Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997
Musikk:
Debutantane og attergangaren
Steinar Ofsdal har hatt det moro i studio, han kunne gjerne ha mora seg litt lenger. Bandet Cane har tru på sin eigen debut, men i platemarknaden er det ikkje nok med god tru.
Cane:
Unable
Warner Music
Steinar Ofsdal:
[pi:p]
Grappa
Gode pop-debutantar veks ikkje på tre her til lands. Gode pop-artistar er i det heile sjeldan vare i Noreg. Innimellom all inkjeseiande glattpop, kjendispop, tyggjegummipop og døgnflugepop dukkar det stundom opp band som har ei djupare musikalsk meining med det dei driv på med, som prøver å setja sine eigne fingeravtrykk på instrumenta; musikarar og artistar som ikkje ønskjer å ende opp som naudførstesider i Se og Hør. Debutbandet Cane høyrer til dei siste.
Hardpop?
Cane proklamerer sjølve at dei spelar hardpop kva no det måtte vera. Sjangeren hardpop kan vel ikkje vera anna enn det vi til dagleg kallar rock. Musikken på debutplata Unable kan iallfall like gjerne katalogiserast som rock eller melodiøs rock. Cane-medlemmene har dessutan plassert seg sjølve i ein god britisk 80-talstradisjon. Musikalsk peikar debutalbumet attover og ikkje framover. Her finn ein spor av Simple Minds, her er litt gammal Sinnead O'Connor, og ein kan høyre at dei har lytta til popete bergensband som Animal Farm og forgjengaren Stain Monsters.
Polert og rufsete
Vi vil at dette albumet skal være et av de beste debut-album noen sinne, seier debutantane sjølve. Og det er greitt med debutantar som har tru på seg sjølve og det dei driv på med. Plata Unable er likevel ikkje av dei platedebutane som vi kjem til å minnast lenge. Musikken er ikkje spesielt original; arrangementa har heller ikkje den vesle spissen som gjer at ein lyftar hovudet eit par gonger ekstra når ein lyttar på plata; og vokalisten, Lindy-Fay, er ikkje meir eineståande enn at vi har høyrt variantar av den same stemma på mange plater dei siste åra.
Men om det ikkje er originalt, er det iallfall godt gjennomført. Lydbiletet er nydeleg mørkt, litt dystert, rufsete, men likevel polert og velspelt. Arrangementa er småpene og fiffige. Melodiane er ikkje så enkle at dei forsvinn på veg til trommehinna, men heller ikkje så vanskelege at dei glepp unna når ein prøver å gripe dei.
Slik sett er plata Unable ein heiderleg debut, og ikkje meir enn det. Plata blir uansett ikkje betre om bandmedlemmene heiter Lindy-Fay, SEAK, Beik, Christer og Fumble. Ikkje ein gong om Lindy-Fay kjem frå Radøy i Hordaland. Men det er no i grunnen noko heilt anna, da.
Seigt og traust
Ein skal vere dristig for å hevde at Steinar Ofsdal høgg seg veg gjennom ukjend jungel på den siste plata si. Det er fleire år sia han gav ut den førre solo-plata si, men åra har ikkje gjort fløytisten modnare som soloartist.
Ofsdal bles i veg på velkjend maner: Han plukkar tallause fløyter frå alle verdshjørne ned frå veggene, komponerer musikk med etnisk farge og form til kvar fløyte, og kvitrar i veg. Opp gjennom åra har det blitt mykje fin musikk av dette, men på den ferskaste soloplata med den tidsriktige og typografisk moteriktige tittelen [pi:p] får eg ei sterk kjensle av at det har vore viktigare å gje ut soloplate enn å lage ny musikk.
Vaskesetelen fortel at Steinar Ofsdal har improvisert fram låtane saman med Olav Torget (gitarar) og Helge Norbakken (perkusjon). Og det er vel her noko av problemet ligg: Dei aller fleste låtane verkar uferdige; dei er ofte langdryge, monotone og keisame, og tidvis er musikken utflytande og konturlaus.
Dersom Steinar Ofsdal hadde brukt eit par veker til å stramme opp og sy låtane betre saman, kunne plata ha blitt fullvaksen og kvitrande. No er ho berre... ja, eit uferdig [pi:p].
Audun Skjervøy
|