Dag og Tid nr. 25, 19. juni 1997

Energi:
Friskt pust frå Kværner

Eit norsk konsern har ambisjonar om å bli største vindmølleprodusenten i verda . Kværner rår over teknologi, kontaktar, ressursar og eit to tusen kilometer langt forsøksfelt – norskekysten.

JOHAN BROX

Men danske konkurrentar har noko som Kværner vantar: Hjelp frå Staten og dei statsfinansierte forskingsråda. Kjell Opseth sit med hovudet i handa og etterlyser distriktsidear.

– Det er ikkje økonomiske ressursar me manglar i distrikta, men gode idear, sukkar kommunalministeren i Noreg.

– Noreg produserer ikkje lenger straum nok til å dekka eige forbruk, akkar energiministeren.

Større turbinar

– Her må det vera nokon som har sove i timen, fastslår Bjørn Ottar Wille, administrerande direktør ved Kværner Eureka på Tranby.

– Men denne gongen er det ikkje Kværner. Er det sant at de satsar på å vinna verdsmarknaden for vindkraftverk frå danskane?

– Dotterselskapet vårt, Kværner Turbin i Kristinehavn i Sverige, har arbeidd med vindkraft frå midt på 70-talet. No har me utvikla ein teknologi som er oppegåande, og den vil me no flytta heim til Kværner Eureka på Tranby og utvikla vidare her, seier Wille.

– Dagens Næringsliv skriv at vindmølleproduksjonen kan skapa hundrevis av nye arbeidsplassar på Tranby. Kor konkrete er desse planane?

– I fyrste omgang, før eller rett etter fellesferien, skal me stabla på beina eit evalueringslag som har til oppgåve å finna ut korleis vindkrafta kan bli konkurransedyktig. Korleis me skal få produksjonsprisen ned mot 20 øre per kilowattime.

– Og kva er løyndomen?

– Me satsar på større vindturbinar enn andre, til dømes danske produsentar, gjer. Dei satsar i området 1,5-1,6 megawatt. Våre turbinar er på 3 megawatt. Tårnet er 80 meter høgt, og vengediameteren 70 meter.

Framtidsteknologi

Dermed vil dei norsk-produserte vindmøllene måla heile 115 meter frå fundament og til øvste vengespissen. Men det er ikkje berre storleiken som skal skilja dei frå danske, serieproduserte vindmøller. Dei danske møllene brukar tradisjonelle vekselstraumsgeneratorar, som må gå med same fart uansett kor lite eller mykje det bles. Desse har ei stor og dyr girkasse som krev etter måten mykje vedlikehald.

Kværner vurderer å bruka likestraumsgeneratorar som står på same aksling som møllevengene, og som går så fort eller seint som vindstyrken tilseier. Dermed blir dei lettare, enklare og meir effektive enn dei danske konkurrentane. Likestraumen må omformast til vekselstraum før han kan koplast til nettet.

– Dette er ein ny og framtidsretta teknologi. Spørsmålet er om me skal våga å satsa på han, eller om me skal basera oss på det tradisjonelle og velprøvde, seier Eureka-direktør Bjørn Ottar Wille.

– Er det interesse for vindmøller i Noreg?

– Utan tvil. Me har møtt interesse langs heile kysten frå Vestlandet til Trøndelag og Nord-Noreg. Somme stader finst interesse, men ikkje vêrdata. Andre stader finst både interesse og vêrdata.

– Me vil byrja med vindmålingar, og etter kvart reisa fem forsøksturbinar på ulike stader langs kysten, med ein samla effekt på 15 megawatt.

Bjørn Ottar Wille forkla-rer at noko av grunnen til at Kværner satsar på store vindmøller, er at dei danske og tyske parkane med etter måten små møller lir av plassmangel.

– Kan vindkraft-satsinga til Kværner tolkast til at de trur marknadsprisen på kraft vil stiga?

– Prisen har gått litt ned i år, ikkje mykje. Men på lenger sikt vil energiprisane gå opp. Mellom anna av di Noreg produserer for lite til å dekka eige forbruk, og av di det er marknad for norsk kraft i Europa.

Dei som er med

Dagens Næringsliv skriv at Kværner Eureka har kontakt med Statkraft, Norsk Hydro på Karmøy og Norsk Miljøkraft AS i Tromsø. Og som tidlegare omtalt i Dag og Tid planlegg sistnemnde milliard-investeringar i vindenergi i dei tre nordlegaste fylka. Kværner har òg hatt kontakt med verksemder som Møller på Jevnaker, Excon i Sandnessjøen, attåt lokale energi- og kraftverk, som vindparkane langs kysten kan knyta seg til.

Dermed kan me slå fast at bransjen er på banen. Også pressa skriv flittig om vindkraft om dagen, og skal ein dømma etter responsen på artiklane som har stått i Dag og Tid, er også folket langs kysten nyfikne på vindkrafta.

Dei som ser det an

Dei som er fråverande i debatten om utbygginga av vindkraft og utviklinga av ein nasjonal vindenergi-industri, er dei statlege styresmaktene. Og følgjeleg forskingsråda, som berre utforskar slikt dei har fått råd til forska på. Det er ikkje vindkraft.

Den danske vindindustrien er bygd opp med statstilskot og skjerming. Det tok 20 år før han kunne stå på eigne bein. Men Kværner har ikkje fått lovnad om korkje til-skot, forskingsmidlar eller garantiar frå staten. Ikkje i år, seier Wille.

I år blir det heller ikkje gjeve tilskot til vindmølleparken på Vikna i Nord-Trøndelag. Kurt Benonisen i Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk som eig vindmølleparken, har difor søkt EU om støtte på fem millionar kroner av dei 16 millionane det kostar å reisa ei ny og større vindmølle. Men no vonar han nesten det blir avslag.

EU-støtte til Annleislandet

– EU-midlane føreset at vindmølla blir kjøpt i eit EU-land. Men det er for gale om me skal måtta reisa ei dansk mølle på Vikna, om det finst eit norsk alternativ. Difor har eg send søknad til norske styresmakter òg, i von om at dei finn på noko.

Og den vona deler han med direktør Bjørn Ottar Wille, som godt kan tenkja seg å levera ei norskprodusert vindmølle frå Kværner Eureka på Tranby. Ho ville i så fall vera starten på ein ny, nasjonal industri for ein stor og stadig større marknad. For alle, utan dei politikarane som skal forsvara energilova, er visse på at energiprisane vil stiga.

Ser på saka

Arne Næsheim, politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, ser positivt på den brå interessa for vindkraft i Noreg. Han har rett nok ikkje stort å by over bordet, for på budsjettet for alternative energikjelder er det bioenergi som blir prioritert. Men prioriteringar kan endra seg, spesielt i år som det er stortingsval.

– I vår blei det sett ned ei nemnd som skal leggja dei lange linene for norsk energiforsyning. Nemnda skal leggja fram konklusjonane neste vår, og ei av oppgåvene ho har er å meisla ut ei berekraftig energiforsyning. Målet er at forbruksveksten skal dekkjast opp av fornybare energikjelder, og det synst me er ambisiøst. Vindkraft vil såleis vera eitt av fleire alternativ.

– Men kvifor er de så halvhjarta i utviklinga av alternative energikjelder? Har departementet sove i timen?

– Det vil eg ikkje seia. Noreg har ikkje hatt behov for å leita etter alternativ av di vasskrafta har vore god og rikeleg nok, seier Arne Næsheim.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |