Dag og Tid nr. 24, 12. juni 1997

På tomannshand:
- Rolf Jacobsens gravemaskiner er verst

På filmfestivalen i Cannes fekk han ikkje med seg ein einaste film; ikkje “Budbringeren” ein gong.
- Eg slapp ikkje inn. Kom for seint. Akkrediteringa var visst ikkje heilt i orden. Då filmen vart vist, gjekk eg i staden på stranda for å sjå på dei topplause damene, men eg såg ingen...


TEKST OG FOTO: OTTAR FYLLINGSNES

Der og då gjekk det sånn passeleg skeivt for Jonny Halberg (35), men elles har det gått strålande. Han har sust fram i stråleglansen frå den eine suksessen til den andre. Roman i fjor haust, film i vår.

Først gjekk kritikarane av hengslene for romanen “Trass”. Sidan leita dei fram like store superlativ for filmen “Budbringeren”. Tidlegare har Halberg hausta mykje ros for dei to novellesamlingane “Overgang til tertiær” (1989) og “Gå under” (1992).

Det er bøker av denne typen vi treng; ikkje nostalgisk sukking etter uskuldigare tider, eller moraliserande avstandstaking. Berg plasserer oss midt i den mest brutale delen av samfunnet vi har vore med å skape og spørsmåla hans bør ikkje gi oss fred, skreiv Paal-Helge Haugen i meldinga av debutboka.

Det er ein varm fredagskveld i Oslo. Ei eldre kvinne med sølv i øyro bommar meg hardnakka for 20 kroner, før ho ber meg forsvinna pokker i vald. Ho kunne ha spasert rett ut av Halbergs bøker, og minner meg om Nietzsche-sitatet som Jonny Halberg brukar i ei av bøkene sine: “følg dine beste og verste begjær, og fremfor alt: gå under!”

Stroket kring det gamle rådhuset har fått kafear på alle sider. Jonny Halberg låser den splitter nye offroad-sykkelen til ein stolpe utan for “Frøken Smilla”. Peter Høegs kvinde er eit nytt skvulp i Oslos restaurantverd.

Jonny Halberg føretrekkjer varmen, saksofonane og storbandjazzen innandørs framfor forvitne blikk utandørs. Kelneren tenner lys på bordet, opnar døra ut mot plassen, og Halberg bestiller belgisk lettøl.

Dei siste åra har Halberg budd i Oslo. No er han nettopp tilbake i byen etter Cannes-oppstyret og avslappande dagar med aure-fiske og gamle vener på heimstaden, Jørstadmoen ved Lillehammer. Der møtte han filmen for eit halvt liv sidan; dei italienske fjernsynsseriane slo ettertrykkeleg ned i 16-åringen. Sidan har magien i filmen vore sterk; så sterk at bileta på lerretet har evna trollbinda på djupare måte enn bøkene.

“Budbringeren” har lenge vore den mest omtalte filmen her i landet. Mange veker etter premieren er han framleis ein av dei mest populære i hovudstaden. I Danmark hadde “Budbringeren” premiere sist veke. Resultatet er prikkute terningar og vektige superlativ. Avisene fortalde nyleg at filmen er seld til 25 land, men no er det 30 som har meldt seg, fortel Halberg.

Førebels har han ikkje kartlagt rikdomen som følgjer med denne eksporten, men prosentar i filmen kan gje pengar i kassa. Det kan trengjast. I fleire år har Jonny Halberg streva med å leva av skrivinga.

Manuset til “Budbringeren” har vorte til i samarbeid med regissøren Pål Sletaune. I halvtanna år har dei filt og filt på dialogen. Manussider i haugevis har gått rett i bosskorga, ikkje for å tilfredsstilla eit publikum; men meir for å få skapa eit heilstøypt verk. I utgangspunktet trudde ikkje filmskaparane at ein film som handlar om ein fyr som grev seg i nasen og tjuvlåner sengene til folk, er eit smalt prosjekt. Dei tok seg god tid med karakterane før dei la historia i dreiebenken.

- Å jobba med eit filmmanus, er som å arbeida med fyrstikkmenn, seier Jonny Halberg. Han tømmer fyrstikkøskja på bordet, stablar fyrstikker på beina og illustrerer alternativa. Fyrstikkmenn møtest, fyrstikkmenn går forbi, eller fyrstikkmenn hamnar i bråk med einannan.

Jonny Halberg er ikkje berre manusforfattar. I arbeidet med “Budbringeren” har han hatt ulike andre roller. I ei av dei skeivaste scenene i filmen, karaokesekvensen, dansar han.

I andre delar av innspelinga stod han bak røykmaskinene. Det var svært nyttig å sjå produksjonen frå manus til verkeleggjering. Halberg håpar å profittera på det når han no set i gang med eit nytt filmprosjekt saman med Pål Sletaune. Kva den nye filmen handlar om, vil han ikkje røpa. Men “Budbringeren” vart ein svært bra film, synest han. Det syntest ein japansk produsent også. Han hamna på premieren i Cannes på grunn av eit mistak. Japanaren skjøna ikkje eit ord av det som vart sagt, men etterpå gjekk han rett opp på det skandinaviske kontoret og sikra seg rettane til filmen.

Det er ei “koplerske” i den statlege filmverda som får skulda for det fruktbare samarbeidet mellom Halberg og Sletaune. Ho las Halbergs noveller og førte den lovande forfattaren saman med den lovande regissøren. Båe hadde dei interesse for den skitne realismen. Til slutt fall dei for ideen om å laga film om ein sørgmodig postmann; ein kjærleikssvolten parasitt med eit nokså stakkarsleg privatliv.

Somme synest synd på Postvesenet etter å ha sett filmen.

- Me lurte på om me hadde gått for langt, men filmen vart vist for postfolk i Fredrikstad.

- Akkurat slik er det. Sånn sjefar dei, uttalte eit postbod etterpå. Han viste til sekvensen der sjefar med steinandlet deler ut æresklokke til postbodet.

- Nei, eg synest ikkje synd på Postvesenet, slår Halberg fast.

- Aldri har ein norsk film servert ein hovudperson som liknar på dette postbodet. Diskusjonen har gått om mannen er ein dritsekk?

- Roy? Det er meg, det! Heilt klart. Han er sikkert Pål også! Dersom folk ikkje kan lika oss, er det slett ikkje sikkert at dei kan lika postbodet i filmen heller...

- Du meiner at folk flest har svin på skogen?

- Eg kjenner att Roy og lengten som får slike vanarta uttrykk. Alle har vel budd på hybel ein gong. Karakterane i filmen er plasserte i outrerte situasjonar og dei har fått tilsvarande uttrykk. Det overraskar meg at ikkje andre filmskaparar har gjort det på same måten. Roy er ikkje nokon uvanleg karakter, men vanane hans er sette på spissen.

På filmfestivalen i Cannes er regissør og skodespelarar stjerner. Ein manusforfattar hamnar i bakgrunnen, men Jonny Halberg vart i alle fall godt kjent med toppen av Savoy hotell og det nattlege selskapslivet i filmbyen.

Forventningane var ikkje så store då han drog nedover. Nordmennene frykta at filmen skulle drukna, men det vart opptur med kritikarpris og rosande omtale i prestisjefylte filmblad.

Likevel bør ikkje alt gå knirkefritt for folk som lagar ein film som “Budbringeren”. Og det gjorde det ikkje heller.

- Me unngjekk så vidt å verta kasta ut av leilegheita på grunn av eit fenadlår. Ho som åtte husværet fekk sjå låret liggjande i sola på verandaen, fullt av maur og biller. Ho trudde at me hadde hund, og at det var hunden som åt på fenadlåret. Eg måtte forklara at det var “Norwegian fenadlår”, og at det var me som åt på det. Det måtte ein bergingsoperasjon til for å redda leilegheita.

Det er lenge sidan Jonny Berg skreiv si første novelle. Sidan gjekk han forfattarskulen i Bø og studerte litteratur i Bergen. På det viset avskaffa han respekten for andre skrivande, men det skulle ta tid før det definitive litterære gjennombrotet, men i fjor kom det. “Trass” er ein sosialrealistisk roman som går det meste av 70-talslitteraturen ein høg gang. Språket smell som sleggje mot gjerdestaur, skreiv Øystein Rottem om “Trass”.

Jonny Halberg trur ikkje på eit reint normativt språk. Han trur på å opna opp. I “Trass” brukar han verken dialekt eller nynorsk, men ulike variasjonar av bokmål.

- Språk er musikk. Det har Jon Fosse vist i sine bøker. Han er Johan Sebastian Bach frå Vestlandet, meiner Jonny Halberg.

Den svarte humoren går att både i “Budbringeren” og debutromanen, og han er langt tydelegare enn i dei to første novellesamlingane. Du kan ikkje la vera å flira når kafegjesten i Enevarg (Gravene) kastar innpå vørterkake og makrell i tomat frå eiga lomme.

- Romanen innbyr til ein annan ironi enn novellene; ein slags handlingsironi med eit slags subtilt eller spirituelt element. I romanen set eg på spissen slikt som kan skje, men det er vanskeleg å gjera det same i poengterte noveller. Eg kunne ikkje ha skrive utan innslag av humor, men eg skriv aldri for å vera morosam. I “Trass” får kampen mellom faren og den eine av sønene ganske sterke uttrykk. Når dei tørnar saman, vert verda skeiv, men om dette er humor veit eg ikkje. Det tragiske og det komiske går hand i hand for meg. Eg kunne aldri tenkja meg å skriva ein rein komedie.

- Det er ikkje ein gjennomsnittsfamilie du skildrar?

- Eg kjenner ingen gjennomsnittsfamilie, men familien har sterke strukturar. Eg har likt å arbeida med bindingar som er så sterke at ein ikkje har noko oversikt over kor det byrja å gå gale, eller kor ein kunne ha retta opp det som går gale. Det er til dømes ikkje så vanskeleg å overføra den greske mytologien til våre dagar. Eg likar å overføra dei basale konfliktane til norske forhold. Det som ligg i botn for dei greske konfliktane, finn ein overalt. Når eg skriv, tenkjer eg at ord som krakk, kjøkkenstol eller steikjeomn skal ha ein slags mytisk klang. Eg ønskjer å sjå dei heilt vanlege tinga på ein overraskande måte. Dette er ikkje noko eg har bestemt meg for, men det kan skje når eg skriv.

- Du har vorte omtalt som hardkokt bygdediktar. Er det slik du opplever det?

- Nei. Eg kjenner mykje større slektskap med dei gamle nyromantikarane enn til dømes med Raymond Chandler.

- Det er ikkje mykje romantikk i bøkene dine?

- Sjølv dei største romantikarane har skrive det ein kan kalla desillusjonsromanar. Ta Knut Hamsun som eit døme, men det er sjølvsagt eit spørsmål om kva romantikk er. Eg tenkjer meg romantikk som eit uttrykk for det uutseielege. Det eg likar ved romantikarane er at dei ikkje er reduksjonistiske. Dei er uvillige til å lata seg fanga i forklaringsmodellar. Sjølv likar eg best å lesa romanar som gjer meg stum. Joseph Conrads “Lord Jim” er eit døme på ein slik roman. Innan film er det nok å peika på ein filmskapar som Ivo Caprino. Både “Flåklypa Grand Prix og “Karius og Baktus” er fantastiske filmar.

- Du kallar debutromanen “Trass”. Kva er det den ulukkelege familien trassar?

- Eg skal vera varsam med å snakka om den norske folkesjela, men trass er i grunnen ein lite påakta eigenskap. Ofte fører trassen til ulukke. Han er ein vilje som kan føra til dei mest overraskande situasjonar og resultat. Det er heilt klart at trassen har sine negative sider. Eg oppfattar gjerne den sosialdemokratiske malen som viljelaus og utan evne til å gå inn i noko som kan enda på feil stad i høve til det som er idealet. Eg trur at svært mange nordmenn har denne trassen i seg. Det var ikkje utan grunn av Noreg sa nei til EU-medlemskap.

- Er du desillusjonert i høve til det norske samfunnet?

- Det eg likar minst er likegyldige folk. Eg likar dei som handlar.

- Mislikar du Bygde-Noreg?

- “Budbringeren” er ikkje ein urban film. I like stor grad som han skildrar urbaniteten, tek han for seg bygda i Oslo. Det verste eg veit er dikt av Rolf Jacobsen med “gravemaskiner spiser”; denne sterke frykta for teknologi og industri. Ein slik dualisme mellom by og land er lite fruktbar. Eg kan lika den tidlege Rolf Jacobsen, men ikkje den seine.

- Du står langt frå Hedmarks-tradisjonen med Prøysen og Røsbak?

- Det landskapet ein kjenner er ein ting. Lesinga som ein har bak seg er noko anna. Å lesa Rimbaud første gongen var som å få eit slag i trynet. Når eg skriv ein roman, har eg Rimbaud og heile tradisjonen i bagasjen. Alt som kjem oppetter ryggrada er bra. Kjem sansinga først gjennom hjernen, er det lett for at ho vert skadd. Det får koma til hovudet litt etter kvart...

Jonny Halberg har aldri hatt noko ønske om å skriva Bygde-Noregs historie i romanform, men i “Trass” finst meir enn eit par namn som gjev assosiasjonar til heimstaden. Både handelsmannen Kristian Halberg og Viggo Jensen, som spelte Hendrix, røykte hasj og las tyske poetar, har trakka sine sko i desse bygdene. I dag er Kristian Halberg død, men Viggo Jensen lever. Han er blant dei som set pris på verta romanfigur. Det er liten grunn til å hevda det som Rottem gjer i bokmeldinga: “Halberg har sikkert ikke noen høy stjerne i sine hjemtrakter”.

I Noreg er skiljet mellom by og land overdrive, meiner Halberg. Ikkje alt i bygdene er like bra. Han mislikar blant anna den sedate haldninga som han har funne somme stader i Bygde-Noreg.

- Der kan ein finna ein mangel på forvitenskap; ein manglande vilje til å strekkja seg lenger enn sine omgjevnader. Ein skepsis. Eg skal ta eit døme. Eg kjenner ein italienar som budde på Lillehammer ei stund. Han konkluderte med at ironien på Lillehammer var annleis enn i Italia. Der han kom frå, brukte folk ironien til å fortelja noko nytt. På Lillehammer hadde italienaren registrert at ironien vart brukt for å slå ned andre. Ironien er ei intuitiv og åndeleg sak, og den dimensjonen saknar eg i den bygda eg kjenner.

- Korleis var det å veksa opp på Jørstadmoen og Fåberg?

- Folk var ok. Eg har ikkje spesielt vonde minne derfrå, men det var andre som sleit meir enn meg.

- Var det viktig å koma seg vekk?

- Etter at eg vart 18, hadde eg ikkje så mykje der å gjera, men den tida eg budde der var eg aktiv både med skihopping, fotball og handball.

- I Enevarg, den bygda som går att i bøkene dine, er det to ting å finna på; anten å spela i korps eller å driva idrett. Korps er verst, men dei største dritsekkene spelar fotball eller går langrenn, heiter det i novella “Ragg”...

- På små stader er det ofte eit problem at noko manglar, men det er ikkje sikkert at dei som bur der opplever mangelen. Når ein først opplever ein slik mangel, er det mange som dreg derifrå. Som forfattar syg ein ofte næring frå det som ein ønskjer å fjerna seg frå; det som du har størst problem med. Det er eit paradoks...

- Er situasjonen i Bygde-Noreg så svart som du skildrar han i “Trass”?

- Skildringa i “Trass” går langt utover ei bygd. Eg har lett for å verta trekt mot å skildra menneske i kamp. Det er då det tek av for meg. Difor lyttar eg til den delen og følgjer fingrane mine.

- Trass i at romanpersonane dine gjer fæle ting, skildrar du dei med innleving og sympati?

- Sjølv kallar eg det empati. Eg trur at ein forfattar må ha evna til å gå inn i noko som står svært langt frå han sjølv. Eg vert kvalm av den såkalla vedkjenningslitteraturen.

- I Dagblad-meldinga vert “Trass” omtalt som eit Lars Norén-drama frå samfunnets botn?

- Eg har stor sans for Norén. Han har vore ein slags moderne arvtakar for August Strindberg i Sverige.

Jonny Berg debuterte ikkje i Dag og Tid, men for snart ti år sidan hadde han fleire baksidedikt på trykk.

- Ååååå, nei! seier han når eg plukkar fram eitt av dei. Han studerer diktet og rettar berre eitt ord før han godkjenner gjenbruken. Jonny Berg vart ingen lyrikar. Året etter Dag og Tid-dikta debuterte han med ei kritikarrost novellesamling.

Jonny Halberg har uttalt at den store draumen er å verta folkelesnad i Russland. - Mora mi fortel at fleire av veninnene hennar har lese novellene mine. Det dreier seg om kvinner i 50-årsalderen. Det er flott når ein når fram til nokon som ein ikkje hadde venta å nå fram til. Det gjev eit lyft. Det er Russland for meg!

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |