Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997

Kristin Halvorsen:
– Ta rotta på Røkke!

Sponheim vil klone Kjell Inge, men Kristin vil ta rotta på Røkke. I Lundteigens land får Bergesen ligge som han reiar, men i Halvorsens hus skal også dei rike betala skatt. Nei-regjeringa var ein vakker draum, til broder Åges gamle læresvein vekte oss. For ho trur meir på mirakel: Eit radikalt redusert Arbeidarparti! Og eit sterkt og samla SV!

SVEIN SÆTER OG JOHAN BROX

I dag opnar landsmøtet i SV. I morgon tek kronprinsesse Kristin Halvorsen over etter Solkongen. Kristin Halvorsen ler, og byr Dag og Tid på psykoanalyse. Med rette, vil somme seie, etter som ein av intervjuarane lovpriser Lundteigen og vil kaste skipsreiarane på sjøen i same setning.

Ikkje for det. Halvorsen har møtt profetar før.

– Eg har vore på ein del vekkingsmøte med Åge Samuelsen. I salen sat ein haug minstepensjonistar frå Ulefoss, Drangedal og Skien. Ved døra stod nokre digre bøller og passa på. Frå scena kom friskt gitarspel. Åge Samuelsen var stygg, men hadde ein karisma av ei anna verd (naturlegvis). Det gjekk mange rykte om Åge; no skulle han ha festa opp kollekten på danskebåten. Alt vart lagt fram på scena, i dialog mellom syndaren Åge og Gud: “Hvordan kunne jeg ta kollekten, Gud?”. “Fordi du også er et menneske, Åge”. Så vart han reinsa av dette, og priste Herren: – Halleluja! – Halleluja!! ropte menigheta, dei som hadde betalt kollekten!

Halvorsen hikstar av latter.

– Han hadde eit heilt spesielt talent for kommunikasjon.

– Har du lært noko av Åge Samuelsen?

– Ja, viss eg får landsmøtet til å rope halleluja med same intensiteten.

Medlemmer av SV gjer ikkje slikt. Korfor prise lyset når du kan forbanne mørkret, for svarte! Tenkjer dei.

Men Kristin Halvorsen ler og ler, og vi blir einige om at det er noko i dette.

Det kan vera kaffien i stortingsrestauranten, det kan vera “byens beste boller”, men det er heller ikkje umuleg at det er Kristin Halvorsen. At latteren kjem frå ei sjel (36) som faktisk gler seg til å bli utskjelt av marxspiste lektorar og ammande førtiåringar. Og som må svara på spørsmål av typen

– Er du anti-kommunist eller ikkje-kommunist?

– Det er eit eksempel på ein diskusjon som ikkje fører verda to steg vidare. SVs største nederlag er at vi ikkje har nådd fram til sofakrokane med skildringa av korleis Forskjells-Norge utviklar seg. Eg svarar gjerne på spørsmål om kommunisme når ein partikamerat spør, men det er tid eg heller skulle brukt til å få fram forskjellane i landet. I dag er det folka som tapar på Hagens politikk som stemmer på Hagen, fordi dei forstår det han seier.

– Mange gonger tenkjer eg at “Gud, no fortener vi kritikk”. Men så får vi ikkje den kritikken vi fortener. “Korfor faen har de ikkje slått i bordet slik at fru Hansen på Tveita forstår?” Den kritikken skulle vi hatt.

Forskjells-Norge er eit land der både rike og fattige blir fleire. – Talet på millionærar er dobla i 90-åra. Dei ti prosentane som er rikast dreg skikkeleg frå. Dei ti prosentane som er fattigast sakkar skikkeleg etter.

Kristin Halvorsen illustrerer med ei peparbøsse (dei rike) og ei saltbøsse (dei fattige) på kvar si side av ei parlamentarisk potteplante.

– Kven er den feite, blå blomen i midten?

– Det fornøgde fleirtalet.

– Kva skal SV gjera med forskjells-Norge?

– Vi må knyte alliansar mellom dei ti prosent fattige og det fornøgde fleirtalet for å tyne dei ti prosent rike. Det er her det store slaget kjem til å stå, slaget som gjev grunnlaget også for miljøkampen, for solidaritetstanken, for korleis Norge kjem til å sjå ut på lang sikt.

Saltbøssa og planta samlar seg. Pepparbøssa fell. Kantinedama feier opp restane.

Og no: Regjeringsmakt. For skal Kristin Halvorsen få sving på saltbøssa, må ho ha makt. Mest makt får ho i regjering. Og sia verda akkurat no er full av “brytningstid” og “skjebnestund” og “avgjerande vegval” og slikt, er det på høg tid å ta styringa før det er for seint.

Kort sagt: Dag og Tid legg fram nei-regjeringa. Statsministeren (Anne Enger Lahnstein) og seks statsrådar til Senterpartiet. Fem statsrådar til Kristeleg Folkeparti. Fem til SV. Ni kvinner, åtte menn. Energi- og næringsminister: Per Olaf Lundteigen. Planleggingsminister: Aina Edelmann. Finansminister: Eilef Meland. Kyrkje- og kulturminister: Berge Furre. Miljøvernminister: Marit Arnstad. Barne- og undervisningsminister: Valgerd Svarstad Haugland. Visestatsminister: Kjell Magne Bondevik. Og så vidare.

Halvorsen får overrekt lista ved ein enkel seremoni.

– Dette har de gjort i fylla, gutar!

– Nei! Den eine av oss drikk ikkje ein gong.

– Det trur eg ikkje noko på.

– Ærleg tala: Sia vi no står på kanten av stupet, er det vel på tide å slakte kjepphestane og samarbeide der det samarbeidast kan. På nei-sida?

– Og eg skal vera helse- og sosialminister i ei regjering med KrF? Det første eg måtte gjera var å kutte i sjukelønnsordninga; det er den einaste staden Kristeleg Folkeparti går med på å ta pengar frå. Eg har ingen illusjonar om det partiet. Gje meg penna di!

Seier SV-leiaren skal bli, og sett ein stor, blå kross over Kristeleg Folkeparti.

Ønskjer ho ei regjering av SV og Sp? Nei. Halvorsen begynner å snakke om Arbeidarpartiet. – Problemet er at det er så dødt i Arbeidarpartiet at SP har valt Bondevik-alternativet.

– Kva er ditt alternativ?

– Dersom SV, Sp og Ap får fleirtal saman kan det bli eit alternativ. Da nei-sida i Arbeidarpartiet få armslag igjen, og partiet må gjere eit dårleg val. Under 30 prosent. Ap forstår berre ein ting: Maktspråket. Stortingsgruppa til Ap i dag gjer ikkje anna enn å ta bølgja for regjeringa.

– Er det umuleg å vera bølgjebrytar?

– Eg skulle gjerne hatt ei lettvint løysing: “Eg stiller som statsministerkandidat, så ordnar vi den biffen”.

Halvorsen blafrar med lista over nei-regjeringa vår. Ein liten mann ser henne over skuldra.

– Stakkars deg viss du må bli med på dette, Kristin, seier Paul Chaffey, hastande forbi med neste generasjon i høgrehanda, misunneleg fordi han ikkje er teken med i nei-regjeringa.

Kristin Halvorsen er inne i det åttande året sitt på Stortinget. Da folket gjekk til val sist, sa dei nei til Halvorsen. Nesten. Ho verka ikkje lamma av sorg dei dagane alle trudde ho var ute av tinget.

– Du er nødt til å ha glød og engasjement for å halde ut. Men spelet er slitsamt. Johan J. Jakobsen, Kjell Magne Bondevik og Carl I. Hagen er spelarane på tinget. Dei finn ekte glede i posisjoneringa. Det er da eg begynner å tenkje på kva eg skal ha til middag.

– På den andre sida: Politikk er ikkje skreddarsaum. Det er massekonfeksjon. Heile poenget er å få flest muleg til å bli einig med deg.

Seier Kristin Halvorsen, som ein politikar skal seie.

– Åtte år i denne tuskhandelen må ha gjort noko med deg?

– Eg har lært meg å styre raseriet over å ikkje rett når eg heilt opplagt har rett. Eg har smelt med dørene hundre gonger. Det gjer eg framleis, men deretter legg eg opp dei neste stega. Folk har valt oss. Vi pliktar å bruke våre 13 representantar sluast muleg.

– Når har du hatt mest rett og fått minst ut av det?

– I diskusjonen om Forskjells-Norge, behandlinga av skattereforma. Dei nederlaga der er forsmedelege.

For dei som er forvirra av 80-åra, og framleis har vanskar med å sjå forskjell på Venstre og SV, kjem ei kortfatta rettleiing her:

– Sponheim vil ha fleire Røkkar. Eg vil ta rotta på Røkke.

– Korleis?

– Trinn 1: Korleis blir Røkke oppfatta av folk flest? Eg trur ikkje han er noko udelt hatobjekt. Folk har sans for Askeladden, for ein som ikkje har fullført ungdomsskulen ein gong, men likevel dukkar det gamle borgarskapet. Men eg trur ikkje folk likar at ein sånn mann får så stor makt over lokalsamfunn, arbeidsplassar og ressursar, og at han får så omfattande verkemiddel til å styrke kontrollen.

– Trinn 2: Vi skal ikkje moralisere over Røkke, men innskrenke makta hans. Det er farleg å legge så mykje makt i ein manns hender.

Da Kristin Halvorsen gjekk i tenkjeboksen (som det heiter) for å finne ut om ho ville bli partileiar, skreiv ho brev til SV-medlemmene. Det stod på trykk over ei heil side i partiavisa Ny Tid, under tittelen “Kjære SV”. Det var sant å seie nokså fullt av politikarprat om veljarane som fall frå i fjor. Og av skepsis til media:

“Mediesamfunnet er ikke noe ekkelt som SV-ledelsen har funnet på. (...) Aldri blir det en sier til avisene gjengitt ordrett i sin helhet. Det glade budskap må alltid presenteres med en litt ny vri for å komme på.”

– For å få plass i media må vi ta så kraftig i at det ofte blir misforstått og vi berre får kjeft. Skulle eg ha nådd ut med synspunkt på kollektivtrafikken, måtte eg ha lenka meg på tvers av trikkeskjenene på Olaf Ryes plass. Ta Hedstrøm på rasistmøtet på Godlia: Det var ein ekstrem måte å skaffe seg merksemd på. Men det verka.

– Politikarane er slett ikkje uskuldige. De blir så opptekne av media at de gløymer å snakke sant.

– Det er eit kjempedilemma. Eg saknar plass til resonnement. Dei TV-debattane eg har fått best respons på, har vore debattar med rom til forklaring. Men støynivået er så høgt.

– Når vi snakkar om støynivå og løgn: Burde ikkje Turid Birkeland ha vore diskvalifisert frå ein statsrådpost på livstid etter framferda si i EU-kampen?

– Eg trefte henne på EU-debattar, og vart overraska. Ho var så fjasete, det gjekk ikkje an å diskutere. “Dere vil være utenfor dere, så”. Kanskje var det reklamebyrået som sette i gang “Hei og hopp for EU” som hadde overtala Turid. Ho slit nok framleis med at ho vart ein lettvektar, og eit stort problem for ja-sida. Tidlegare kjente eg henne som ei skikkeleg og engasjert dame. Kanskje er det det ho er. Eg trur det bur meir i henne.

Kristin Halvorsen er av dei som trur at alt blir bra om me berre får fleire barnehagar og trikkar. Kjør henne på distriktspolitikken, rådde ein av veteranane i partiet til.

SV har alltid hatt ein solid distriktspolitikk, ulikt Senterpartiet som aldri har hatt nokon. Problemet er at folk trur det er motsett. I Nord-Norge greier ikkje SV ein gong å plukke veljarar frå Arbeidarpartiet, hevda han.

– Ja, men slik skal det ikkje halda fram. Det er vi som står for nytenking i distriktspolitikken. Vi skal ta tilbake Nord-Norge!

Korleis SV skal ta tilbake Nord-Norge, og korleis kystfolket skal ta tilbake fiskeressursane, får landsmøtet finne ut. Nett no vil Kristin Halvorsen heller snakka om Senterpartiet, for ho ser godt at vi sender lange, sugande blikk etter Per Olaf Lundteigen som kjem og går – påfallande ofte – forbi. Utan å ense oss.

– Der kjem han kammeraten igjen, kviskrar ho.

– Skriv kva de vil, men få med at skipsreiar Bergesen d.y. har ein mann å takka for at han kunne ta tilbake 1,2 milliardar skattekroner: Per Olaf Lundteigen, personleg!

– Det var ein glipp!

– Pøh! Han er slik, og no vil han skapa “Annerledeslandet” i sitt bilete.

– Men Senterpartiet er ikkje slik. Senterpartiet var i det minste til å stola på i EU-kampen.

– Senterpartiet tenkjer ingen tankar sjølv. Det Senterpartiet gjer, er å plukka opp våre gamle. Både dei gode og dei dårlege. Men eg seier ikkje kva som er kva. Ha!

– Nei til EU?

– Det var vi som vann EU-kampen. SV! Ein som er i tvil må diskuterast med. Vi må ha sjølvtillit til det. I EU-kampen var det ikkje vår jobb å konkurrere med Senterpartiet om å vera mest muleg mot. SV overtydde tvilarane, men Senterpartiet skremde dei bort.

Det slår oss no at intervjuet med Kristin Halvorsen har gått av sporet. Vi, intervjuarane, to av Dag og Tids politiske patologar, skulle etter planen skride inn i Stortinget for å dissekere den avsjela lekamen til Sosialistisk Venstreparti. Representert ved Kristin Halvorsen.

Ny Tid har lenge halde oss informert om korleis dødsmikrobane herjar i kadaveret, og om rotter som forlet det synkande skipet.

Og så rørte ho på seg. Ho lo!

Og rørte ved oss. Vi lo.

Då vi kom spurde ho:

– Kvifor kjem de to? Er det som eit avhøyr hjå politiet – med ein snill og ein slem detektiv?

– Ja. Bortsett frå at ingen ville vera den snille. Sa vi, morske.

– Jasså? Er det slik fatt, kan eg sikkert hjelpe til med ein støttekontakt. Berre få med det om Lundteigen og skipsreiarane. At han så og seie gav 1,2 milliardar skattekroner til Bergesen – og at det rundt rekna svarer til prisen på Velferdsreforma. Og at vi berre er ein feit liten kålmakk på toppen av eit eple...

– Akkurat. Du har sagt at du ikkje vil “passast på” som partileiar. Kvifor skal folk stole på deg?

– “Passe på” kan bli det same som “vakte over”. Det ligg ein mistillit i det. Slikt har det vore for mykje av i SV i det siste. I staden må vi seie “fader heller – alle trengst i dette partiet, vi må spela saman på eitt lag”.

Spørsmålet er berre om lagkaptein Halvorsen, med Erik Solheim luskande rundt som ein antikommunistisk Ivers i garderoben, skal spela i eliteserien, eller om det blir nedrykk. SV manglar eit stabilt støtteapparat, slik dei andre nei-partia har. Sp og KrF har sikkert mange lyte, men dei har mektige sponsorar.

Da vi skulle gå, bad Kristin fint om ho kunne få arket med vårt framlegg til nei-regjering. Det merkte vi oss.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |