Dag og Tid nr. 25, 19. juni 1997
Leiar:
Trøytte menn
I førre veke diskuterte Stortinget norsk distriktspolitikk, kunne avisene rapportere. Dette var reprisen, attergangaren. Dei innlegga, replikkane og svara som vi har høyrt hundre gonger før; dei politiske posisjonane, fraksjonane og standpunkta som har ridd oss som ei mare med jamne mellomrom gjennom heile 90-talet. Når Stortinget diskuterer distriktspolitikk, får ein lett inntrykk av at det handlar om ein gjeng med gamle kallar som ryggar inn i framtida med blikket mot fortida. Senterpartiet er ikkje så mykje betre enn Arbeidarpartiet, sjølv om senterpartistane lager mykje bråk med stolane i stortingssalen.
Eitt av dei store problema med norsk distriktspolitikk er at han har vore sydd over same lesten iallfall dei siste 20 åra, og at den same politiske retorikken har vore brukt av ymsande regjeringar dei siste ti.
Det er mogeleg at Johan J. Jakobsen har gløymt det, men da han sat som Sp-leiar og kommunalminister, leverte han ei distriktmelding for Nord-Noreg, der han lanserte omgrepet robust bosetningsmønster om målet for distriktspolitikken. Dette betinger vekstkraftige sentra lokalt og regionalt, meinte han. Samstundes ønskte han å opprettholde hovedtrekkene i bosetningsmønsteret. Høyrt det før? Sju år seinare heiter kommunalministeren Kjell Opseth, han kjem frå Arbeidarpartiet, og meiner at Målet for distrikts- og regionalpolitikken er å halde oppe hovuddraga i busetjingsmønsteret og å utvikle robuste regionar i alle delar av landet.
Og hadde Johan J. Jakobsen vore kommunalminister i dag, ville han truleg ha klaga på same måten som Kjell Opseth: Det er ikkje dei økonomiske ressursane som manglar, men dei gode ideane.
Slik kan dei altså mulle, dei gamle kallane, utan å sjå dei gode ideane. For dei finst, dei, viss ein vender blikket mot framtida og distrikta. Dessverre er det vanskelegare å finne dei gode politikarane.
Audun Skjervøy
|