Dag og Tid nr. 24, 12. juni 1997

Energi:
Bølgjekraft i blikstille bakevje

– Bølgjekraft-teknologien er som eit barn, og barn kan ikkje tevla med vaksne, kor lovande dei enn er. Men får borna veksa opp under trygge vilkår, kan dei sidan løna foreldra rikt, seier professor i eksperimentalfysikk, Johannes Falnes.

JOHAN BROX

– I Danmark har vindkrafta nådd konfirmasjonsalderen, og står no på eigne bein. Så langt har ikkje bølgjekraftforskinga kome i noko land enno, seier Falnes.

Professoren har arbeidd med bølgjekraft ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim frå 1973. Der var òg Kjell Budal, som døydde i 1989. Kjell Budal var ein av dei leiande havbølgjeforskarar i verda. Elevane og kollegaene hans er framleis mellom dei som rår over mest kunnskap om krafta i havet. Til så lenge.

Etter 1982 har dei statlege løyvingane gradvis tørka inn. Og difor, er det rimeleg å tru, har òg Kværner trekt seg ut av bølgjekraft-samarbeidet med NTNU, som tok til i 1975. Kværner har heller investert i konvensjonelle energikjelder.

Tomgang

– For fyrste femårsbolken (1978-82) løyvde staten 55 millionar kroner til dei norske bølgjekraftprosjekta. Dei neste fem åra (1982-87) blei summen redusert til 28 millionar, og dei neste fem (1987-92) berre 18 millionar. I fjor var det berre 1,2 millionar, og i år 2,5 millionar kroner frå Staten, seier Falnes.

– Oppdrag frå Brødrene Langset, ei bedrift som vil produsera mindre bølgjekraftanlegg, mellom anna til pumper for landbaserte oppdrettsanlegg, gjer at me er sikra ein viss aktivitet dei neste par åra.

– Men det trengst mykje meir for å utvikla bølgjekraftverk som kan gje eit monaleg tilskot til nasjonal energiforsyning. Ein må prøve og feile enno i mange år før serieproduksjon av bølgjekraftverk kan ta til. Det teknologiske forspranget Noreg hadde, kan snart bli henta inn. Japanarane er førande i bølgjekraft-utviklinga no, motiverte som dei er av manglande alternativ.

Norskekysten

Om løyvingane nærmast har blitt borte i Noreg, er naturtilhøva langs norskekysten framleis av dei beste i verda for bølgjekraft-produksjon. Kvar einaste meter av havbåra som dag og natt slår mot norskekysten, har nok energi i seg til å forsyna eit halvt dusin husstandar. Krafta som rislar mellom fjøresteinane mellom Lindesnes og Nordkapp er like stor som i alle norske vassdrag til saman. Likevel er Noreg eit bølgjekraftlaust land.

Johannes Falnes seier det kjem av di forskinga blei sett på tomgang før ein hadde utvikla modellar som er gode nok til å setjast i produksjon.

– Du kan seia at barnet blei abortert, før det fekk vist kva det kunne duga til.

– Kvifor kan ikkje dei ledige Kværner-arbeidarane i Sør-Varanger, til dømes, setjast til å bygga bølgjekraft-anlegg?

– Tida er ikkje mogen for det. Men ho kunne ha vore det, om dei ikkje hadde stogga det norske forskingsarbeidet for 15 år sidan.

Opinionen rår

– Kvifor trur du at forskings-midlane gradvis har blitt nedkutta?

– Eg trur at styresmaktene – det vil seie dei som styrer Noreg ikkje berre politisk, men og teknologisk og industrielt – aldri har interessert seg for alternative energiberarar, heller ikkje for bølgjekraft. Men sist på 70-talet blei dei pressa av opinionen, ein opinion som var vekt av oljekrisa og miljødebatten. I tida før me fekk dei fyrste, statlege løyvingane, fekk me spurnader om lag kvar veke frå journalistar om intervju og informasjon om bølgjekraft. Så kom løyvingane. Men då oljeprisane gjekk ned tidleg på 80-talet, før jappetida og den økonomiske oppgangen, stilna opinionen av. Difor kunne styresmaktene trappa ned støtta til bølgjekraft-utviklinga utan at nokon brydde seg.

– Men no er me journalistar på deg igjen. Borgar det for ei ny orientering – i opinionen, om ikkje hjå styresmaktene?

– Eg ser ikkje vekk frå at opinionen er i ferd med å vakna på nytt. At to oljeselskap nyleg kunne fortelja i nyheitene på radioen at dei vil investera i reine energiberarar, er interessant. Eg trur likevel ikkje at oljeselskapa har noko ekte engasjement i miljøsaka, for hadde dei det, ville dei investert i rein energi for 20 år sidan – då skadeverknaden av CO2-utsleppa tok til å bli kjent. Men oljeselskapa er vare for kva som rører seg i opinionen, seier Johannes Falnes.

Bølgjekraft i 198 år

Bølgjekraft er eit konsentrat. Solenergi blir omdanna til vindenergi, vindenergien blir til bølgjeenergi i det øvre havlaget, og i kvart steg i denne omforminga blir energien fortetta.

Bølgjeenergien er større på opne havet enn ved land, større ved polarsirkelen enn ved ekvator, og dobbelt så stor om vinteren (då energibehovet er størst) som om sommaren.

Hovudtanken attom bølgjekraftforskinga har vore å framstilla elektrisk kraft. Men andre føremål kan òg tenkjast: Framdrift av farty, pumping av reint sjøvatn, mellom anna til fiskeoppdrettsanlegg på land. Dessutan kan bølgjekrafta brukast til å pumpa sjøvatn med høgt trykk gjennom omvendt osmose-anlegg, som produserer ferskvatn. Ein kan òg tenkja seg framtidige anlegg som produserer hydrogen eller andre kjemiske stoff med rikt energiinnhald. Bølgjekraftanlegga kan vera store, til dømes integrerte i moloar ved kysten og i utrangerte oljeplattformer på opne havet, eller dei kan vera små. Navigasjonsbøyene, som japanarane har hatt suksess med, utviklar berre 100 watt.

Somme patent for bølgjekraftanlegg byggjer på ein enkel teknologi, som til gjengjeld krev mykje bygningsmateriell og okkuperer store areal. Andre er mindre omfangsrike, men meir høgteknologiske installasjonar.

Det eldste patenterte bølgjekraftverket ein kjenner til, er eit fransk frå 1799. Sidan har mange hundre ulike typar blitt patenterte.

Norske patentar

Torgeir Tveter frå Odalen har utvikla ein norsk patent, ei mindre bølgjepumpe som kan lyfta sjøvatn opptil 30 meter til vers, og såleis har ein mengd ulike bruksområde (el-produksjon, sjøvatn til fiskeoppdretts- eller avsaltingsavlegg). Tveter har sjølv stått for produktutviklinga, bygd prototypen og utført dei fyrste testane av det han kallar eit “økoteknisk system” – som minner mest om ei diger sykkelpumpe. Eller fleire, kopla saman. Torgeir Tveter har fått minimal støtte frå styresmaktene til arbeidet sitt. Ikkje før han vende seg til Thor Heyerdahl blei det meir fart i sakene.

Dei to bølgjekraftanlegga Kværner og Norwave bygde på Toftestallen i Øygarden for vel ti år sidan, er skrinlagde og vurderte til å vera mislukka.

Av store bølgjekraft-anlegg med installert effekt over 100 kW, er det berre ein type som har vist seg så teknologisk moge at nokon har vågd å satsa pengar på det, nemleg kilrennekraftverket som det norske selskapet Norwave AS har utvikla. Eit anna norsk selskap, Indonor AS, er i ferd med å byggja nettopp eit slikt anlegg på Java, med installert effekt på 1,1 megawatt. Anlegget er kostnadsrekna til vel 50 millionar kroner.

Java-anlegget kostar såleis 50 kroner per watt installert effekt, ein pris som kan godtakast på til dømes øyar som ikkje er knytte til samkjøringsnettet, der alternativet er diselgenerator. (Og av slike øyar kan det bli mange også i Noreg, no som energiverka skal driva butikk, og ikkje distriktspolitikk).

Lønsemda

Skal bølgjekraft kunna konkurrera på den globale energimarknaden, må prisen bringast ned mot to dollar (14 kroner) per watt installert effekt.

Det er råd å få til, meiner professor Falnes, då konservative reknemåtar tilseier at ei dobling av installert effekt reduserer kostnaden per watt med om lag ein femdel.

Ei utbygging på 1 GW gjev såleis ein kostpris per watt på under ti kroner. Anlegg som er større enn det, kan gje gode profittmarginar. Får tanken flyga fritt, viser denne reknemodellen at til dømes 100 installerte gigawatt gjev ei avkasting som er 800 gonger større enn innsatsen!

– Her ligg ei stor utfordring for det norske samfunnet og det norske næringslivet. Hugs at vi enno ligg i teten i forskinga på dette feltet. Hugs også at Noreg har både ein maritim tradisjon og ein tradisjon som stor energiprodusent. Eksport kan her vera eit godt beite for det norske næringslivet, minnar Johannes Falnes om.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |