Dag og Tid nr. 18, 2. mai 1997
Bokmelding:
Litteraturhistorie utan paraply
Med andrebandet av Etterkrigslitteraturen viser Øystein Rottem at litteraturhistoria i 1990-åra er ein kriseramma sjanger. I motsetnad til Elias Rukla har ikkje Rottem nokon solstadsk paraply å knuse, skriv Øystein S. Ziener i denne meldinga.
Øystein Rottem:
Etterkrigslitteraturen
Band 2: Inn i medietidsalderen 1965-80
Cappelen Fakta 1997
Det er nesten for påfallande til å vere tilfeldig, og ingen kan vite om det er eit meiningsberande teikn, ein skikkeleg freudiansk slip of the pen, eller ikkje. Likevel er det eit faktum: I Øystein Rottems andre band av trebandsverket Etterkrigslitteraturen har tittelen på Dag Solstads nest siste roman Genanse og verdighet falle ut.
Og det seier det meste om Rottems framstilling av den norske 60- og 70-talslitteraturen i denne boka. Sjølv om Rottem løfter Dag Solstad fram som frontfiguren i norsk litteratur i perioden, fungerer Solstad særs dårleg som skalkeskjul. Genanse og verdighet er nemleg ein roman som nådelaust pressar fingeren inn i Rottems ømmaste punkt. Genanse og verdighet er ein roman som også handlar om Rottems eige problematiske arbeidsfelt: Litteraturformidling.
Verdig sjenanse
Litteraturformidling er ein vanskeleg kunst. Det veit Elias Rukla, hovudpersonen i Genanse og verdighet noko om. Øystein Rottem veit dessverre ikkje fullt så mykje.
Elias Rukla er lektor i vidaregåande skole, norsklektor. Elias Rukla går gjennom Vildanden med ein søvnig gjeng foruretta tenåringar. Elias Rukla er ein engasjert mann. For Elias Rukla er Ibsen faktisk viktig. Rukla er ein entusiast. Han lar seg røre ved av litteraturen og han vil sjølv også røre ved. Derfor er han sjenert. Derfor er han menneskeleg. Og verdig.
Men som norsklektor har Elias Rukla òg som si arbeidsoppgåve å formidle den norske kulturarven til elevane sine. Det er det som er rammevilkåra Rukla arbeider innafor, og det gjer arbeidssituasjonen hans til eit uløyseleg dilemma.
For når fortolkingsramma er tilstivna og gitt på førehand, vert ei kvar berøring, eit kvart engasjement umogeleg. Litteratur og kulturarv er nemleg slett ikkje det same: Litteraturen vil forurolige; kanoniseringa av litteraturen til kulturarv vil berolige. Ho vil ta frå litteraturen eit kvart foruroligande potensial. Rukla kan derfor ikkje anna enn å innsjå at keisemda til elevane også er rettmessig. Frustrasjonsnivået hans er høgt, farleg høgt. Det endar med at han knuser paraplyen sin mot ei fontene og skrik skjellsord opp i trynet på ein kvinneleg elev for så å marsjere ut av skolegarden bort og vekk. Det finst ingen vegar tilbake. Det finst heller ingen stader å gå.
Privatisering
Øystein Rottem har ingen paraply. Øystein Rottem er ikkje plaga av genanse. Derfor har han heller inga solstadsk verdighet. Øystein Rottem har ikkje noko problem med å gå inn i rolla som forvaltar av førestellinga om den norske kulturarven. I sin tradisjonsbundne og også tradisjonelle omgang med den nære fortidslitteraturen, skil Rottem klinten frå kveiten, ordnar og strukturerer og kanoniserer nokre forfattarar ved å erklære bøkene deira som verneverdige før han set dei pent på plass i hylla. Der står dei. Med ryggen til. I biblioteket. I det norske hus.
Øystein Rottem kjenner tilsynelatande ikkje Elias Rukla sitt dilemma som noko problem. Han ønskjer i alle fall ikkje å ta stilling til det. I staden fråskriv Øystein Rottem seg dette dilemmaet. Derfor vert både omtalen hans av Dag Solstads forfattarskap og av Genanse og verdighet frivillig eller ufrivillig symptomatisk. Ikkje berre er romanen tittellaus hos Rottem. Øystein Rottem fråtar også den romanen som burde forurolige han mest av alle dei verka han omtaler, eit kvart meiningsinnhald. Han reduserer ho til å vere forfattarens private meining.
I Rottems lesing er Genanse og verdighet ein roman om å bevare verdigheten i et samfunn og en tid som ikke er etter forfatterens hode. Når tekstmeininga heilt og fullt vert privatisert på denne måten, får romanen status som eit botnpunkt i forfattarskapen, og med sitt eige hovud som einaste kjelde til kritisk tenking endar forfattaren i ein idiotisk posisjon som er tømt for ei kvar allmenn meining.
Det er umogeleg ikkje å lese dette som Rottems eige sjølvforsvar, som hans motåtak på Dag Solstad. Det er umogeleg ikkje å lese dette som litteraturhistorikarens aktive nekting for at litteraturen faktisk representerer ei utfordring for litteraturhistorikaren. Det er umogleg ikkje å lese dette som eit uttrykk for at Elias Ruklas dilemma likevel er skriven inn i Rottems framstilling, og set seg igjennom på ein avgjerande måte. Men der kor litteraturen avdekkjer, der dekkjer litteraturhistoria til. Det må ho gjere for å ivareta den funksjonen ho har fått: Ho skal ikkje berre forvalte og formidle, ho skal også konstruere den norske kulturarven.
Øystein Rottems litteraturhistorie kan ikkje anna enn å tvinge fram spørsmålet om det i det heile tatt er mogeleg å skrive tradisjonell litteraturhistorie i 1990-åra. Ho kan ikkje anna enn å framvise litteraturhistorieskrivinga som ein sterkt kriseramma sjanger. Og det er den same krisa som får Elias Rukla til å knuse paraplyen sin.
Ein utanlandsk nordmann
Rottems omtale av Dag Solstad er ikkje eineståande. Når det nettopp er Dag Solstad Øystein Rottem køyrer fram i posisjonen som emblematisk frontfigur for heile den norske litteraturen i perioden 1965-80, vert omtalen av Solstad også særleg symptomatisk for verket som heilskap. Han fungerer som eit særleg fortetta uttrykk for dei indre motsetnadene Rottems posisjon som tradisjonell litteraturhistorikar nødvendigvis må føre han inn i.
Rottems bok handlar om den norske litteraturen. Ho har endatil som sitt siktemål å byggje opp periodens særleg norsk-nasjonale litterære kanon.
Dag Solstads forfattarskap har rett nok overskrifta Tilværelsens utlending. Meir akutt kan ikkje dei indre motsetnadene i ei framstilling kome til uttrykk: Når Rottem skal finne fram til det særleg fortetta uttrykket for det sær-norske i perioden 1965-80, plasserer han altså den forfattaren han finn fram til, i posisjonen som ikkje-norsk. Berre da kan han oppfylle funksjonen som emblematisk figur.
Tydelegare kan ikkje Rottem syne at litteraturen sjølv underminerer det som er føresetnaden for den tradisjonsbundne framstillinga hans: At det norske finst og er verdifullt, så verdifullt at det òg skal byggjast opp og vernast om på ein særleg måte. Ja, for kva er att av det norske når tidas norskaste norske forfattar får status som utanlandsk?
Er det ein uforeinleg motsetnad mellom å vere forfattar og å vere norsk? Har litteraturen så skrøpelege vilkår her i landet at desse to funksjonane ikkje lar seg samordne? Eller er det Rottems eige omgrep om det norske som er så snevert at det ikkje maktar å famne den forfattaren han sjølv hevdar er særleg typisk for den perioden han omtalar, slik det heller ikkje maktar å famne litteraturen som fenomen?
Marginal i sentrum
Rottems freistnad på å konstruere ein nasjonallitterær kanon fører altså til at Dag Solstad vert støytt ut av denne kanonen. Han vert plassert i eit ikkje-eksisterande utland. Samstundes er denne utstøytinga på ein paradoksal måte føresetnaden for at Solstad kan få posisjonen som ein emblematisk figur for periodens norske litteratur. Meir på kollisjonskurs med seg sjølv kan ei litteraturhistorisk framstilling ikkje vere. Tydelegare kan ho ikkje slå beina under seg sjølv.
Og dette må vere eit oppsiktsvekkjande punkt i norsk litteraturhistorieskriving i det heile. Det må vere første gongen ein litteraturhistorikar støyter ein forfattar ut ved å plassere han i sentrum.
Det er godt gjort. Det er jævlig bra jobba. Og det er eit kriseteikn.
For når Øystein Rottem støyter Dag Solstad ut frå det norske på denne måten, vert Solstad samstundes støytt ut frå ein kvar mellommenneskeleg, meiningsgivande og meiningsskapande samanheng. Han får posisjonen som meiningstom einstøing.
Og det skjer altså i ei litteraturhistorie som har som si fremste oppgåve å skrive fram litteraturens mogelege meiningar og å formidle dette meiningspotensialet til interesserte lesarar. Rottem gjer det motsette: Han tømmer litteraturen for mogeleg meining ved å plassere han i eit ikkje-eksisterande utland. Her lever litteraturen sitt makteslause og meiningstomme liv som i siste instans er synonymt med ein død i levande live. For sterkare uttrykk for marginaliseringa av litteraturen enn det Rottem presenterer, lar seg vanskeleg finne. Det måtte vere den tekstlege togna.
Men Dag Solstad kjem ein ikkje utanom. Han lar seg ikkje teie i hel.
Elias Rukla derimot. Elias Rukla tar Rottem livet av slik han let det litteraturformidlingas dilemma, som er Ruklas eksistensielle livsvilkår, forbli uomtalt i si framstilling. Det er forståeleg fordi det òg er litteraturhistorias problem-atiske arbeidsvilkår.
Avmakt
Denne påfallande indre motsetnaden lar seg forstå som uttrykk for ein akutt motsetnad mellom litteraten Øystein Rottem og litteraturhistorikaren Øystein Rottem: Litteraten Rottem kan ikkje anna enn å anerkjenne Solstads litterære kvalitetar. Derfor plassere han Dag Solstad i sentrum for framstillinga. Litteraturhistorikaren Rottem kan ikkje anna enn å fråkjenne Solstad den same sentrumsposisjonen, for som ein forfattar av anti-autoritære tekstar representerer Solstad eit trugsmål mot litteraturhistorikarens autoritære posisjon. Derfor støyter Rottem han ut av kanon, ut i det utanlandske og det uforståelege.
Når litteraturhistorikaren sigrar over litteraten i Rottem si framstilling på denne måten, syner det på ein overtydeleg måte at i 1990-åra kan ikkje den tradisjonelle litteraturhistoria fungere som ein dialogisk og demokratisk møtestad mellom litteraturen og fortolkaren. Ho kan berre fungere som arena for ein maktkamp, ein tvikamp mellom litteraturen og litteraturhistorikaren der litteraturhistorikaren som ein sjangerkonvensjon ranar til seg retten til å vinne ved å gje litteraturen status som makteslaus. Det er ein avvergemekanisme som berre fungerer som vitnemål om litteraturhistorikarens avmakt i møtet med litteraturen.
Nasjonsbygging
Den problemstillinga Øystein Rottem vert konfrontert med i møtet med Dag Solstads forfattarskap og som han freistar ikkje å ta stilling til, er at moderne litteratur og tradisjonell litteraturhistorie blir skriven ut frå motsette ideologiske ståstader. Derfor er Rottems framstilling på kollisjonskurs med litteraturen sjølv. For hos Rottem er det ikkje berre Dag Solstad som vert marginalisert i sentrum. Heile framstillinga hans er fundert på det same grunnleggjande paradokset: Samstundes som ho set litteraturen i sentrum for merksemda, vert han forvist til eit eksil-tilvere i ein posisjon utanfor.
Det er det som i siste instans er konsekvensen av Rottems manglande oppgjer med litteraturhistorias sjangerkonvensjonar. Det er i siste instans konsekvensen av at Rottem unnlet å ta stilling. Det er i siste instans konsekvensen av at Rottem gjer seg til talsmann for den såkalla heilage, alminnelege og sunne fornufta som ikkje syner seg å vere så sunn likevel når alt kjem til alt.
Som ein moderne litteratur var 1960- og 70-talets norske litteratur sjølvsagt ein kritisk litteratur. Han kunne ikkje ha den nasjonsbyggjande funksjonen som borgarskapet på 1800-talet stilte som eit krav at litteraturen og litteraturhistoria skulle ha. Heilt sidan det moderne gjennombrotet har motsetnadsforholdet mellom kunstnar og publikum gjort litteraturen til mot-tekst.
Tradisjonell litteraturhistorier er ingen mot-tekst. Litteraturhistoria er pr. definisjon oppbyggjeleg. Som sjanger voks den moderne litteraturhistoria fram på 1800-talet nett som ein del av freistnadene på å byggje opp nasjonale identitetar på grunnlag av nasjonalitetsidéen. Ho ser det som si oppgåve å byggje opp ein nasjonal-litterær tradisjon. Ho skal ordne og kategorisere og etablere ein kanon. Det er derfor den tradisjonelle litteraturhistorikaren må rane til seg makt. Om han ikkje opplever seg sjølv som autoritær, må han likevel opptre med den autoriteten som er nødvendig for at sjangeren skal oppfylle sine eigne konvensjonar.
Det er oppsiktsvekkjande at Øystein Rottem ikkje opponerer mot desse tradisjonelle sjangerkonvensjonane, men i staden vidarefører dei ukritisk. Det er oppsiktsvekkjande, fordi han da endar i ein posisjon som er utruverdig. Frå denne posisjonen er det uråd å skrive ei framstilling som tar litteraturens parti. I staden for å revitalisere litteraturen slik den eigentlege litteraturformidlinga skal, reduserer Rottems framstilling litteraturens meining og tyding. Ho kjem på alle vis til å fungere nedbrytande for litteraturen.
At litteraturen skulle ha meining i det heile, vert ståande som eit tomt postulat, for hos Rottem vert spriket mellom emnet for framstillinga og framstillingas form så stort at sjangeren litteraturhistorie fell frå kvarandre i stumpar og stykke.
Individualiserte tekstar
Hos Rottem fell historia frå kvarandre i ei rad historier. Han har bygd opp verket sitt som ein serie sjølvstendiggjorde forfattarskapsportrett. Denne oppbygginga er i seg sjølv ei fortolking av litteraturen: Litteraturen får status som forfattarsubjektets subjektive monolog og altså som uttrykk for forfattarens subjektive uttrykksbehov. Dette individualiserande grepet har si rot i romantikken og den romantiske førestellinga om kunstnaren som eit originalt geni.
Dermed set det òg grenser for kva fortolkingar som er mogelege. Slik Rottem sjølv i liten grad evnar fange inn samfunnsmessige forhold, og endringar og endringane innafor den litterære institusjonen i perioden, stengjer tilnærmingsmåten hans òg av for ei forståing av litteraturens samfunnsmessige eksistens. I like liten grad vert det rom for analyse av det motsetnadsfylte samspelet forfattarar imellom som var eit særkjenne ved det litterære livet i 60- og 70-åra.
Denne individualiserande framstillingsmåten lar seg òg lese som eit uttrykk for ein slags post-moderne posisjon. Når alle -ismane har brote saman, kan det synest uråd å skrive ei historisk framstilling som er basert på ei samlande forståing og gi ei fortolking av ein periode i det heile. Men Rottems post-modernitet er ein post-modernitet på avvegar, for med sine sterke indre motsetnader plasserer framstillinga hans seg i ein mellomposisjon som til sjuande og sist syner seg å vere ingen stader. Det kan ein tolke som eit symptom eit symptom på eit samanbrot som enno ikkje har vorte noko gjennombrot fordi Rottem enno ikkje veit kva konturane av det nye skulle vere. Om Den Store Forteljinga har brote saman hos Rottem, har han ikkje noko fortolking av dette samanbrotet å kome med og derfor har han heller ikkje noko anna alternativ enn ei rekkje sidestilte, sjølvstendiggjorte småforteljingar. Når ho vert
fragmentert på denne måten, vert historia og meininga samstundes privatisert slik at litteraturen vert frårøva ei kvart samfunnsmessig meining. Dermed vert han òg frårøva sitt kritiske potensial. Dei smilar så underleg makteslause mot lesaren, alle dei portretterte forfattarane i Rottem si bok...
Teksten som tilfluktsstad
I Rottems tekstlege portrett av desse forfattarane ligg vekta på teksten ikkje på personopplysingar og biografi. Denne vektlegginga av teksten er ei frukt av 80- og 90-talets nye tekstmedvit, og ho gjer Rottems framstilling til ei svært litterær litteraturhistorie tilsynelatande.
Det er berre tilsynelatande, for når Rottem har eit så djupt motsetnadsfullt og uavklart forhold til litteraturen som denne litteraturhistoria syner at han har, får heller ikkje teksten lov til å eksistere på eigne premissar. Han får ikkje status som tekst. Han får status som tilfluktsstad for ein litteraturhistorikar på desperat flukt frå seg sjølv og sine eigne konfliktar.
På ein djupt paradoksal måte vert Rottems fokusering på teksten uttrykk for at litteraturen vert frårøva sitt meiningspotensial. Han sluttar å bety. Han vert privat og meiningstom. Det er slett ikkje berre Elias Rukla som er denne tekstens offer.
Fallskjerm?
Er det mogeleg å tenkje seg ei anti-autoritær litteraturhistorieskriving? Er det mogeleg å tenkje seg ei litteraturhistorieskriving som tar teksten på alvor på ein ganske annan måte enn det Rottem gjer ved å framstille seg sjølv sjølv-kritisk som tekst?
Desse utfordrande spørsmåla tvingar seg fram mellom linene i Øystein Rottem si djupt motsetnadsfulle framstilling av norsk 1960- og 70-talslitteratur. Og det er spørsmål som med ein gong dei er formulerte, krev andre svar enn det Øystein Rottem har å gi i eit verk som nok ikkje blir ståande som anna enn eit uforløyst mellomstadium i norsk litteraturhistorieskriving.
For Øystein Rottem tar ikkje den utfordringa som litteraturen representerer på strak arm. Og det gjer han ikkje fordi han ikkje har armmusklar nok til det eller til å knuse ein paraply.
Øystein Rottem har ingen paraply. Øystein Rottem har ein fallskjerm ein tilsynelatande gyllen fallskjerm. Men det er ikkje gull alt som glimrar. Når Rottem freistar utstyre seg med ein fallskjerm som ikkje inneber nokon risiko i det heile, syner fallskjermen seg stikk i strid med sin intensjon å vere synonym med eit sikringsnett som Rottem har mageplaska i lenge før han hoppa. Det som skulle ha vore eit svev, vert til litteraturhistorikarens endelause basketak med seg sjølv der han i ein umogeleg freistnad på å berge seg sjølv sprellar og sprellar filtra inn i sitt eige motsetnadsfulle garn.
Tilbake står vi med ein Elias Rukla med ein knust paraply, og ein litteraturhistorikar som ikkje kan anna enn å syne oss at heller ikkje litteraturhistoria er nokon stad å gå.
Kva gjer vi no? Kor går vi no?
Tilbake til framtida? Og til litteraturen?
Øystein S. Ziener
|