Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997

Film:
Turaluralura og song som overlevingsstrategi

“Neonbibelen” er ikkje ein film om bibel og neon, men ein poetisk film om det å syngje av seg sorg og motgang.

Neonbibelen
Regi og manus: Terence Davies
Med: Gena Rowlands, Denis Leary, m.fl.


Eg kan hugse to gongar at eg såg mor mi gråte då eg var ganske liten. Første gongen hadde ho grisa til seg sjølv og heile stua med sot i eit forsøk på å gjere rein kaminen. Andre gongen var då bestefar døydde. Begge desse scenene gjorde sjølvsagt inntrykk på ein liten gut, men i minnet mitt har desse bileta med åra vorte eitt; mor mi som sit i stua neddynga av sot og gret over far sin.

For min eigen del skjer det ikkje så ofte at eg gret. Eg er alt for tøff til det. Men eg skal vedgå at det hender. Og når eg har vore ekstra tøff, har eg til og med sunge og gråte samtidig.

Kvifor fortel eg dykk alt dette? Jo, fordi det i grunnen er dette Terence Davies “Neonbibelen” handlar om. Tittelen kunne narre nokon til å tru at filmen handlar om noko som har med meir kristelege ting å gjere, men sjølv vekkjelsesmøtet i filmen handlar mest om songen og fellesskapen. For det eine dreier “Neonbibelen” seg om det elendige i livet, og for det andre om korleis musikken og songen kan løfte og trøyste, akkurat som gråten kan.

Pub og song

Akkurat dét er eit tema som er lett å kjenne igjen hos den særeigne filmkunstnaren Terence Davies. “Distant Voices. Still Lives” frå 1988 skildra samhaldet gjennom allsongen på britiske pubar under den andre verdskrigen, i ein røyndom som på mange måtar var heller miserabel.

I “Neonbibelen”, som byggjer på ein roman av John Kennedy Toole, er handlinga lagt til USA, men tida er stadig vekk rundt 1940. Og dei syng i statane, som dei gjorde på dei store britiske øyane. Dei syng seg til glede, og dei syng sorga til doms. Dei syng i kor, og dei syng i gråtkvalt einsemd. Det er songen som kjem frå hjartet, utan nødvendigvis å vere så skolert vakker, Davies vil vise fram. Eller rettare; den musikken som rører ved hjartet. Platemusikk som forfører deg ut av denne verda, går for det same.

“Den einaste poeten”

Terence Davies har ganske tydeleg vore djerv nok til å plukke opp stafettpinnen etter sjølvaste Humphrey Jennings, “den einaste poeten i britisk filmindustri så langt”, som regissøren Lindsay Anderson skreiv om han på 60-talet.

Humphrey Jennings var litteraturvitar og kunstmålar og melde seg ganske tilfeldig på i den statlege dokumentarfilmgruppa til John Grierson rett før krigen braut ut. Han lagde i løpet av krigen nokre av dei mest minneverdige filmane frå denne heilt spesielle perioden i britisk filmhistorie. Perioden kan hyperkort skildrast gjennom følgjande scene; flyalarmen går i ein eller annan viktig militær sentral; bombene smell så murpussen sprett; dei uniformerte kontorkvinnene gøymer seg under skriveborda medan det står på, før dei smilande krabber fram og held på som om ingen ting skulle ha skjedd. Bodskapen var klår; vi plystrar ein lang marsj i bomber frå Berlin eller kvar som helst.

Syngjande brannmenn

I Jennings dokumentariske dramafilm “Fires Were Started”, om eit brannkorps i London under blitz-bombinga, finst det nok fleire nøklar, men ein av dei er samhaldet, fellesskapen og allsongen. Når flyalarmen går, stiller brannmennene seg rundt pianoet og syng dei muntraste songane dei kan kome på.

No er nok Davies nokre hakk meir sentimental enn Jennings var, i alle fall i “Neonbibelen”. Men det er ein ekte sentimentalitet, temmeleg fjernt frå krokodilletårene vi er vane med frå amerikanske filmar. Eg synest likevel at Davies etter kvart rører seg farleg nær skillingsvisesentimentaliteten med historia si. Men det gjer ikkje så alt for mykje, for det er enkeltscenene og ikkje historia som ber filmen.

Tango utan tangotakt

“Neonbibelen” er ikkje like fyrig som ein tango, det er trass alt snakk om ein britisk film, men som ein tango fangar filmen opp ein heil del lengt og mange andre såre kjensler som følgjer med det å vere menneske. Eg trur likevel ikkje eg vil rå nokon som ikkje kan hugse siste gongen dei gret, å sjå “Neonbibelen”. Om du vil sjå han, trur eg òg du skal passe på å vere i rett humør for slikt. For dette dreier seg om “songen og sukket frå dei trøytte. Harde tider, harde tider, kom ikkje hitover meir” – og om Turaluraluralei...
Hallvard Østrem

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |