Dag og Tid nr. 24, 12. juni 1997

Bøker:
Ein hovding i nynorsk skriftkultur

Ved sida av Ivar Aasen er det to lysande namn i nynorsk ordboksarbeid: Hans Ross og Steinar Schjøtt.

Den minst kjende av Ross og Schjøtt er visseleg Steinar Schjøtt, jamvel om namnet hans er knytt til to store norske ordbøker.

I si tid var Steinar Schjøtt ein kjend mann og gjorde eit så stort arbeid for atterreisinga av norsk mål at han stod mellom dei fremste i den nynorske generalstaben, som Ivar Kleiven skreiv.

Presteson frå Porsgrunn

Steinar Schjøtt (1844-1920) var fødd i Porsgrunn, der far hans, Ole Herstad Schjøtt, var prest. Farsætta hans var dansk. I 1845 fekk faren kall i Skien, og der i byen voks Steinar opp. Sonen var døypt Stener Johannes Stenersen Schjøtt etter S.J. Stenersen, som var professor i teologi ved universitetet i Kristiania. Ole Schjøtt hadde studert hjå Stenersen og hyste vyrdnad for læraren sin. Sonen var såleis kalla opp etter ein mann han ikkje var i slekt med. Med tida vart den unge Stener så norsk at han tok til å skrive seg for Steinar.

I 1862 vart Steinar student og tok til å studere filologi. Cand.mag. vart han i 1870. Den eldre broren, Peter Olrog Schjøtt, var professor i gresk, og gresk vart eitt av faga for Steinar òg. Schjøtt skulle bli kjend som språkmann, og i Lauvduskar kunne han i 1881 fortelja at han hadde vore lærar i sju språk og skrive bøker på det åttande. Det åttande språket må ha vore norsk landsmål; dei sju andre språka var etter alt å døme gamalnorsk, dansk, tysk, engelsk, fransk, latin og gresk.

Omsetjar og sogemann

Alt i 1871 var Steinar Schjøtt i ferd med å setja Heimskringla om til landsmål. Målet han brukte, peika fram mot det seinare midlandsmålet. Etter noko ståhei kom Heimskringla ut på Det Norske Samlaget 1874-79. Heimskringla i norsk målbunad gav nerk til nasjonalt sjølvstende. I 1900 kom den kjende nasjonalutgåva av verket med tittelen Kongesogur, illustrert av norske kunstnarar, ei parallellutgåve til Gustav Storms omsetjing til dansk-norsk.

Steinar Schjøtt gav òg ut lærebøker i noregssoge og verdssoge. Fyrste noregssoga hans kom i 1879. Desse sogebøkene var folkelesnad på sitt beste og kom i mange opplag og utgåver. Schjøtt var kjend for ei djerv og munnleg målføring. Med tanke på den folkelege målføringa hermar eg sumt frå Lærebok i heimssoga II (1900). Henrik 3. av Frankrike var ei “ukjure og ei udygd”, fortel Schjøtt. “På kongsgarden laug dei og gjekk på reveklør og gjorde alt det verste, som tenkjast kunde, so det var ei skam å vita”.

Om Ludvig 14. heiter det at han “låg mykje i lauslivnad, og frå kongsgarden hans aulad sedløysa ut yver heile landet og til hine kongsgardarne”. Peter den store var ein villmann, skriv Schjøtt. “Han drakk styrlaust, dengde ministrane sine med staven sin, og totte mun i å hogga hovudet av folk, som skulde rettast”.

Ordboksmann og målreisar

Det er for ordboksarbeidet vi særleg bør minnast Steinar Schjøtt. For snart hundre år sidan – i 1898 – la han fram ein plan for ei dansk-norsk ordbok. Det vart Schjøtt som sjølv kom til å gjera det meste av arbeidet med boka. Trass i at han hadde ei rad av hjelpesmenn, var boka fyrst og fremst ei frukt av nybrotsarbeidet åt Schjøtt. For nynorsk målbruk var det såleis ei storhending då boka på 996 sider var ferdig i 1909. Schjøtt arbeidde medvite for at gode ord frå målføra skulle kunne nyttast i staden for danske ord. Med P.A. Munch kunne Schjøtt seia at “i vore Klippedale er nemlig Ordforrådet aldeles usvækket”.

I 1914 hadde målreisaren Steinar Schjøtt ferdig enda ei stor ordbok, Norsk ordbok. Med sine 617 sider var Norsk ordbok den største ålmennspråklege nynorske handordboka heilt til Nynorskordboka vart utgjeven for ti år sidan. Norsk ordbok er ei samanstøyping av ordbøkene til Aasen og Ross saman med nytt tilfang frå målføra. I motsetnad til dei to sistnemnde har Schjøtt-boka den føremonen at ho er prenta med latinsk skrift.

Ein kan grovt dele arbeidet åt Schjøtt i to hovudluter: ein historisk bolk og ordboksbolk. Vi kan trygt kalle Steinar Schjøtt for ein av hovdingane i nynorsk skriftkultur. Han hadde elles i nærare tretti år arbeidet sitt i den høgare skulen, som adjunkt og overlærar, fyrst i Halden, seinare i Skien. Steinar Schjøtt var heidersmedlem i Det Norske Sam-laget og Studentmållaget.
Gudmund Harildstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |