Dag og Tid nr. 22, 29. mai 1997

Harald Sverdrup:
Han erta dei fisefine

Harald Sverdrup var ein bygut som nekta å vera urban, ein son av borgarskapet som forakta borgarlegheita, ein intellektuell som programmessig kjempa mot intellektualismen.

OTTAR FYLLINGSNES

Det er fem år sidan Harald Sverdrup døydde, men minnet lever. Sist veke vart det arrangert eit to-dagars Harald Sverdrup-seminar i Tønsberg. Mange vener og kjende var inviterte som foredragshaldarar. Blant andre snakka Tom Lotherington om Sverdrups liv og livnad, og det var han som serverte den innleiande karakteristikken av diktaren.

Ein generasjon

Harald Sverdrup høyrde til den diktargenerasjonen som debuterte like etter krigen, men fleire store namn gav ut si første bok på den tida:

1945: Carl Fredrik Prytz, Hans Børli, Astrid Hjertenæs Andersen og Paal Brekke.

1946: Gunvor Hofmo, Olav H. Hauge og Sigmund Skard.

1947: Astrid Tollefsen.

1948: Harald Sverdrup.

Dei har alle sett sitt preg på norsk etterkrigslyrikk, men no er dei fleste borte. Den 29. mai i år ville Harald Sverdrup ha fylt 74 år, men han døydde den 26. juni 1992. Han let etter seg om lag 30 bøker. Blant desse er det 16 diktsamlingar.

Som kystskippar

Somme er fødde diktarar, andre er det ikkje. Harald Sverdrup kan ikkje plasserast blant dei fødde diktarane. Det er annleis med Olav H. Hauge, meiner Jan Erik Vold.

- Hauge kunne neppe ha gjennomført livet på ein annan måte. Slik var det ikkje med Harald Sverdrup. Eg kan godt sjå for meg Harald som ein kystskippar - om han hadde levd i ein anna periode og under litt andre vilkår.

Sverdrups forfattarskap er meir ujamn enn Hauges, og mykje meir ujamn enn Tarjei Vesaas - som var ujamn i byrjinga. Sverdrup er overraskande ujamn over det heile. Lyftar ein fram den beste tredjedelen av Sverdrups dikt, finn ein 200 fabelaktige dikt, sa Jan Erik Vold i innlegget sitt på Sverdrup-seminaret.

Han inkluderte Harald Sverdrup i ein sterkt prøvd diktar-generasjon saman med namn som Tor Jonsson, Erling Christie, Agnar Mykle, Jens Bjørneboe, Gunvor Hofmo og Paal Brekke.

Å opptre upassande

Trass i Sverdrups motstand mot dei fisefine, var Sverdrup-seminaret lagt til Frimurerlogens selskapsavdeling i Tønsberg.

Tom Lotherington var blant dei som kom inn på Sverdrups vanskelege forhold til borgarskapet.

- Som dei fleste gjorde Harald Sverdrup dumme ting. Han kunne opptre upassande og han kunne fornærma folk. Kanskje gjorde han det meir enn dei fleste. Å opptre upassande var ein del av Harald Sverdrups program. Han likte å erta og provosera borgarlegheita og dei som han kalla dei fisefine. Han var rett og slett usamd i kva som var passande, og han drakk seg gjerne full i fine selskap. Då kunne han seia og gjera ting som han kunne angra på, men det ville han ikkje. Hadde han synda mot den borgarlege moralen, hadde han gjort det med vilje. Han var ikkje nokon angrande syndar. I eit radioprogram som vart laga like før han døydde, sa Sverdrup at han ikkje angra eit sekund.

Fødd Sverdrup

- Han var ikkje fødd til kunstnar som ein annan Ibsen. Derimot var han fødd Sverdrup, og i dette namnet låg det ei forplikting som han måtte kjempa for å gjera seg fri frå. Som gut kasta han gjerne snøball på bysta av Johan Sverdrup på kyrkjegarden. Som vaksen snakka han sjeldan om dei vidgjetne forfedrane sine; men i den ærverdige slekta er det mange å skryta av; eidsvollsmannen, statsministeren, stortingsmenn, teologar, filologar, polfararar og fleire andre.

Sjølv kjende Harald Sverdrup seg meir i slekt med familien til mora som kom nordanifrå. Doktor Sverdrup var distriktslege i Vestvågøy i Lofoten, og der vart Harald fødd. Sidan flytta familien til Risør og Rjukan, men Harald vart verken nordlending, sørlending eller telemarking.

Seinare kom Hvitsten inst i Oslofjorden til å vera viktig i livet hans. Farfaren var sokneprest i Vestby, og familien budde i Hvitsten om sommaren. Der var han sonesonen til den gamle soknepresten, sonen til doktoren, men også ein obskur skribent med dårleg råd og uleselege dikt. Barndommens rike var elles i Oslo, på Rikshospitalet, der faren var lækjar. Til å byrja med budde familien på sjukehus-området, og det er typisk at Harald valde kameratane på tvers av klasseskilja. Det var ikkje dei andre lækjarbarna, men sonen til vaktmeisteren han ferdast i lag med. Alt tyder på at Harald var ein normal og alminneleg gut. Først i puberteten byrja han å skilja seg ut. I eigne augo vart han abnorm. Sjenansen tok fullstendig overhand. Sjølv karakteriserte han sjenansen som sjukleg, og det tok svært lang tid å opparbeida sjølvtillit.

Arrestert og utvist

- Ein sommardag i 1941 stod Harald Sverdrup framfor eit val som kom til å verta viktig. Han var 18 år, og framfor seg hadde han den strenge faren. På den eine sida av han stod ein tysk soldat, på den andre ein nazist. Dei hadde nettopp teke Harald på fersk gjerning idet han kasta skit på ein hakekross som var måla på fjellveggen. Han vart arrestert, men forholda var små. Det var kanskje mogeleg å sleppa unna med ei orsaking. Du må be om orsaking, sa faren, men Harald nekta. Det førte til at han vart avhøyrt og fengsla. I tre veker sat han på Møllergata 19.

Det første diktet i Harald Sverdrups debutsamling heiter “Fangen”. Det er sannsynleg at opphaldet på nummer 19 sette djupe spor, men endå meir avgjerande var det at denne hendinga førte til at han vart utvist frå Oslo katedralskole. Han vart nekta all form for høgare utdanning. Dermed mista han det vesle han hadde av samkvem med jamaldrande. Frå då av måtte han studera illegalt. Han kom i kontakt med motstandsrørsla, og det vart bestemt at han skulle sendast til Sverige. Frå Sverige skulle han ta seg vidare til Canada for å verta jagarflygar, men han enda seinare som bakkemannskap i flyvåpenet. Under invasjonen i Normandie i juni 1944 var Sverdrup framleis i Oslo. Men i juli reiste han til Sverige og derfrå vidare til England. Der fekk han nokre veker med opplæring i elementær våpenbruk. Han skulle vera med på dei siste åtte-ni månadene av krigen på Vestfronten. Frå fronten skreiv soldat Sverdrup til Pär Lagerkvist i Sverige og spurde om den svenske diktaren trudde på menneska etter dette. Han må ha vore i tvil om det var noko meining i å skriva dikt eller skapa kunst når han såg sivilisasjonen verta sprengd i stykke. Lagerkvist skreiv tilbake og meinte at det var håp.

Ei omvending

I 1949 valde Harald Sverdrup å avbryta studia og verta skribent i staden.

- Dette valet fekk han svi for i ti år, men deretter vart han gudskjelov diktar, og ikkje doktor philos og professor på Blindern. Harald Sverdrup angra ikkje på dette. Sjølv var han svært varsam i omgangen med flotte ord. Han fekk seg difor ikkje til å seia som Nietzsche: Elsk lagnaden din! Men i grunnen var det det han sa. Han var glad for det livet han hadde levd.

Ein kan lura på korleis Harald Sverdrup hamna i litteraturen. Det skjedde i alle fall ikkje med velsigning frå familien. Det skuldast heller ikkje at han var spesielt flink til å uttrykkja seg skriftleg, eller at han var meir enn vanleg oppteken av litteratur. I 1943 stensilerte han si første diktsamling. Hadde desse dikta late seg oppspora, ville dei truleg hatt større psykologisk interesse enn litterær verdi. Det same kan seiast om ein stor del av debutsamlinga som kom fem år seinare. Hadde ein følgt han desse åra, kunne ein truleg ha vore vitne til ein langsam modningsprosess. Han måtte tvinga seg til å kommunisera. Ein kan seia at han starta med to tomme hender og arbeidde seg opp til å vera ein dei største i si tid. Harald Sverdrup fekk kallet. I møtet med Tore Ørjasæters dikting opplevde han ei omvending til kunsten og litteraturen. Sverdrup tende på Ørjasæters dikt frå første strofe. Han fekk høyra Ørjasæters dikt “Elgen”, og den bortkomne studenten kjende seg straks att i det store, einsame dyret i skogen. I vekene etterpå kjøpte han Ørjasæters bøker. Frå då av var han frelst for litteraturen. Han bestemde seg for å studera litteraturhistorie, og han vart medarbeidar i Olaf Norlis bokhandel. Denne jobben vart avgjerande for utviklinga vidare. Han fekk kontakt med norske forfattarar og byrja å brevveksla med fleire av dei.

Landsens diktarar

- Typisk nok er det skoggangsmannen og naturskildraren Mikkjel Fønhus som er Sverdrups første korrespondent i den litterære verda. I studieåret 1943-44 tok han kontakt med fleire forfattarar, og dei var neppe tilfeldig valde. Han skreiv til Johannes Heggland, før han tok mot til seg og skreiv til sjølvaste Tore Ørjasæter. Det førte til ei livslang brevveksling. Seinare svara Tarjei Vesaas oppmuntrande og vennleg på brev og dikt som Harald sende. Dessutan rosa Børli Sverdrups dikt.

Børli, Fønhus, Vesaas, Heggland og Ørjasæter var ulike som diktarar, men dei hadde ein del felles. Dei var alle fødde på landet, dei budde framleis i heimbygda, ingen av dei var akademikarar, dei brukte nynorsk eller dialekt og alle arbeidde dei med jorda og skogen ved sida av diktinga. Byguten Harald Sverdrup var oppteken av temaet slekt og lagnad. Han grubla på om det let seg gjera bryta med ætta.

Skriving som terapi

- Då Harald Sverdrup vart utvist frå skulen i 1941, mista han fotfestet i tilværet. Han isolerte seg. Tungsinn og lidenskap herja han etter tur. Det er liten grunn til å tvila på at det var litteraturen som førte Sverdrup ut av fangenskapen. Skrivinga tente som terapi. Då han debuterte med “Drøm og drift” i 1948 framstod han som hemningslaus, men det var han mest på papiret. Alt før debuten hadde han eit kjent namn. I fleire år hadde han vore ein flittig skribent og publisist. Han hadde skrive artiklar om litterære emne i ulike tidsskrift, og han hadde hatt dikt på trykk. Dei fleste meldarane såg på Sverdrup som ein lovande debutant. Paal Brekke skreiv at han “kan komme til å drive det langt med en kald klut om pannen”. Også Hans Børli var svært positiv. “Herregud mann, jeg setter deg oppe på pidestallen med det samme”, skreiv han i eit brev.

Debutanten drog deretter til Oxford for å studera engelsk, litteratur og teater, og han vart verande der i om lag eit år. Han var levande interessert i moderne engelske diktarar, og i Oxford fekk han sjansen til å møta Dylan Thomas. Likevel var det dette året at Sverdrup avgjorde at han ikkje ville verta akademikar. Han ville heller verta sjømann enn doktor i litteratur.

Blyantprodusent

- Vel heime frå Oxford slo han seg ned i Hvitsten. Diktsamling nummer to kom ut, og det såg lovande ut. Harald prøvde seg som fri skribent med dikt, noveller og petit-artiklar. Eit mellomalderdrama var det store prosjektet for han på denne tida. Bok nummer to fekk meir blanda mottaking enn debutboka. Men Hans Børli var positiv: “Gudskjelov for at det finnes en så tvers gjennom sunn og ærlig kar i fylkingen av unge diktere der inne i byen. Du viser at dikt ikke er manér og mote”.

Frå 1949 skulle det gå fire år før Sverdrup fekk ut ny bok. Det var ikkje lett å overleva som diktar, og han søkte seg lærarpost i Honningsvåg. Ei tid seinare fekk han arbeid på ein fabrikk som produserte skriveblyantar. Han fekk stipend og prøvde å skriva på mellomalderdramaet som aldri vart heilt ferdig.

På nyåret i 1951 skreiv han til direktør Harald Grieg i Gyldendal. Sverdrup kom med tilbod å ta kva jobb som helst i forlaget, men svaret var negativt. Seinare sende han inn ei ny samling med dikt, men også no fekk han nei. Då bestemde han seg for å gjera alvor av det han hadde sagt tidlegare; han ville verta sjømann. Han drog ut som smørjar på ein gammal Wilhelmsen-båt som gjekk på Afrika. I fire-fem månader var han ute. På vårparten året etter fekk han nokre månaders opphald på Schäffergården i København. Tanken var å studera teater. Hans Børli kom også nedover, og det førte til at Sverdrup gjekk endå meir på kro enn han hadde gjort før. For Sverdrup enda byturane på 6. avdeling. Ei livskrise kulminerte der og enda til slutt med diktsamlinga “Han finner sin elskede”, men tittelen var blank løgn. Då boka kom ut i 1953, hadde han mista “sin elskede”. Seinare reiste han til Spania og Marokko, og derfrå sende han reisebrev heim til Arbeiderbladet. Frå då av vart han fast lausmedarbeidar i avisa. I 1954 gifta han seg for andre gong, denne gongen med den fem år yngre kusina, Mari, og dei flytta til Grorud i Oslo. Medan kona var lærar, var Harald heimeverande diktar. Han gav ut ei ny diktsamling, “Syngende natt” i 1955, og boka vart karakterisert som eit gjennombrot.

Småbruk i Vestfold

I 1958 fekk Harald Sverdrup Kritikarprisen.

- Om lag ti år før den grøne bølgja skylde over storbyungdommen i den vestlege verda, flytta han til eit småbruk i Vestfold. Men Sverdrup ville neppe ha sett pris på å verta sett opp som ein føregangsmann. Han gav bort det han hadde av dyrka jord i byte for nokre knausar.

- I Oslo kunne det lett verta for mykje kunstnarliv. I Stokke kunne det verta for stilt, men også her fanst det kunstnarar. Ja, til slutt så mange at ein kan snakka om eit miljø; Hans Gerhard Sørensen, Knut Steen, Gunnar Bull Gundersen, Snorre Andersen, Astrid Hjertenæs Andersen og Mathis Mathisen er sentrale namn i dette miljøet. Harald Sverdrup var ein venekjær mann, men han ønskte ikkje å vera ven med heile byen. Han ville heller ikkje tilbake til byen. Her har me innlagt bekk ved huset, rugdetrekk over taket og skogen rundt oss, skreiv han.

Venstreorientert

I 60-åra rykte Harald Sverdrup opp blant dei etablerte forfattarane. I 1964 fekk han Statens tre-årige arbeidsstipend for første gong. Han kunne slutta å melda bøker og byrja tenkja på langvarige opphald i utlandet. Han reiste mykje over store delar av verda. Frå reisene kom det reisebrev som først kunne dukka opp i Arbeiderbladet og Magasinet for alle, for deretter å hamna som kåseri i NRK, før dei endeleg kom i bokform. I 1968 gav han ut sin første roman, “Paradisets barn”, eit karnevalesk opprør mot borgarlegheita. Her varsla han på ein måte ungdomsopprøret som var på veg. I 1969 viste Harald Sverdrup seg som ein politisk engasjert diktar med boka “Farlig vind”, men mange kritikarar og lesarar meinte at den etablerte kjærleiks- og naturlyrikaren hadde slått inn på ein blindveg. Sverdrups plattform var klart samfunnskritikk og venstreorientert, men samstundes heldt han avstand til marxist-leninistane.

Ord i rett tid

- Harald Sverdrup vart ein folkekjær lyrikar, men det er vanskeleg å seia når han fekk ein slik status. Kanskje var det i samband med at lyrikkbokklubben gav ut utvalde dikt i 1966, og at det vart seld 11.000 eksemplar av boka. Ho kom dessutan i ny utgåve fem år seinare.

Somme av Sverdrups tekstar er sterkt satiriske; til dømes den som heiter “Øvelser i hjemlig diskriminering”. Diktet vekte oppsikt då Sverdrup las det opp i beste sendetid i fjernsynet. Omkvedet var: “Fy faen, kutt hue a dem, kast dem i søppelsjakta hele bunten”. Det var ikkje alle som fekk med seg ironien. Somme var opprørte over at Sverdrup ville halshogga både drosjesjåførar og nordlendingar, men det var også dei som syntest at dette var ord i rett tid.

På 70-talet fekk Harald Sverdrup både Ønskediktprisen og Doblougprisen, og i 1983 kom “Samlede dikt”. Då minna frå krigen kom i diktform i 1982, var det ein flaum av både førehandsomtalar og meldingar av boka. I 1987 gav han ut barndomsminne i boka “Slips i tretoppen”. Den same hausten vart Harald Sverdrup operert for ein alvorleg sjukdom, men han fekk enno leva i fem år til. Noko av det sterkaste han har skrive skriv seg frå denne tida, slo Tom Lotherington fast.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |