Dag og Tid nr. 24, 12. juni 1997

Leiar:
På EU-ball med Bakke

Hallvard Bakke står fram som den store pragmatikaren i desse dagar. Og da er ikkje pragmatikar noko rosande ord. Det siste halvåret har han svinga seg rundt for norsk medlemskap i Schengen. Og han har svinga seg som ein av dei beste dansepartnerane hennar Gro Harlem Brundtland. Motstandsmannen frå 1994 er blitt den fremste forsvararen av Brundtlands EU-arv.

Takka vera saksordførar Hallvard Bakke og andre såkalla EU-motstandarar i Arbeidarpartiet har vi fått ein god reprise av EØS-saka i 1992 og 1993. Trass i overtydande argumentasjon frå juridisk ekspertise glir kontroversielle EU-saker rimeleg glatt gjennom Stortinget.

Eitt av dei dansestega Hallvard Bakke har brukt mest i Schengen-striden har vore latterleggjering – han har prøvd å latterleggjera argumenta til Schengen-motstandarane, han har prøvd å latterleggjera Schengen-motstanden, og han har hatt det overlag travelt. Med sine politiske danse-steg har Hallvard Bakke ført oss inn på eit dansegolv som kan svikte når som helst – rett og slett fordi korkje Bakke eller andre anar kva som skjer med Schengen neste veke.

Nei-partia bad om at Stortinget skulle vente med å vedta norsk medlemskap i Schengen. Dei ønskte at medlemskapen skulle utgreiast grundigare, dei ønskte å sjå kva EU sjølv gjer med samarbeidet. Og Stortinget hadde ikkje tronge å vente lenge, eit par veker ville truleg ha vore nok. Neste veke skal regjeringssjefane i EU møtast til toppmøte i Amsterdam. Da skal dei gå gjennom heile Maastricht-traktaten og unionsprosjektet. Sannsynlegvis gjer dei Schengen-avtalen til ein viktig og nødvendig del av unionsbyggverket sitt.

Korkje Sverige eller Danmark er villige til å sluke Schengen-avtalen slik Noreg har gjort med vedtaket i Stortinget sist måndag. Der har også ja-sida reist sterke motførestellingar til samarbeidet og utsiktene til at det kan bli ein del av unionsprosjektet.

Men slikt har lite å seia for Hallvard Bakke. I Schengen-saka har han vist at EU-motstanden hans ikkje stikk djupare enn det som løner seg for han, at han er ein politikar som seier nei når han får lov og ja når han “må”, at han vaklar ut Stortinget og det siste EU-ballet sitt. Og det som står att etter han, er følgjande spørsmål: Kvar er næraste ledige embete som fylkesmann?
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |