Dag og Tid nr. 28, 10. juli 1997
Leiar:
Politikarane og sirkusdirektørane
Den nest største laussalsavisa i landet er så uroa at ho ikkje nøyer seg med Forakten for politikere som tittel på ein leiar denne veka. I staden nyttar ho den mykje sterkare tittelen Forakten for politikk. Kva er det som er i ferd med å skje? Har Dagbladet nokon som helst grunn til å vera uroa?
MMI har utført ei undersøking for Oslo politikammer blant veljarane i Oslo. Undersøkinga viser at mistilliten til politikarane veks. Politikarane er den yrkesgruppa nordmenn har minst tillit til, skriv Dagbladet, som får ein professor i statsvitskap til å ringje med stormklokkene:
Dette er en dramatisk situasjon som vi ikke bare kan kimse ad, seier Johan P. Olsen.
Dagbladet fordeler sjenerøst skulda for elendet blant norske politikarar: Arbeidarpartiet, som har greidd å utradere sin eigen profil; Thorbjørn Jagland, som ikkje har greidd å forvalte arven etter Gro Harlem Brundtland; den ikkje-sosialistiske opposisjonen, som i heile stortingsperioden har kunna danna ei fleirtalsregjering dersom han hadde slutta å krangle og teke veljarane alvorleg etter førre stortingsvalet; det nye sentrumssamarbeidet, som berre er eit luftig og urealistisk alternativ.
Det er naturlegvis alvorleg at folk ikkje gidd å høyre på politikarane lenger, men forklaringa til Dagbladet er likevel så lettvint og overflatisk at det er umogeleg å ta henne alvorleg. Dessutan ser ho fullstendig vekk frå ein viktig deltakar i norsk politikk: Media sjølv.
Kvifor skal folk ta politikarane alvorleg, når dei har gjort vedtak etter vedtak dei siste ti åra for å gjera seg sjølve overflødige?
På samfunnsområde etter samfunnsområde har dei flytta makt ut av Stortinget og inn i stengde rom. NRK er fristilt, Postverket meir sjølvstendig, NSB frigjort, Televerket marknadstilpassa, energilovgjevinga avdemokratisert, handelspolitikken låst i EØS og WTO for å nemne nokre døme på område der stortingsfleir-talet dei siste åra har kjempa for å gjera Stortinget overflødig.
Det er alvorleg når dei som er sette til å forvalte demokratiet, avskaffar det bit for bit med simpelt fleirtal i stortingssalen. Slike folk får ein ikkje tillit til. Det gjer det vel heller ikkje så mykje lettare at den politiske debatten må slite med sirkusdirektørane i Akersgata.
Audun Skjervøy
|