Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997

Teikneserie:
“Klank, spjoing, zzzzz”

Teikneserieopera? Når Steffen Kverneland skriv librettoen, og Ole Henrik Moe jr. komponerer musikken, blir det svart, innfult og latterleg.

Slik var det da teikneserieutstillinga på Astrup Fearnley-museet opna for ei veke sia: Full sal; ein perkusjonist som etterliknar alle dei lydane vi tidlegare berre har sett som bokstavar forma til lydhermande ord i teikneseriane; to songarar som sit ved sida av kvarandre med andletet mot publikum og syng; ein komponist plassert bak i salen med ei sag og ein fiolinboge; eit lerret for lysbilete, der Steffen Kvernelands teikningar blir viste som kulissar og handlingsforsterkarar; rå satire og latter.

Teikneserieoperaen “Blob” opnar teikneserieutstillinga på Astrup Fearnley-museet. Det er andre gongen operaen blir framført. Den første gongen var på teikneseriefestivalen i Angoulême i Frankrike.

Krangel

Slik er historia: Ungen (Rolf Lennart Stensø på perkusjonsinstrument) lagar eit støyande spetakkel etter sengetid. Foreldra (songarane Tage Talle og Hege Høisæter) blir meir og meir irriterte. Hysjar og kjeftar på ungen. Kastar ukvemsord etter han, prøver å roe han ned, heilt til ungen fell utmatta saman og sovnar. Men da er det mora som ikkje får sova. Ho stiller eit enkelt spørsmål til ein sovande ektemann. Det heile byggjer seg opp til ein sosialdemokratisk krangel som fører oss gjennom klisjear frå vitseteikningar og teikneseriar. Endskapen er naturlegvis forsoning og ro.

Det er ei enkel historie. Men ho blir fortald med innful stemme og effektar frå teikneserien.

Utradisjonelt

Rolf Lennart Stensø har fått utdelt eit arsenal av perkusjonsinstrument som ikkje er vanleg å finne i ein opera. Og han spelar både utradisjonelt og fantasifullt på instrumenta. Her er barnexylofonar, bremsetromlar frå Ford Sierra, vinkelslipar, terrakottakrukker, tallerkenar som skal knusast, bøtte og svamp, vinglas, sagbukk, vedkubbe og sag. Alt kallar fram dei lydhermande orda frå teikneseriane mens komponisten sjølv spreier dei sørgmodige tonane med sag og boge frå stolen sin bak i salen.

Dei to hovudrolleinnehavarane, songarane Tage Talle og Hege Høisæter meir messar enn syng fram teksten, nærast som eit resitativ.

Lyd til stilla

Ryktet kunne fortelja at teikneserieoperaen ikkje trefte heilt da han vart framført i Frankrike for tre månader sia. Men det var ein heilt annan versjon av “halvaktaren” som vart vist i Astrup Fearnley-museet. Mykje er gjort med “Blob” sia januar. I Angoulême framførte dei ein teikneserieopera utan teikningar. No var teikningane på lerretet attom songarane med på å forsterke teikneseriekjensla. Musikarane og songarane har også fått meir tid til å bli kjende med stykket.

No trefte han både som musikalsk nyskaping, som teikneserie og som satire. Ole Henrik Moe jr. og Steffen Kverneland greidde å setja rett lyd til teikneserien, som i utgangspunktet er ein lydlaus sjanger.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |