Dag og Tid nr. 24, 12. juni 1997

Serbia:
Opposisjonen raknar

Tilliten til opposisjonspartia i Serbia er tynnsliten. Det vart inga enkel sak å styre Beograd.

AUDUN SKJERVØY

I 108 dagar demonstrerte studentane i Beograd. Dei demonstrerte mot Slobodan Milosevic, den eineveldige presidenten i Serbia, og styret hans. Dei demonstrerte mot at Milosevic underkjende valresultatet frå lokalvala, der opposisjonen sigra i fleire store byar. Dei demonstrerte mot leiinga på universitetet. Dei vekte eit apatisk folk til politisk strid. Og dei vann fram til slutt. Etter 108 dagar måtte Slobodan Milosevic gje seg. Presset frå fleire titals tusen demonstrantar og andre som slutta seg til demonstrasjonane, vart for stort. Opposisjonen fekk sleppe til i Beograd og fleire andre store byar. Koalisjonen Zajedna (“Samhald”) av opposisjonspolitikarane Vuk Draskovic (Den serbiske fornyingsrørsla), Zoran Djindjic (Det demokratiske partiet) og Vesna Pesic (Sivilalliansen) kunne tidleg i februar gå ut i Beograds gater som sigerherrar. Men det var ein skrøpeleg allianse.

Skeptisk

– Koalisjonen er i ferd med å rivne på grunn av forfengelege politikar og indre spenningar. I høgt tempo bruker Zajedna opp tilliten som vart bygd opp i protestaksjonane i vinter. Det er ikkje samhald i Zajedna meir, seier Ljubisa Rajic, sentral intellektuell i den serbiske opposisjonen.

Han er tilsett som professor i nordiske språk ved universitetet i Beograd. Han var ein av tre universitetstilsette som spelte leiande roller ved studentdemonstrasjonane i vinter. Da studentane endeleg sigra, ønskte dei Ljubisa Rajic som ny rektor ved Universitetet i Beograd.

Men Rajic er skeptisk til opposisjonspartia, dei leiande politikarane der, den politikken dei står for, og samhaldet mellom dei.

Han meiner også at Milosevic speler på å byggje opp Vojslav Seselj, leiar for det ekstreme nasjonalistiske partiet Serbisk radikalt parti, som den fremste motstandaren sin.

– Slobodan Milosevic gjev inntrykk av at han er ei motvekt til dette partiet.

Monarki og teflon

Og mens Milosevic byggjer opp sin ønskjemotstandar, dreg medlemmene av opposisjonskoalisjonen i kvar si retning:

– Vuk Draskovic ønskjer Serbia tilbake til tida før 1945. Alt som har skjedd etter krigen har vore eit tilbakesteg. Ein håplaus tanke, når ein tenkjer på kor mykje Serbia har endra seg dei siste femti åra. Han arbeider for at Serbia skal bli eit parlamentarisk monarki.

– Zoran Djindjic har ført teflon- og kortminnepolitikk. Det einaste som i hans auge duger i politikken, er det som gjev flest røyster akkurat no.

– Vesna Pesic er den politikaren som har vakse mest personleg, men ho er utan tyngd innafor opposisjonen.

Likevel har Rajic tru på at Djindjic er den opposisjonspolitikaren som kan tilføre Serbia mest akkurat no, og som til slutt kan utrette noko i eit land som har visna både økonomisk, sosialt og kulturelt.

– Partia er nødvendige for eit parlamentarisk demokrati, men partia er sannsynlegvis einaste staden der ein ikkje kan lære seg demokrati.

Gigantdemonstrasjonar

Det var ikkje dette studentane demonstrerte for i 108 dagar. Da dei første gongen gjekk ut i gatene 21. november i fjor, var det for å demonstrere mot at styresmaktene annullerte resultata av lokalvala der opposisjonen vann.

17. november var andre og avgjerande valomgang i kommunevalet, og opposisjonen vann i 15 av dei 18 største byane i Serbia. 19. november stadfesta valstyret i Beograd at opposisjonen hadde vunne også der. Slobodan Milosevic godtok ikkje valresultata i dei serbiske storbyane, og tannhjula i det serbiske maktapparatet arbeidde for Milosevic. Men dess meir Milosevic sette seg på bakbeina, dess fleire demonstrantar kom ut på gatene. 13. desember demonstrerte 200.000 menneske i Beograd. 31. desember tok 250.000 menneske del i nyårsfeiring og demonstrasjonar. Først 4. februar måtte Milosevic bøye seg og godta valnederlaget. Men kva vann opposi-sjonen?

Overtok konkursbu

Opposisjonen har styrt Beograd i om lag hundre dagar, og det har vore hundre dagar i motbakke. Det er motsetningar i opposisjonen, og alt vart vanskelegare ved at han måtte ta over eit konkursbu.

– Beograd er konkurs. Forgjengarane, Milosevic' menn, let etter seg økonomisk kaos. Mange fagfolk slutta med det gamle regimet. I hundre dagar har opposisjonspolitikarane prøvd å byggje opp ein administrasjon i den serbiske hovudstaden. Det same har skjedd i dei andre byane der opposisjonen vann: Dei måtte overta enorme lån, dei avdekte utbreidd korrupsjon.

Ljubisa Rajic understrekar at biletet likevel ikkje er heilsvart over alt: Somme stader har det vore lettare for opposisjonen å ta over.

Fann fellesskapen

Rajic fortel at dei fleste studentane er forbanna fordi opposisjonen har utvikla seg som han har dei siste månadene. Dei er skuffa og resignerte. Samstundes meiner han at han ser teikn til at folket er i ferd med å vakne politisk.

– Det er i så fall eit verdifullt resultat av demonstrasjonane. Eg ser det òg som positivt at 108 dagar med aksjonar styrkte samhaldet mellom studentane. Dei tok til å føle seg som ein fellesskap av studentar; det er viktig. Kommunismen lærte oss å tenkje svært individuelt. Det var forbode å kjempe for felles interesser. Først no tek ulike grupper til å oppdage at dei har ulike interesser og at dei må kjempe for interessene sine. Studentane greidde også å ta opp kampen mot den vonløysa dei fleste av oss har opplevd, og dei greidde å føre humoren inn i politikken. Når ein tek til å le av makthavarane, er ein ikkje redd for dei lenger. Derfor kunne studentane mellom anna bruke dette slagordet “Det historiske nei skulle ha vore sagt av mor til presidenten.”

Ei viktig følgje av studentdemonstrasjonane er også at verda har endra syn på Serbia og serbarane, meiner Ljubisa Rajic.

– Verda ser ikkje lenger på oss som paria.

Vaska seg rein

Men 108 dagar med demonstrasjonar har sjølvsagt også sine negative sider. Fleire grupper i Serbia støtta studentane for å vaske rein si eiga skitne politiske fortid.

– Kyrkja var truleg verst. Den serbiske kyrkja har ei jævlig fortid med den nasjonalistiske lina ho har ført. Ho prøvde å reinvaske seg, men ho skal ikkje tru at vi gløymer.

Sjølv meiner Rajic at han har sloppe billeg unna, sjølv om han var aktivt med og støtta studentdemonstrasjonane. Motstandarane hans har sagt i frå om at dei følgjer med han, han har funne pistolpatronar i postkassa.

– Men eg er trøytt, veldig trøytt. Demokrati er ikkje eit vaskepulver som ein innfører med reklamekampanjar, men ein langvarig prosess.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |