Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997
Kommentar:
Genspleising hjelp til ein døyande rase
Det norske verpe-stellet visnar. Lysta minkar, eller evna. Prøverøra fyllest av halvt utflytande egg og hordar av halelause gråtassar. Grå, ikkje gra. Det er problemet, skriv Bjørn Jonson Dale.
Legane ristar røra, og stundom livnar ein organisme embryo i denne laboratoriecocktailen. Det norske folket får det ikkje til lenger. Det norske regionsjukehuset må på banen: nappe egg, tappe sæd, blande røre, vispe, riste prøverøret...
Stundom skjer underet. Naturen går sin gang. Men kva når neste generasjon skal ta fatt på økslingsverket? Kva for prøverør må til når prøverørsbarna bankar verpesjuke på sjukehusdøra?
Rase i krise
Ein treng ikkje oppleve Erik Gjems-Onstad eller norske nazistar for å skjønne at noko er alvorleg fatt med Den norske rasen. Hjernane er klart i ulage, sidan dei ikkje berre avviser einaste middelet som kan hjelpe rasen, men jamvel opphøgar avvisinga som rasen si berging: nei til fjernkulturell påverking.
Og kva med hjerta? Hjerta bankar, rett nok, men mest som om dei trenar til å slåst. Hjertelaget døyr med det knallharde hjerteslaget rett i fleisen på ein framand.
Og lenger ned på kroppen: taskesteinane legg ned sædfabrikken og vil bli dum-dumskot i rasekrigen medan eggstokkane smir seg om til geværløp. Det blir ikkje barn av slikt.
Den norske folkekroppen ser heller ikkje god ut. Kanskje var vikingane fagre, men vår tids nordmenn er jamt over ufjelge. Folke-kroppen ser seg i Den norske spegelen, innser faktum og prøver å få rette opp denne rasehygieniske fadesen. Men heller enn å få gå til rota av vondet, maular folkekroppen medisinar, stereoidar, østrogen og testosteron; skjer seg opp, syg ut og fleskar til, syr igjen og fer på tur, trimmar og trampar ned småskog, fornminne og fuglereir på heseblesande jakt etter ein kropp meir verdig Den norske rasen: Det norske (sil)ikonet.
Ein rasande rase
Men hjelper strevet? Valkane veltar ut att, nyhåret bles vekk på turen, protesane sprekk og danglebæra grør medan den dyre ferskenhuda rynkast, plasttennene falmar og Den norske tåfisen breier seg på ny til lyden av knekkande lårhalsar og låke hostekuler (samt drøset av feitt, men florlett flass som fell)...
Og der går ein neger med topphuve, runde kinn og godt humør, så staut og fin; han helsar kjekt til alle, sjølv blåsurkvite kvinnfolk som baksar med sparken langs fire meter høge brøytekantar midt i april! Der går ein neger, som om inkje var fatt! Ikkje feit og ikkje mager, frisk og frekk, med kritkvite tenner og glade danseføter; og kva er det den fyren har i buksebulen sin?
Der går arabaren, så langnasa og kry, med filosofauge og ramnsvart hår; i småsko med varsame steg i sørpa han korkje drikk eller røyker, kviskrar dei etter han, han er fjernkulturell der han går med eit tydeleg haremsblikk og med heilagkrigsboka på baklomma. Dei seier: Kan han ikkje fare heim på det flygande teppet sitt? Like etter dukkar ho frå Bosnia opp. Ho seier ho er kristen og hadde eplehage før krigen, endåtil butikk og eige hus. No er alt vekke, mannen er daud og barna... Men voggar ikkje hoftene hennar litt for hissande, og kven har ho fått den tjukke gullringen av? Og kva tid var den der kjella sjuk? Ho sminkar seg som ei ja, du veit og her ein laurdagskveld var ho på hotellet og svinga seg. Ho Anne hadde tenkt seg med han Geir, men trur du ikkje bosniakjerringa...
Og dagen etter gikk ho til kyrkje! Frekk, sa du?
Frå stråhyttemørkret, frå kamellortbålet, frå massegravlegginga hit kjem dei, og lest som inkje! Jamvel er dei velskapte, høviske og varsame, ofte blide med det er så frekt at det gjer oss, Den norske rasen, rasande norskrasande.
Politisk vald
Dei nazistiske og rasistiske miljøa i Norge er no i stand, både i haldning og handling, til å utføre dei verste ugjerningar mot andre menneske, vere seg fjernkulturelle eller dei stakkars få, kvite kristensjelene som enno vil det beste for desse, som det eingong heitte, våre nye landsmenn.
Når desse potensielle, og dels aktuelle drapsmennene av brun farge blir sidestilte med storkjefta ml-arar frå 1970-åra, er det både urettferdig (kva for ml-arar hadde maskinpistol?) og tilslørande: Trass i all kjeftbruk og knyttneveheving var ml-rørsla eit fenomen innanfor den borgarlege ålmenta. Det samme galdt Norsk Front og nynazisten Erik Blücher, då; men til skilnad frå den tids ml-arar som no er blitt vanlege besteborgarar, er Blücher enno aktiv, ikkje bare som naziideolog, men som nazistisk aktivist, i Sverige. Eit sprengstoff- og våpenlager er nyst funne ved heimen hans.
Sidan Hadelandsdrapa, for snart 20 år sidan, har politisk vald vore eit innanriksfenomen i Norge (Likud-mordet på Ahmed Bouchiki i 1973 kjem i ei mellomstilling). Mange liv er gått med, og endå fleire skadar for livet er påført folk i denne tida. I nær ti av ti tilfelle har nazistar vore ansvarlege. Talla er tydelege og talande: Terroren sin tidsalder er for lengst innleidd i Norge.
Men naziterroren er ikkje verste trugsmålet no. Det verste er at Det norske folket har funne frelsa, først og fremst i Hagen, men også i det tankelause villnisset utafor og omkring.
Rasebot og -betring
Ein treng ikkje vere genetikar for å innsjå at dansketida også kan ha vore positiv for Norge. Friskt blod kom til landet, ikkje bare frå Danmark, men kanskje like mykje frå Nederland, Tyskland, Skottland og Sverige, jamvel Frankrike, Grønland og Baltikum.
Men frå 1814 var det jamt slutt. Jødar og jesuittar fekk ikkje lov til å slå seg ned her, men verre var det at heller ingen andre kom. Samtidig gikk incesttabuet i oppløysing. Søskenbarnekteskap kom i stand der sjølv firmenningar ikkje hadde fått gifte seg før. Vi var i ferd med å bli innalne. No er vi det, til fullnads. I staden for å jage, eller ta livet av dei få fjernkulturelle som har forvilla seg hit nord, bør vi ikkje bare elske dei og få barn med dei men be om at dei kjem hit i hopetall, frå Asia, Afrika og Amerika.
Slik, og bare slik, kan Den norske rasen overleve og fornye seg. I motsett fall vil vi døy ut rett nok på einerom i vissa om at vi aldri blanda oss med andre, utan barn og barnebarn, men likevel i eiga ære over å ha kverka ein fjernkulturell. Kven vil bygge Den norske rasen sitt gravmæle?
Bjørn Jonson Dale
|