Dag og Tid nr. 25, 19. juni 1997

Musikk:
Fire folkelege

Folkemusikk, folkeleg musikk, opprocka folkemusikk og oppjazza folkelege salmar.
Det blir fire plater for dei som likar at det skjer noko med musikken.

Chateau Neuf Spelemannslag:
Tjuvgods
Grappa

Kirsten Bråten Berg, Solo Cissokho, Kouame Sereba og Bjørgulv Straume:
Frå Senegal til Setesdal
Grappa

Arne Domnerus' Kvartett:
Evergreens fra Kanaan
Kirkelig Kulturverksted

Ragnar Vigdal:
Tonereise til ei gamal samtid
Kirkelig Kulturverksted


“Amerikanisert”, ville truleg Knut Buen ha sagt om det Chateau Neuf Spelemannslag driv på med. På ein måte har han rett, men det er ikkje spesielt negativt. Chateau Neuf Spelemannslag gav ut plata Spell for knappe halv-anna år sia. Ei glimrande debutplate, der det “mann”sterke laget trakka nye far i enga av norsk folkemusikk. Dei nyttar elektriske instrument saman med tradisjonelle, dreg folkemusikken inn i ei ramme av rock og jazz utan å ta sjela frå musikken, leikar seg fram til nye slåttar med respekt for dei gamle, og ler av gravalvoret i delar av folkemusikkmiljøet.

Velspelt vellyd

Tjuvgods leikar spelemannslaget seg vidare med norsk folkemusikk – og helst med den delen av folkemusikken som svingar. Dei 18 halv-elektriske musikarane har kasta seg over fleire norske slåttar, norske stev og i tillegg snikra saman nokre nye. Her er det springleik, pols og masurka med eit sug like godt som det den beste rørosspelemann kan få til, her er trampande gangarar og leikande hallingar, nydeleg harmoniserte stev, velspelt vellyd, gode instrumentalarrangement og flotte vokalarrangement.

Dessutan: Her er glimrande nyskaping: Bassist Åsmund Reistads “Den store paipolsen” med austnorsk toneføring kallar på danselysta, klarinettist Carl Petter Opsahls pols “Roseleiken” med synkoperte artig-vriar kitlar trommehinnene, klarinettist Elisabeth Vatns springleik “Skalle-Per” med skeiv-skakke tonar og rockekomp pirrar nyfikna – for å nemne noko av nyskapinga.

Rett nok har nokre av slåttane noko Gammal-Søyr-aktig over seg, med litt for mange øksemerke frå den første tida med oppjazzing av norsk folkemusikk. Det skjemmer ikkje ut plata så mykje at det er verdt å nemne. Når ein er i det velvillige hjørnet, kan ein vel seia at det heller er med på å gjera lina frå folkemusikk til rock meir heilskapleg.

Friskt og djervt, kunne gamlekarane seia om dei skulle tvingast til å setja eit stempel på Tjuvgods. Det er presist. Så kunne ein leggje til, på modernsk: Og ikkje så lite lekkert.

Forbrødring

“Afrikanisert” ville truleg Knut Buen ha sagt om plata Frå Senegal til Setesdal der to afrikanske og to norske folkemusikarar møtest til musikalsk mangekamp. For 10-15 år sia ville dette truleg ha vore både eit originalt og spennande prosjekt. I dag er det ikkje anna enn ei av mange plater med etnisk forbrødring over eksotiske musikkinstrument.

Jo da. Kirsten Bråten Berg syng like innlevande, sterkt og overtydande som ho alltid har gjort, og munnharpa kling sprøtt og fjellhåst mellom tennene hennar. Bjørgulv Straume får òg munnharpa til å dirre, og deler ut mannsrøysta si til dei norske folke-tonane.

Solo Cissokho speler på koraen sin, ei harpe der resonanskassa er ei halv frukt frå kalebass-treet med antilopeskinn over. Han pludrar med fingrane over strengene og syng dei afrikanske folketonane med akkurat så sprø og hås stemme som vi forventar at han skal gjera.

Kouame Sereba slår på djemben (tromme av uthola trestamme der eit geiteskinn er spent over) og får do-do-en (munnbogen) og stemmebanda til å vibrere.

Dei er flinke alle saman. Og liker ein slike forbrødringar, er det litt av kvart å hente på plata. Men ho er veldig tradisjonelt utradisjonell.

Gammalt salmenytt

For 16 år sia gjekk Arne Domnerus' kvartett inn i Gamle Aker kirke i Oslo for å spele inn ei plate. Det var modig gjort, for han skulle jazze opp dei kjæraste folkelege salmane som var å oppdrive i Noreg og Sverige. Dei jamma fram jazz-arrangement på salmar som “Bred dina vita vingar”, “Blott en dag”, “Lær meg og kjenne dine veier”, mellom andre. Plata, Evergreens fra Kanaan vart skakande vakker. Så vakker at Kirkelig Kulturverksted har valt å dele henne med ein ny generasjon platekjøparar.

Det var eit godt val.

Plateselskapet har ikkje gjort noko dårlegare val ved å gje ut plata Tonereise til ei gamal samtid med Ragnar Vigdal, ein særprega folketonesongar som bar i seg fleire hundreår med religiøs songtradisjon. Dette er sjeldant, det er eit kulturhistorisk dokument, og det er til tider sært for moderne norske øyre. Men i små dosar er det utruleg fascinerande, og stundom får ein ei kjensle av at Ragnar Vigdal like gjerne kunne ha sete utafor ein moske i Tyrkia som ei trekyrkje i Noreg. Men det dreier seg altså om religiøse folketonar frå eit pietistisk miljø i Indre Sogn.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |