Dag og Tid nr. 22, 29. mai 1997

Bokmelding:
Vemodige tilbakeblikk

Det er noko ved diktsamlinga “En krans av lys” av Thor Thorsen som fører tanken mot Arnulf Øverlands dikt “Jeg går omkring”.

Thor Thorsen:
En krans av lys
Cappelen


Thor Thorsen har vore ein flittig lyrikar frå debuten i 1959. Da han runda 25-årsmerket som forfattar, blei han heidra av forlaget med dikt i utval. Det var i 1984. På nyåret fylte han 70 og ga i det høvet ut si fjortande diktsamling. Thorsen har også gitt ut fem romanar.

Tradisjonell

En krans av lys er ei tradisjonell diktsamling i eit modernistisk språk. Kvart dikt har sjølvstendig tittel, og samlinga er delt i tre avdelingar slik svært mange diktsamlingar er. Thorsen gjer altså ikkje noko forsøk på å bryte med forventningane, han skriv dikt og diktsamlingar slik han alltid har gjort det. Dermed blir det noko kjent med desse dikta, ikkje nødvendigvis i negativ forstand, men meir som gjenkjenning av ein heil forfattarskap, ein understraum og ein gjenklang frå andre samlingar, frå langt tilbake eller nokså nært.

Thorsens dikt er i det alt vesentlege korte, og ytre sett er dei enkle, kvardagslege , ofte morsomme observasjonar med eit overraskande poeng. Dette kan gi dikta eit djupare innhald og eit streif av noko uutseieleg. Men denne balansen mellom det banale og den djupare innsikta er vanskeleg og krevande, og når det mislykkast, står ein tilbake med den overflatiske utsegna og den grunne tanken. Thorsens forfattarskap har alltid lidd under dette. Slik også i årets bok. Likevel er det noko ved Thorsens uttrykksmåte som alltid har tiltalt denne meldaren.

Ting og minne

Årets bok kan lesast som ei minnebok, og den er da også dedisert “Til minne om henne”. Eit kjært menneske har gått bort. Forfattaren har sjølv nådd ein høg alder. Dette fyller dikta hans med vemodige tilbakeblikk, minner og fragment av levd liv. Det er liksom noko er i ferd med å smuldre bort. “Det er bare trøbbel med/virkeligheten” står det ein stad. I eit anna dikt, forma som ei bønn, står det at “jeg skulle så gjerne/ha forsterket min/tilhørighet”. Tida har på ein måte opphørt, klokkene har mista visarane, og “årene limer seg til hverandre/lik bladene i en fuktig bibel”. Berre ting står tilbake. Ting og minne.

Det er noko ved denne diktsamlinga som fører tanken mot Arnulf Øverlands dikt “Jeg går omkring” der diktaren ved å berøre på nytt det kjente og kjære får “stunder av mitt liv tilbake”. Det er den samme stemninga hos Thorsen, ikkje så konsentrert og uttalt som hos Øverland, men slektskapen er der, og Thorsens siste diktsamling tåler denne samanlikninga med eit av dei klassiske avskjedsdikta i norsk lyrikk.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |