Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997
Leiar:
Ranveig og problema
Dette er eit problem for prestane, hevdar Ranveig Frøiland. Problemet er etter hennar meining at Mellomkirkelig Råd oppmodar dei 1350 kyrkjene i landet om å gå i forbøn mot gasskraftverka.
Til Aftenposten seier ministeren vidare: Jeg har sansen for at folk engasjerer seg i aktuelle saker, men tror likevel at politikerne er best skikket til å ta seg av politiske spørsmål. Selv mener jeg Kirkens folk glemmer å se helheten i denne saken.
På toppen av alt meiner Ranveig Frøiland at det må vera eit problem for prestane at dei blandar seg inn i miljøpolitikken frå preikestolen.
Det ville ha vore lettvint å feie vekk Frøilands ord med at berre ein dum politikar kan ytre seg slik. Så enkelt er det ikkje. Diverre. For dette handlar om meir enn ein dum politikar.
I ein knøttliten artikkel i Aftenposten greier altså Ranveig Frøiland å avsløre ein maktarroganse, ei tru på seg sjølv og dei som styrer saman med henne, og haldningar til demokratiet som er skremmande dersom resten av medlemmene i Jaglands regjering styrer etter dei same prinsippa. Det er skremmande fordi ho prøver å innskrenke ytringsfridommen blant viktige grupper i samfunnet.
Politisk engasjement har ikkje vore blant dei fremste kjenneteikna ved den norske kyrkja. Tvert i mot har vi hatt ei kyrkje som i altfor stor grad har vore eit tannlaust, religiøst haleheng til makthavarane. Dei har late det jordiske samfunnet få gå sin skeive gang, berre dei kunne få preike om den himmelske frelsa. For makthavarane er det sjølvsagt lagleg å ha ei slik kyrkje. Demokratiet, den politiske debatten og det politiske medvitet taper på det.
Dette handlar naturlegvis ikkje om kven som har rett eller gale, men om kven som skal få ytre seg i samfunnsdebatten. Prestane i Den norske kyrkja må sjølvsagt ha den same demokratiske retten som alle andre i samfunnet til å seia frå når politikarane legg ut på halslaus ferd. Og dei må sjølvsagt få seia det i form av ei bøn til den samtalepartnaren dei finn mest naturleg.
Dersom olje- og energiminister meiner at demokrati er noko som berre politikarane skal sysle med at demokratiet er greitt nok, berre folk ikkje blandar seg er reaksjonen hennar på oppmodinga frå Mellomkirkelig Råd forståeleg.
Men jamvel olje- og energiministeren må da sjå at det kan vera ein fordel med eit presteskap der medlemmene er opptekne av meir enn kven dei møter på veg til kyrkja kvar søndag.
Audun Skjervøy
|