Dag og Tid nr. 28, 10. juli 1997

Kommentar:
Onkel Sam har bursdag

Sartre og de Beauvoir utvikla ein massiv amerikakritikk, skriv Stephen Walton.

Fristen som eg fekk for denne kommentaren var 4. juli. For oss oldingar som minnest 70- og jamvel 60-talet, tyder denne dagen berre éin ting: Imperialismens store festdag, reaksjonens førstemai. Framleis fell det nokre av oss tungt for brystet å ønskje onkel Sam til lykke med dagen, så mykje rangt som han har visst å stelle i stand i verda. Og meir sympatisk er han neppe blitt sidan han gjekk av med sigeren, erklærte historia for slutt og marknadsliberalismen for den einaste tillatne trua. Når ein ser på markisene i Frognerparken, og alt det gøyale som amerikanarane og dei norske medløparane deira finn på der på denne dagen, kan ein ikkje anna enn undrast om dette verkeleg er noko å feire. Kanskje ein heller burde stå i stille bønn og reflektere over dei tallause offera denne aggressive stormakta har kravt, og sørgje over sviket mot dei revolusjonære ideala frå 1776.

Fordummande

Under modernitetens glanstid, som varte frå 1945 til 1975, var det vanleg at intellektuelle på den europeiske venstresida stilte seg kritiske både til Amerika i det heile og til det ein jamt omtala som amerikaniseringa av Europa. Bjørneboe gav ut ei essaysamling med den råkande tittelen Vi som elsket Amerika, og Sigmund Skard analyserte stoda i Målstrid og massekultur, berre for å ta to norske eksempel frå 60-åra. Dei målber dei stereotypiske klagene over ein fordummande, forflata massekultur som fungerer som skalkeskjul for ein enorm, delvis offisielt inspirert, kriminalitet. Kritikken frå venstresida mot Amerika og amerikaniseringsprosessen kunne lett få eit elitistisk og kulturkonservativt preg, noko tittelen på Skards bok elles røper.

Moderniteten var tufta mellom anna på gode tankar om sosial likestilling og økonomisk utjamning. Dette førte med seg auka personleg forbruk. Det første samfunnet der store samfunnsgrupper hadde opplevd stort personleg forbruk, var USA. Dermed ugjorde USA eit førebilde, jamvel eit mønster, når ein skulle orientere seg i det nye landskapet med varer. Den franske sosiologen Jean Baudrillard har sagt det i klartekst: Amerika er modernitetens opphavlege versjon. Vi europearar er den teksta versjonen.

Amerikanske styresmakter gjorde også ein kjempeinnsats for at europeiske intellektuelle i etterkrigstida skulle oppfatte moderniseringsprosessen som eit amerikansk åtak mot kontinentet vårt. Marshall-planen, NATO, infiltrasjonen av forbruksikonar av typen Coca-Cola, dei direkte politiske inngrepa i mange land for å halde kommunistane unna regjeringsmakta, Vietnam-krigen ikkje minst – ja, ein ser ikkje skogen for berre svin.

Det som avløyste førestellinga om amerikanisering var den såkalla globaliseringa. Den kjem rundt 1975, og fell saman med postmoderniteten. Ideen om globalisering byggjer på eit paradoks. Amerika mista statusen som leverandør av ny teknikk og av utopiar. Økonomisk saktna landet akterut. Skilnaden i levestandard mellom folkefleirtalet i Amerika og i Vest-Europa forsvann, og vart snudd om. Den amerikanske produksjonen og levestandarden vart haldne oppe einast ved hjelp av private lån og underskot på alle offentlege budsjett. Den sosiale elendiggjeringa der vart straks synleg for dei etter kvart fleire europearane som for dit. Det som gir USA ein del av sin unektelege sjarm, er meir og meir dei arkaiske innslaga. Slike innslag vert likevel mindre sjarmerande når dei pregar sosiale haldningar, så som oppglødinga for dødsstraff, forfølginga av kvinner som tek abort, den grunnlovfesta retten til å gå med skytevåpen m.m. Årsaka til at USA i 1980- og 90-åra drukna i gjeld, er Reagans rustingskappløp mot Sovjetunionen. Dette resulterte i at USA festa sin status som militær supermakt. Men samtidig som denne politikken køyrde Sovjet i senk, øydela han også det sosiale og økonomiske systemet i USA. Dette er paradokset.

I det globaliserte samfunnet flytter kapitalen og produksjonen dit utbyttet er størst. Dei estetiske mønstra kan gjerne vere amerikanske, men treng ikkje vere det. Kapitalen bak for eksempel amerikainspirerte moteklede, som utan unnatak er laga i den tredje verda, treng heller ikkje vere amerikansk. Trekket ved globaliseringa som har interesse her, er at Amerika forsvinn som agent. Dei intellektuelle har brått mista adressa til vondskapen i verda. I staden for den amerikanske basillen, har vi fått det globale viruset. Basillar kan behandlast av legar. Virus slår til overalt, kva tid som helst, og kan ikkje avlivast.

Mytestrukturar

Overgangen frå amerikanisering til globalisering som forståingshorisontar for kulturendringsprosessane er interessant. Han seier ikkje så mykje om det kvalitative innhaldet i kulturendringane, som stort sett stemner fram i same leia som før. Det vil seie at vi i stadig større grad ser dei same filmane, les dei same bøkene, går i likeins klede og hører den same musikken same kor vi er hen i den relativt velståande delen av verda, som forresten også er nøydd til å bli stadig større. Amerikanisering og globalisering er derimot svært interessant som mytestrukturar, fordi dei fortel om korleis dei intellektuelle i Europa har oppfatta sin eigen situasjon.

Under moderniteten voks massekulturen fram under påtrykk av ein stigande levestandard. Motkulturane vart kommersialiserte. Dei intellektuelle, særleg det Gramsci kalla dei tradisjonelle intellektuelle, mista makt og prestisje. Stadig større delar av samfunnet vart fritekne frå idedebatt og lagde ut på marknaden, noko som også svekte posisjonen til dei intellektuelle. Da Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir (alias fru Sartre) drog til USA i 1940-åra, skjønte dei kor utviklinga bar hen, og utvikla ein massiv amerikakritikk på grunnlag av det komande stillingstapet til dei intellektuelle i Frankrike. Dei intellektuelle forma aldri ut nokon effektiv strategi for å motverke det statustapet som var i kjømda. I staden tolka ein moderniseringsprosessen om til ein metafor, amerikanisering. Her kom overmakta og hærtok dei respektive europeiske samfunna deira. I dette idekomplekset kunne dei setje seg sjølve i scene som leiarar for motstandaren. Dei tilla seg sjølve ei rolle. Men motstanden kom ikkje, ikkje minst fordi dei intellektuelle ikkje ville eller kunne sjå det frigjeringspotensialet som låg i den kommersielle kulturen, ei frigjering, som Kjartan Fløgstad har sagt, frå dei endelause rekkjene med eskelandar.

Førestellinga om globalisering byr iallfall på den store fordelen at ho er meir truverdig. Ho byggjer på ei innrømming av at vi alle saman er medskuldige i den nye kulturen som held på å vekse fram. Ho gjer også maktesløysa til dei tradisjonelle intellektuelle synleg. Denne maktesløysa er betinga av at ein ikkje lenger veit kor fienden held til. Men så var jo ikkje “fienden” under amerikaniseringa eigentleg nokon fiende heller, han var langt på veg ein myte. Det var vi, i våre europeiske land, som i all hovudsak har valt den samfunnsforma vi faktisk har fått. Når dei intellektuelle ikkje har hatt meir dei skulle ha sagt, er ikkje det amerikanarane sin feil. For dei intellektuelle under postmoderniteten er det berre ein strategi som fører fram, den som slo amerikanarane der dei verkeleg opptredde som fiende, i Vietnam. Den heiter geriljakrig.
Stephen Walton

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |