Dag og Tid nr. 28, 10. juli 1997

Bøker:
Ein innfallsport  til færøysk litteratur

“Barbara” er ein svært god roman, som ein bør lese før ein ser filmen som er klar i oktober, skriv Oddmund Hagen.

Jørgen-Frantz Jacobsen:
Barbara
Oktober


Færøyingen Jørgen-Frantz Jacobsen (1900-38) skreiv ein einaste roman, og den blei han heller ikkje heilt ferdig med før han døde av tuberkulose slik at vennen, den ikkje heilt ukjende William Heinesen, fullførte manuskriptet og leverte det til danske Gyldendal. Der blei det refusert av Paul la Cour med den grunngjevinga at romanen ikkje var original nok. Det var til og med ein ide om at romanen skulle skrivast om av den danske forfattaren Palle Rosenkranz. Dette blei det heldigvis ingen ting av, og romanen kom ut i 1939 og har seinare fått ein eineståande posisjon i danskspråkleg litteratur og blir i dag rekna som ein klassikar i nordisk samanheng. Den er omsett til over 20 språk.

Basert på segn

Handlinga er lagt til Færøyane rundt 1760 og bygger på ei gammal segn om den vonde Beinta og presten Peder Arrheboe. Segna fortel at Beinta (eller Bente Kristine Broberg 1668-1752) var gift med tre ulike prestar. Dei to første tok ho livet av, den siste måtte gå frå stillinga si. I segna blir ho framstilt som demonisk, ond og utspekulert, samtidig som ho også er vakker og forførande. Ho var født utanfor ekteskap. Mora var hoffdame i København, og på Færøyane har det versert rykte om at Beinta var dotter til Fredrik 3. Ho var i alle fall ikkje dotter til sorenskrivar Broberg som mora gifta seg med da ho kom til Torshavn.

Erotisk urkraft

Jacobsens Barbara låner mange trekk frå den historiske og skandaliserte Beinta, men i staden for å fordømme henne, løftar han henne fram som ei levande, samansett og fascinerande kvinne i eit samfunn bygd på skrivne og uskrivne reglar om kva som passar seg og ikkje passar seg. Barbara bryt alle konvensjonar og er styrt av sine eigne kjensler og innfall i eit spel ho langt på veg gjennomfører, men som også fører til hennar eige fall. Ho kan fort oppfattast som umoralsk, dum og utan sosial intelligens, men det er også mulig å sjå henne som amoralsk, ei erotisk urkraft i tilværet, ei som lever utanfor splittinga mellom ånd og kropp, og det var slik Jacobsen ønskte å framstille henne, som ein hyllest til sjølve livet og menneskenaturen.

Forført

Romanen startar i Torshavn. Den nye presten til Midvåg på Vågøy, Paul Aggersøe, kjem fersk frå København. Han er utan dei store erfaringane i livet, litt veik og blodfattig, men han blir fort dratt mot Barbara som ikkje legg skjul på kva slags ærend ho er ute i. Ho har vore gift to gonger før og har enda eit forhold bak seg, og sjølv om herr Paul blir åtvara, greier han ikkje styre unna, og han vil det heller ikkje. Han gifter seg med henne og blir dratt inn i noko han ikkje har kontroll over, og når han blir liggjande verfast på ei tenestereise til Mykines, drar den ustadige og naive Barbara til Torshavn i følgje med sjarmøren Andreas Heyde som nettopp har vendt tilbake frå studia i København. Det er frekt og freidig gjort, det er utruskap utan blygsel, det er overmodig og dømt til å påkalle ikkje berre prestens vreide, men også småbyens forakt. Tragedien i det heile er at der Barbara møter den store kjærleiken, møter ho også kjærleikens svik. Ho møter seg sjølv i døra, rett og slett. Korleis det går til slutt, skal ikkje røpast, men ingen når den lykka dei søker, aller minst Barbara.

Lun ironi

Sjølv om romanen er spunnen rundt ei trekanthistorie, er det likevel eit rikhaldig og samansett persongalleri vi møter både innanfor embetsstand, handelsstand og den færøyske bondestanden. Jørgen-Frantz Jacobsen var historikar og journalist og gav ut to bøker med emne frå færøysk historie og samtid. Han hadde dermed inngåande kjennskap til det stoffet han tar opp i “Barbara”, og han gir svært livaktige og detaljrike miljøskildringar og frodige folkelivsskildringar frå eit samfunn i brytninga mellom pietistisk tvang og dogmatisme og ein gryande opplysningsoptimisme. Dei mange opptoga og scenane er framstilte med lun ironi og med blikk for det komiske og narraktige i eit samfunn der alle veit alt om alle og der slarv og sladder krydrar kvardagen. Ikkje alle på Færøyane likte romanen da den kom ut, for parallellane til samtida var ikkje alt for godt kamuflerte, og Jacobsen sa sjølv at han brukte levande modellar til mange av romanfigurane.

Kunstnarisk testamente

Det er ikkje vanskeleg å sjå at Jørgen-Frantz Jacobsen kjende sin Hamsun og sin namnebror J.P. Jacobsen og “Fru Marie Grubbe”. Både språket og stilen peiker mot denne slektskapen, og det er vel heller ikkje vanskeleg å sjå William Heinesens finger i sluttproduktet. Det er sjølvsagt ingen ting feil ved det. Romanen står på sine eigne bein, og den er utan tvil Jørgen-Frantz Jacobsens kunstnarlege testamente. Det var også William Heinesen klar over, og i 1958 redigerte han eit utval av Jacobsens brevvekslingar under tittelen “Det dyrebare liv”.

“Barbara” kom på norsk alt i 1940. Seinare er den omsett til nynorsk ved Ivar Eskeland. Knut Johansen står for den siste omsetjinga. Den tar fint vare på det litt gammalmodige danske språket den blei skriven i, og dei gamle salmetekstane som dannar klangbotn gjennom store delar av romanen, står uendra. Ja, Jørgen-Frantz Jacobsen tenkte å kalle romanen “Far Verden, far vel” etter den kjende Kingo-salmen, men han ombestemte seg.

I desse dagar blir romanen filma og er premiereklar i oktober. Det er ein nordisk samproduksjon under regi av danske Nils Malmros og med norske Anneke von der Lippe som Barbara. Men før ein ser filmen, bør ein lese boka. Det er ein svært god roman, og la den bli ein innfallsport til Færøyane og færøysk litteratur, med Jacobsen og Heinesen i spissen.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |