Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997

Litteratur:
Romantisk og nostalgisk

Margaret Skjelbred omtalar seg som ein håplaus romantikar.
– Dessutan er eg moralsk. Eg er så moralsk at... Kanskje heng det saman med den haugianske bakgrunnen min, ler ho.

OTTAR FYLLINGSNES

I den gamle, mørkeblåe kvalfangarbyen er ho den store rimsmeden, men ho står neppe fram som Tønsbergs store moralist. Verken dikta eller barnebøkene til Margaret Skjelbred er utstyrt med den store, stygge peikefingeren. I staden er tonen både lun og varm; så lun og så varm at ho som eg møter på Bibliotekbaren i Oslo av og til vert oppfatta som litt gammalmodig. Likevel tek ho sjansen på å uttala seg om moral.

– “Moralsk” har vorte eit skjellsord for alle som ikkje er medlemmer av Kristeleg Folkeparti, og det er fælt. Nye undersøkingar viser at dei unge tillet meir umoral. Eg håpar at eg er moralsk på mine eigne vegner, og at eg held kjeft når det gjeld andre. Eg er ikkje sikker på at det er så farleg om me er litt moralske. Kanskje treng me det? Det verste eg veit er kriminallitteraturen som ikkje oppfyller sjangerforventningane om at forbrytarane vert fakka og straffa. Når forbrytarane skålar i glede og vin på siste side i boka, vert eg forferdeleg sinna på forfattaren.

Romandebut

I desse dagar gjev ho ut sin første roman. “Lerkehjerter” er den superkvinnelege tittelen.

Margaret Skjelbred debuterte med dikt i 1983, og sidan har ho gjeve ut fem diktsamlingar og fem barnebøker. Både dikta og barnebøkene om “Tom og Andersen” har vorte svært populære. Eit par av diktbøkene er selde i 6000 eksemplar.

Skjelbred er ein folkekjær lyrikar. Ho har reist mykje for å lesa opp frå bøkene sine, og ho får svært mange positive reaksjonar frå publikum.

Skjelbred har eit svært nært forhold til Prøysen, og i 1981 fekk ho Prøysen-prisen.

– Prisen er den største utmerkinga ein kan få i min sjanger. For meg er Prøysen ein av dei verkeleg store.

– Eg er ingen eksperimentell forfattar. Eg har berre eit fjernt forhold til modernismen. Det er sjeldan at eg vert rørt av modernistiske dikt. Likevel treng me variasjon, heile det breie poetiske landskapet.

Haugiansk

Margaret Skjelbred er oppvaksen på ein gard i Stokke i Vestfold, men ho er busett i den gamle kvalfangarbyen Tønsberg. Medan slekt og naboar var kvalfangarar, var faren vaktmeister og pietistisk lekpredikant. For døtrene var forboda mange. Å gå på kino, å plystra, å klippa håret var forbode. Lange fletter og side skjørt vart kjennemerke på Margaret Skjelbred og systrene.

Folk var vane med dei. Flettene og skjørta vart ikkje sett på som noko rart.

– Me måtte tola å vera litt annleis. Det kan folk ha godt av. I gamle dagar kunne naboskapen vera like sterk som slektskapen.

– I romanen din har mennene berre biroller. Dei er trauste kvalfangarar og bønder. Korleis var det å veksa opp i kvalfangarmiljøet?

– Det var stort for folk når kvalfangarane vende heim etter åtte månader i sjøen. Spenninga var intens når dei kom, like før 17. mai. Eg hugsar at ei av jentene svima av i klasserommet like før ho skulle av stad og møta faren sin. Det var ikkje så lett for den som ikkje hadde ein kvalfangarfar; ein som vende heim med sekkene fulle av Wrigleys tyggjegummi, bananar, drops og svære dokker. Den som var utan kvalfangarfar, måtte plukka kvitveis, finna seg eit hus der ein kunne banka på og gå på besøk. På den måten kunne ein få sjå det nye og smaka godsakene. Kvalfangarane var svært rause menneske.

Dikt vart roman

I 1995 gav Margaret Skjelbred ut diktsamlinga “Ved Jakobs løe”, ei gammal løe full av turrhøy og løyndomsfulle kjærleiksminne. Denne diktboka er utgangspunktet for romanen, men hanvaks fram først etter at dikta vart til.

I “Lerkehjerter” møter me att dei same personane som i “Ved Jakobs løe”. Det er ei bok om kvinner i tre generasjonar.

– Eg prøver å gje liv til nokre menneske i Vestfold. Det er underleg, men når eg gjekk inn i dette landskapet, vart desse menneska verkelege for meg. I arbeidet med diktboka var eg så vidt inne på relasjonane mellom personane, men det førte til at eg vart forviten på korleis liva deira kunne henga saman. Særleg Mathilde, ei bisk og bitter kvinne, interesserte meg.

Kjensleband

Forlaget har kalla romanen ein slektskrønike, men i boka fungerer alle dei tre kvinnelege hovudfigurane i høve til den adopterte “tyskarungen” Nils-Jan.

– Eg trur meir på kjensleband enn på slektsband. Ein får lett sterke kjensler til eit barn på fem år. Skilnaden på eigne barn og adopterte barn er ikkje så stor. Det handlar også om at ein må engasjera seg med ein gong. Dermed står ein overfor ein kjærleik som ein kan mista. Ein vert sårbar og får lerkehjarte. Mot alle odds får den bistre Mathilde det.

– Dei tre kvinnene i boka har lerkehjartet felles, den kvinnelege trongen som går på å vera menneske for dei som står deg nær. Eg brukar biletet av lerka som er jublande glad, som byggjer reir på bakken, og som strevar med å halda fiendar borte. “Lerkehjerter” handlar om å mista kjærleik og mista menneske som står ein nær.

– Er ikkje folk lei av dei mange slektskrønikene?

– “Lerkehjerter” er ikkje nokon stor slektsroman. Det er ei tynn bok som tek for seg ein tidsperiode på om lag 75 år. Slektskrøniker kan dessutan vera svært ulike. Det er skilnad på skildringar frå 1600-talet og frå 1950-talet.

Positive minne

Margaret Skjelbred målar med fin pensel. Ho fargelegg, og skildringa vert viktigare enn både intrige og spenningsoppbygging.

– Det viktigaste er at boka truverdig; at eg greier å fortelja ei historie. Gjer eg det, treng ikkje boka vera så drivande spennande. Atmosfæren er derimot viktig. Eg elskar bøker som fortel ei historie...

– Som til dømes...

– John Irvings “En bønn for Owen Meaney”. Det verkar som den gode historia er på veg inn att. Det finst dei som feller ei tåre når dei les “Lerkehjerter”, men det har dei ikkje vondt av. Eg har vore redd for karakteristikken “sentimental”, men boka er slett ikkje berre trist.

– Du skildrar blomar og fuglar. Du er kortfatta når det handlar om det som er vondt eller ekkelt. Ønskjer du først og fremst å gje lesarane ei positiv oppleving?

– For meg er det eit poeng å trykkja på ein knapp, å opna eit rom. Eg håpar at lesarane får tak i stemninga og brukar eigne referanserammer. Eg ønskjer å vekkja positive stemningar eller minne, gjerne av noko som folk har gløymt. Tenk berre å gjenoppdaga korleis det var å vera forelska. Det er ikkje så dumt å minnast den kjensla av og til. Poenget for meg er å skapa figurar som lesarane kan kjenna seg att i. “Lerkehjerter” er ikkje ein sjølvbiografi, men fleire av dei muntre episodane er slikt som eg har opplevd.

Nostalgisk

– Du brukar omgrepet “ein sving i livet”. Kva meiner du med det?

– Det kan vera når du skiftar jobb eller bustad. Du kjem nær folk av di du er så open, og det medfører at du vert svært sårbar. Det skjer med Mathilde i romanen. Ho er open for akkurat det som skjer der og då.

– Du er ikkje berre romantisk, men nostalgisk også?

– Svært nostalgisk! Eg elskar side skjørt, og eg likar å gå tilbake til landskapet, naturen, stemningane og kjenslene frå min eigen barndom og ungdom.

Kvalfangstroman?

Kanskje kjem Margaret Skjelbred til å følgja eg-personen i “Lerkehjerter” vidare i ein ny roman, men framleis strir ho med motførestellingane mot den lange forteljinga.

– Den store kvalfangstromanen finst enno ikkje. Er det du som skal skriva han?

– Eg trur ikkje det, men eg kunne ha skrive om korleis kvalfangsten verka på meg. Store delar av familien til mor mi var kvalfangarar. Mange gutar reiste ut som femtenåringar. Det var tøft.

– Kanskje, likevel. Eg kunne ha lyst...

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |