Dag og Tid nr. 22, 29. mai 1997

Bokmelding:
Sjokkerande sterkt

Thomas Bernhard er ein av dei store innanfor tysk og europeisk litteratur, som språkfornyar, som kritisk korrektiv og som formidlar av kompromisslaus eksistensiell innsikt.

Thomas Bernhard:
Pusten. En avgjørelse
Gyldendal


Gyldendal har kome til band fire i utgjevinga av Thomas Bernhards erindringar i fem band. Det siste bandet kjem til hausten og har tittelen “Kulden”. Bøkene blei skrivne i perioden 1975 til 1982. På norsk kjem dei i kronologisk rekkefølgje.

Livskatastrofe

“Pusten. En avgjørelse” kom på tysk i 1978. Året er 1949, og Thomas Bernhard hamnar på sjukehus i Salzburg med bryst-hinnebetennelse, resultert av ein influensa han har pådratt seg som kjøpmannslærling i ein kjellarbutikk i Salzburgs slumområde. Samtidig blir bestefaren, hans store støtte og læremeister i oppveksten og ungdommen, innlagt til observasjon. Etter ei tid dør bestefaren, og for den unge Thomas er dette eit sjokk og ei livskatastrofe, for bandet til bestefaren har vore nærast ein navle-streng. Samtidig fører bestefarens død til ei avgjerd hos Bernhard: Han vil leve, bli frisk, vende tilbake frå dødsrommet der han har fått grunnleggande erfaringar om seg sjølv og sin eigen eksistens.

“Pusten” er eit sjokkerande sterkt dokument om eit helsevesen som bestefaren kallar ei “antihelbredelses-, ja menneskeødeleggelsesmaskin”, og Bernhard er nådelaus i sine observasjonar og karakteristikkar av legane, nonnene som pleier dei dødssjuke og av presten som gir den siste olje til desse restane av liv, ja, også til avdøde. Sjukehusets indre verd er redusert til likegyldig vane.

Brotstykke

Bernhard blir sjølv plassert saman med dei døande i eit rom med 24 senger, og ein forstår at det er ikkje legane som får han frisk, men hans eigen vilje til å leve. Etter kvart frisknar han til, og han blir observatøren som lagrar alle inntrykk med ein frapperande presisjon og analytisk evne, og det er desse inntrykka han skriv ut som erindringsverk, brotstykke som han kallar det. Boka er mildare i tonen enn dei føregåande, dei hatske utfalla mot den austerrikske stupiditeten er ikkje så iaugefallande, og ambivalensen til familien er dempa ned og erstatta med eit vakkert og forsonande bilde av mora. Det kan skuldast sjølve forteljarposisjonen der alt er konsentrert om å overleve, og det kan skuldast ynglingens større modenheit og innsikt i familiens indre liv og konfliktar.

“Min livssykdom”

Sjukdommen set den unge Thomas Bernhard på berr bakke. Han må gi opp å drive det til noko innanfor musikk og song, og han gir opp kjøpmannslæra og tanken på å bli til noko gjennom eit yrke. Men på sjukehuset oppdagar han litteraturen, og han begynner å lese dei store namna i verdslitteraturen og filosofien. Ei ny verd opnar seg for han og tar form. Så rart det enn kan hørast ut, blir Thomas Bernhard for ei stund ramma av optimisme. Men det skal ikkje vare lenge. Han blir send til ein rekonvalesentheim for tuberkuløse. Der blir han smitta og pådrar seg det han kallar “min livssykdom”, ein sjukdom som kom til å plage han resten av livet og som førte til døden i 1989. Da var Bernhard 58 år.

Fornyar

Thomas Bernhard er ikkje lenger omstridd. Han er no ein av dei store innanfor tysk og europeisk litteratur, som språkfornyar, som kritisk korrektiv og som formidlar av kompromisslaus eksistensiell innsikt. Mange yngre forfattarar søker i dag til Bernhard for å finne si eiga form og stemme. Det er risikabelt, men det er samtidig ein hyllest til dette forfattarskapet.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |