Dag og Tid nr. 28, 10. juli 1997

Herbjørn Sørebø:
Ha-ha-ha! sa Carl I

Dersom dei beste resultata Framstegspartiet har fått på meiningsmålingane nå på føresommaren skulle ha slått til, ville Carl I. Hagen ha oppnådd noko han knapt har våga å drøyme om. Partiet ville ha fått den nest største gruppa på Stortinget, og då kunne partieigaren ha jaga Senterpartiet ut av det nest største grupperommet. Høgre tapte bruksretten til det for fire år sidan. Det var tungt for høgrefolka å bli tvinga til å forlate eit grupperom som dei av tradisjonen kjende som sitt eige, og den nyvalde gruppa i Senterpartiet gjorde så mykje ut av denne flyttesjauen som dei kunne. Nå har meiningsmålingane gjort dei budde til å flytte att.

Høgre har sett det som eit mål å få den nest største stortingsgruppa igjen. Så søtt har høgrefolka drøymt om dette at det var tungt å vike plass for Senterpartiet, så kjem dei til å oppleve det som eit enda hardare slag å sjå Carl I. Hagen og mannskapet hans i den rolla dei har tiltenkt seg sjølv. Men dei har seg sjølv å takke. Høgre har aldri våga å ta oppgjeret med Framstegspartiet, tvert imot har det gamle konservative partiet stelt seg slik at Carl I. Hagen kan tillate seg å seie til høgrefolk: – Røyst på Frp, for det er originalen. Høgre er kopien. På toppen av det heile har Høgre late seg drive inn i isolasjon.

Dei gode meiningsmålingane for Framstegspartiet har ført til panikk i dei andre partia, for Carl I. Hagen sankar røyster på begge sider av den tradisjonelle delestreken. Nå skal alle ta Framstegspartiet. På tampen av stortingssesjonen opplevde vi at Arbeidarpartiet og mellompartia gjekk til noko som likna ein samordna aksjon. Sylvia Brustad kalla politikken til Framstegspartiet kvinnefiendtleg. Johan J. Jakobsen snakka om ein politikk som ikkje heng i hop, og Kjell Magne Bondevik følgde opp med at det aldri er råd å vite kva Carl I. Hagen finn på. – Di større Framstegspartiet blir, di vanskelegare blir det å stable på beina ei anna regjering, sa Kjell Magne Bondevik, som så motstrevande har teke på seg å vere statsministerkandidat.

Den 15. august skal statsminister Thorbjørn Jagland møte Carl I. Hagen til duell i Trondheim. Nå skal politikken til Framstegspartiet plukkast frå kvarandre så folk forstår kva dette partiet står for. Carl I. Hagen skal knusast. Men vi skal ikkje vere visse på utfallet av denne duellen. Thorbjørn Jagland kjem iallfall ikkje til å få det så lett som sentrumskameratane gjorde det for han i ordskiftet i NRK-Fjernsynet for ei tid sidan, då dei som vil skipe regjering vart rykande usamde om sentrale politiske spørsmål. Carl I. Hagen kan vere offensiv, han kan vere djupt såra og vonbroten når det høver seg, og han er ein meister i å bortforklare både mangelen på samanheng i og verknaden av den politikken han vil føre. Mange opplever han som sakleg når han er på sitt mest usaklege. Thorbjørn Jagland skal ikkje famle mykje dersom han skal hekte Carl I. Hagen i dei svingane han kan prestere. Carl I. Hagen har også på ein måte vunne ein etappe ved at statsministeren har peika han ut som ein hovudmotstandar ved å utfordre han til duell.

Vi skal merke oss den kommentaren Carl I. Hagen hadde til at så å seie alle dei andre partia vil gå til aksjon mot partiet hans. – Ha, ha, ha! sa han, og han gjorde det klart at han ikkje skjelv i buksene. Han veit kva han duger til, og det kan vere ein føremon at alle dei andre kastar seg over han. Det kan vere årsak til at mange kjenner sympati for han, og han legg opp til å vekkje slike kjensler med å seie at han er redd for å oppleve ein amerikansk valkamp som går ut på å ta mannen og ikkje ballen. I alle år har vi høyrt denne mannen syte og klage over at det blir gjort urett mot han, ikkje minst av media – som han kan takke for den posisjonen han har. Ingen har funne oppskrifta på korleis Carl I. Hagen skal stoggast. – I eit komplisert samfunn er det så lett å lytte til dei veldig lette løysingane, seier ein fråfallen Frp-ar, Oscar D. Hillgaar. Det har han rett i, og til dette kjem at flink, det er Carl I. Hagen sanneleg, så flink at han sankar røyster i landsdelar som ville bli avfolka med politikken hans.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |