det, er at staten må auka midlane til museumsføremål i fylka, og prosjekta som allereie er sette i gang ved hjelp av arbeidsmarknadsmidlar må få direkte tilskot.
Mange vedlikehalds- og registreringsprosjekt er sette i gang, no stoppar mange av dei opp.
Snørteland fortel at kravet frå politikarar om å auka aktivitetane på musea som er retta mot publikum, har ført til at andre oppgåver på musea har vorte nedprioriterte.
Det kostar pengar og det krev arbeidskraft å gå ut til publikum.
Klar over vanskane
Informasjonssjef i Kulturdepartementet, Berit Griebenow, seier at dei er klare over problema nedskjeringane har ført til.
Me har vorte orienterte om vanskane av Museumsforbundet, men dette året er det ikkje så mykje som kan gjerast. Endringane må koma på neste års budsjett, seier Griebenow.
Avgjerda om å ta bort sysselsetjingsmidlane vart teken i stortinget like før jul.
Regjeringspartiet var ikkje med på denne avgjerda. Det er noko kulturministeren har lagt vekt på, seier Berit Griebenow.
|