Dag og Tid nr. 19, 9. mai 1997
Film:
Keisam fransk Rain Man
Den åttende dagen er ikkje utan sjarm, men i grunnen ein ganske keisam og enkel fransk versjon av Rain Man.
Den åttende dagen (belg./fr.)
Regi: Jaco van Dormael
Med: Pascal Duquenne, Daniel Auteuil og Miou-Miou
Rain Man var etter mi meining mest ei strålande oppvising frå Dustin Hoffmans side i rolla som autisten. I Den åttende dagen handlar det om ein mongoloid, like strålande spelt av den mongoloide skodespelaren Pascal Duquenne. Tema i desse to filmane er i botn det same; konvensjonelle menneske som får snudd verda ein smule på hovudet av slike annleismenneske med eit anna perspektiv på tilværet.
Tittelen Den åttende dagen spelar på skapingshistoria i Bibelen, der Gud (i denne versjonen av fabelen) på den åttande dagen skapte dei mongoloide. Filmen hyllar på ein måte dei mongoloide som sjølve toppen av kransekaka i skapingsverket.
Lekse om livet
Filmen grunngjev hyllinga ved enkelt og greitt å vise kontrasten mellom spontaniteten, livsgleda og kjærleiksevna hos den mongoloide og det forknytte hos bankmannen og familiefaren Harry (Daniel Auteuil). Harry får rett og slett lære ei lekse om kva det vil seie å leve, eller kva det vil seie å leve i augneblinken. Det er flott nok.
Den åttende dagen er ikkje utan sjarm, og som i Rain Man er det først og fremst den drivande karakteren som fengjer. Ut over det blir det etter mi meining både langdrygt og keisamt. Likevel er eg ganske sikker på at dette er ein film som kjem til å nå ut til eit stort og breitt publikum, og i verste fall kjem filmen i amerikansk Hollywood-versjon om eit par år. Så enkel og innyndande er forteljinga om Georges og Harry.
Kommersiell
For Den åttande dagen har nok av kommersielle ingrediensar; to av dei mest populære skodespelarane i Frankrike i sentrale roller (Miou-Miou og Daniel Auteuil), ei kuriøs historie, sentimentalitet og ein enkel bodskap. Så er det sjølvsagt både velgjort og velspelt, men problemet for meg er at filmen ikkje har noko meir å by på.
Debutlangfilmen til den belgiske regissøren Jaco van Dormael, Toto le héros (også med Pascal Duquenne), vann både gullpalmen og publikumsprisen i Cannes i 1991, i tillegg til ei rad med César-prisar og publikumsprisen ved filmfestivalen i Locarno.
Daniel Auteuil og Pascal Duquenne vann saman prisen for beste mannlege hovudrolle i Cannes i fjor for innsatsen i Den åttende dagen, som rett og slett er eit publikumsfrieri. Slike frieri går det sjølvsagt an å takke nei til -- same kor smigrande det er å bli spurt.
Hallvard Østrem
|