Dag og Tid nr. 28, 10. juli 1997
Film:
Moro med det pregenitale
Endå ein småabsurd dragkomedie frå Australia, denne gongen om romantikk og løgn med freudianske undertonar.
All men are liars
Australsk 1995
Manus og regi: Gerard Lee
Forfattaren og regissøren Gerard Lee har ikkje mykje til overs for seriøs kunstfilm, som til dømes eks-kjærasten Jane Campions Piano, seier han sjølv. I All men are liars lar han eit piano uvørde dette av eit lasteplan for så å la det bli knust av eit tog. Sjølv er han heller innstilt på meir folkeleg komedie, men ikkje utan djupare meining.
Lee og Campion skreiv manuskriptet til Campions debutlangfilm Sweetie saman, men Lee hevdar at han først og fremst tok seg av dei komiske scenene. Dei to har òg tidlegare laga kortfilmen Passionless Moments.
Kjønnsbyte
I All men are liars dreier det seg mellom anna om kjønnsbyte, slik det òg gjorde i dei australske filmane Muriel's Wedding og Priscilla Queen of the Desert, og det byrjar nesten å minne om ei minibølgje frå det fjerne kontinentet.
I denne filmen er det 17-åringen Mick som kler seg i kvinneklede for å få jobb som gitarist i eit jenteband, eit påfunn som fort kan føre til Tootsie-liknande konfliktar.
Hovudpersonen Mick er, trass i transvestitt-forkledinga, kan hende ein av dei meir normale i filmen, for elles ser folket i den vesle byen Worondilla ut til å vere sterkt hemma av pregenitale forstyrringar og Elvis-fiksering. Og der ligg både komikken og alvoret. Filmen er full av snåle karikaturar, frå klassiske bajastypar til den lokale evneveike.
Romanse
Kjernen i historia er tilløpa til ein tilsynelatande lesbisk romanse mellom Mick, eller Michelle som han kallar seg, og vokalisten i jentebandet Total Fire, Angela. Ho har lova å stikke den neste mannen som lyg til henne, mange gongar med ein kjøkkenkniv. Og med manglande tru på lykkeleg interkjønnsleg kjærleik, opnar ho seg for at Michelle kan vere eit lykkelegare alternativ.
Den nemnde pianoknusinga har òg eit djupare lag. Pianoet tilhøyrer nemleg mor til Mick som i innleiinga av filmen spelar eit klassisk stykke. Far er meir folkeleg innstilt på Elvis og rock. Slik blir det feminine, representert ved klassisk pianospel, symbolsk spelt opp mot og bokstaveleg knust av ein heller vulgær og dominerande maskulinitet i det faren på eige initiativ overlet pianoet til pantelånaren.
Traumatiske løgner
Tittelpåstanden om menneska spelar vel så mykje på dei traumatiske løgnene vi pakkar oss sjølve inn i, som på løgnene vi serverer andre. Når det gjeld det siste, ser Lee ut til å meine at kvinner trass alt er meir ærlege enn menn, og at svaret på problema til mannen ligg i det feminine. Då reknar eg med at Lee tenkjer på det å vere ærleg, og ikkje at mannen bør kastrerast.
All men are liars er småartig og pussig, men roter kanskje vel mykje i den meir alvorsame og freudianske underteksten. Eg synest kan hende òg at romansen mellom Angela og Mick manglar dramatisk sprut. Likevel ber filmen heilt i mål, ikkje minst takk vere Toni Pearens sjarmerande tolking av Angela, og debutanten David Prices dragoppvisning. Veteranen John Jarratt stel òg mykje av showet som Elvis-etterlikninga Barry O'Brian.
All men are liars tar aldri heilt av, men så er filmen òg ganske jordnær i alt det absurde. Og det er heilt sant altså.
Hallvard Østrem
|