Dag og Tid nr. 24, 12. juni 1997

Herbjørn Sørebø:
Abdisert dronning

Den sterke tilbakegangen på meiningsmålingane er den beste forklaringa på at Anne Enger Lahnstein valde å abdisere som statsministerkandidat for partiet sitt. Vi skal tru at ho snakka sant då ho sa at ho ikkje kjende seg vel i den rolla, kanskje fordi ho visste kva som måtte komme, og ho veit med seg sjølv at ho ikkje er så sterk i motgang. Tilbakegangen for Senterpartiet er ikkje uventa. Senterpartiet opplever nå det same som SV i si tid. Etter folkerøystinga om medlemskap i EF gjorde SV eit brakval, men den store oppslutnaden heldt ikkje i meir enn ein valperiode. For fire år sidan hausta Senterpartiet fruktene av engasjementet i kampen mot medlemskap i EU. Partiet presterte å få valt inn ei større gruppe på Stortinget enn Høgre, og det vart gjort eit stort nummer av at det gamle konservative partiet måtte overlate grupperommet sitt til senterpartistane. Men nå minkar oppslutnaden, og rett nok har partiet gjort mange manøvrar som kan ha ført til veljarstraff, men den viktigaste årsaka er nok den same som den analytikarane forklara veljarraset for SV med. Det sterke engasjementet i kampen mot medlemskap i EF+EU fekk mange til å røyste på desse partia utan å høyre til der, og desse veljarane melder overgang til andre parti eller sofaen når andre saker blir viktigare.

Denne utviklinga fekk Anne Enger Lahnstein eit varsel om den natta ho stod som den personifiserte vinnaren av EU-kampen. I glede over resultatet av folkerøystinga sa ho at ho godt kunne tenkje seg å bli statsminister. Var ho for oppglødd til å merke den negative reaksjonen då, så måtte det bli glasklart for henne i dagane som kom at her hadde ho skote seg sjølv i foten. Nei til medlemskap i EU var ikkje eit ja til den politikken Senterpartiet elles stod for, og alle dei som hylla Anne Enger Lahnstein som nei-dronninga, såg ikkje ein statsminister i henne, tvert imot var det mange nei-veljarar som ville ha taparen i folkerøystinga, Gro Harlem Brundtland, i den stolen framleis.

I tida med Anne Enger Lahnstein som leiar har Senterpartiet gjort mange øvingar som sikkert kjem til å bli pensum i statsvitskap. Ho dolka Jan P. Syse som statsminister og sette Gro Harlem Brundtland inn att i staden. Mange spådde at Senterpartiet skulle få ein hard straffereaksjon frå veljarane for dette kursskiftet over natta, men det teikna tvert imot til å gje framgang. Seinare har ho halde ein hard front mot Høgre. Så seint som då ho abdiserte som statsministerkandidat sa ho at Senterpartiet kjem til å bryte med dei to andre partia i sentrum dersom dei prøver på å nærme seg til Høgre. Det er ord som ikkje er til å misforstå, og ingen kan vere i tvil om at ho personleg står inne for det ho sa. Men kor lenge gjer partiet det?

I Senterpartiet har det vore full oppslutnad om Anne Enger Lahnstein og den politiske kursen ho har halde. Ho vart vald utan motkandidat på det siste landsmøtet. Men denne store oppslutnaden dekkjer over tvil og uro på grunnplanet. Det får ein lett inntrykk av når ein snakkar med folk som soknar til partiet. Alle meiningsmålingar viser at det er eit fleirtal i folket som vil ha eit regjeringsskifte, og senterpartistane vil så gjerne inn i departementa og styre, men dei ser ingen veg til regjeringsmakt så lenge alle dei gamle ikkje-sosialistiske partia ikkje kan samarbeide. Eit samarbeid med Arbeidarpartiet ligg det ikkje til rette for ennå, og det spørst om det nokon gong kjem til å gjere det, sjølv om Senterpartiet etter programmet å dømme ligg nærare Arbeidarpartiet enn det gjer til Høgre. Det politiske grepet med å peike på Johan J. Jakobsen som statsministerkandidat, kan vere eit teikn til ei nyorientering i Senterpartiet. Han er rundare og meir pragmatisk enn Anne Enger Lahnstein, og han har sete i to regjeringar i lag med Høgre. Samstundes er det eit varsel om at Anne Enger Lahnstein-epoken i Senterpartiet er på hell.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |