Dag og Tid nr. 17, 24. april 1997

På tomannshand:
Dr. Gundersen og Mr. Hyde

Mang ein reaksjonær, rasistisk riksmålsmann ber ein liten og varm Dag og Tid-ven i seg som vil ut. Denne venen vil Fri Fra Gundersen (Frp). Under stive snippen hamrar hjartet til ein matglad grendegut som akkast over ungdomen i dag. Og stanken frå muslimane og negrane i Oslo.

TEKST: JOHAN BROX FOTO: BERNT EIDE

Då ei samla presse jaga Øystein Hedstrøm etter den famøse turen til Godlia, sprang journalistane i vid boge utanom partifelagen Fridtjof Frank Gundersen.

Kvifor? Hedstrøm angra seg offentleg. Men Gundersen sa at det var rett – og faktisk ei plikt – for ein folkevald å møta opp i lovlege organisasjonar som Den Norske Forening.

Fridtjof Frank Gundersen blir hata og frykta, men aldri mobba som han med hentesveisen. Gundersen har hår over heile hovudet, han er professor, jurist, økonom, sylkvass, uredd, open, ein fritenkjar og – det må jo nemnast – hyggeleg, faktisk.

På tampen av 60- og byrjinga av 70-talet var Fridtjof Frank Gundersen politisk kommentator og kronikør i Dag og Tid. Mange har fortrengt dette. I snautt 40 kronikkar, argumenterte han godt og grundig i Dag og Tid:

– for Vietnam-krigen
– for apartheid
– for kald krig
– for EEC
– for utkantar

og

– mot overføringar til utkantane
– mot overføringar til byane
– mot radikal forvirring
– mot yrkespolitikarar
– mot offentleg u-hjelp
– mot ålmenn skuldkjensle
– mot “bokpøbel”
– mot maktmenneske

Etter at han tidleg på syttitalet vinka farvel til Dag og Tid, Høgre, Statskyrkja og Juristforbundet, og velkomen til Framstegspartiet, utanrikskomiteen, Lagtinget, Odelstinget m.m. har den gode Gundersen markert seg som talsmann:

– for boikott av Iran, Kina, Cuba m.m.
– for familien
– for barnehagerøykerom
– for privat spritsal
– mot innvandring
– mot røykjelov
– mot ulovleg avlytting

Etc, etc, etc.

– Fridtjof Frank Gundersen, du gjer ikkje spesielt mykje for å stå fram som politisk korrekt?

– Kva er “politisk korrekt”? Er det det som er korrekt i Aftenposten? Eller i Dagbladet, eller i Verdens Gang? Det som får støtte av Per Lønning?

– Forstår du at folk blir sinte på deg?

– Nei. Men folk er då ikkje så sinte på meg, stort sett. Om ein ser vekk frå den derre kvinnehistoria...

– Kvinnehistoria?

– Ja, det var vel spesielt Åshild Ulstrup som blei sint, etter ein artikkel eg skreiv i Kapital om organisert kvinnfolkmas. Ho ville “heller ha analsex med ein barracuda”, skreiv ho, enn noko med meg å gjera. Vel, ho om det.

I ein svensk film, der ein diger nynazist går til åtak på ein puslete jøde på T-banen, seier eine passasjeren til hin: “Var det ikkje for innvandrarane, ville me ikkje hatt sånne jævla rasistar heller!”

– Er det eit argument mot innvandring at utlendingar får fram det verste i oss?

– Absolutt! Dei fleste konfliktar i verda i dag oppstår jo ikkje mellom statar, men er interne konfliktar med eit etnisk eller kulturelt opphav. Staten toler ikkje så store skilnader. Det norske folket har eit relativt einsarta preg, og ein sterk konsentrasjon av framandkulturelle i Noreg er problematisk. Dette må me freista å unngå.

– Ville det hjelpa om dei framandkulturelle spreidde seg utover landet?

– Det vil dei jo ikkje! Dei kjem jo hit til Oslo for å leva saman med sine eigne, og byggja opp sine eigne kulturar.

– Har dei ikkje noko å tilføra oss?

– Nei, ikkje dei framandkulturelle. Dei kan eg ikkje sjå nokon vinst i for oss.

Det var Fridtjof Frank Gundersen (H) som skreiv i Dag og Tid. Muslimar var framleis “gjestearbeidarar” og Gundersen høgremann. For Framstegspartiet fanst ikkje.

– Det var i 72 eller 73 at eg melde meg ut av dei tre organisasjonane eg var med i: Høgre, Juristforbundet og Statskyrkja. Eg ville stå heilt fritt. I ni år, frå 1981, representerte eg Framstegspartiet på Stortinget utan å vera medlem. Eg melde meg ikkje inn før i 1990.

– Eg har alltid vore motstandar av organisasjonar. Dei hindrar at menneska får koma fram med sine synspunkt. Alt blir svære, organiserte meiningar... Demokrati er noko anna.

I 1969 åtvara Fridtjof Frank Gundersen i ein Dag og Tid-kronikk mot bombestans i Vietnam. Det ville gje fienden høve til å samla kreftene, meinte han.

– Tregar du på det i dag?

– Vel, nei, ikkje eigentleg. Det eg meinte var at amerikanarane ikkje engasjerte seg sterkt nok i Vietnam.

– Visste du då at det var sivile som blei bomba?

– Nei, det var eg ikkje klar over. Eg har eigentleg ikkje gått så nøye inn på korleis dette var. Men det er vanskeleg, spesielt i ein geriljakrig der fienden er veldig skjult, å vita kven som er soldatar og kven som er sivile.

– Altså alle eller ingen. Du kunne gått inn for å bomba ingen?

– Ja, men då trudde eg framleis på Domino-teorien. Eg såg ikkje klårt nok forvitringa som gjekk føre seg i dei kommunistiske statane. Og eg er jo ikkje den einaste. Dei som meinte kommuniststatane var høvelege mønster for oss, såg det heller ikkje. Desse som trudde på Pol Pot og dei der...

– I ei (elles) vakker likning om eit skipshavari du skreiv i Dag og Tid, forsvarte du mindretalsstyret i Sør-Afrika. Du gjorde det i poetiske vendingar, med to menn som klamra seg til kvelvet. Båten kunne berre bera den eine, og kven kunne klandra han som kom levande i land? Er du stolt av det i dag?

– Nei. Eg trur at personlegdomen til Nelson Mandela kan hende har rydda rom for to på kjølen likevel. Men utviklinga i Sør-Afrika er urovekkjande, med stadig meir vald og drap. Det er ikkje sikkert me har sett enden på den historia.

Ville det ikkje berre vera rimeleg – av omsyn, som du seier, til freden – at også sørafrikanarane kasta ut sine “framandkulturelle”, vil fotografen vita. Han kom frå Afrika dagen før.

– Om ikkje afrikanarane hadde vore heilt økonomisk avhengige av utlendingar, så hadde dei vel gjort det òg. Indarar har jo alt blitt kasta ut frå Aust-Afrika...

– Det meiner du er vegen å gå?

– Nei. Å kasta ut folk som alt er der, det er noko heilt anna enn å invitera folk til å koma.

– Sør-Afrika bør ikkje invitera fleire kvite?

– Der er jo ein kvit minoritet, som det svarte fleirtalet er heilt avhengig av.

– Finst det ekte rasistar i Noreg?

– Eg trur at ganske mange menneske har ei negativ haldning til det ukjende. Er det dette som er rasisme, er det mange rasistar i Noreg. Men for meg er rasisme ein medviten filosofi.

– Eg har nett gifta meg med ein kommunistisk neger frå Cuba. Er det greitt? Å bu i Noreg?

– Å ja! Det bør absolutt ikkje vera noko problem. For det blir noko anna.

– Kvifor blir det noko anna?

– I eit slikt forhold vil ikkje denne getto-situasjonen oppstå. Det eg er i mot, er å importera menneske som slår seg ned i visse område i Oslo, slik at andre som har bustader der ser at verdien fell dramatisk, og det blir ei lukt dei ikkje likar i gangane og spetakkel... Det er klart slikt er usunt, og går ut over dei menneska i Oslo som har det dårlegast. Fyrst må me få integrert dei me alt har, før me tek inn fleire. Vesle Noreg kan ikkje avhjelpa folkeauken i verda, som er enorm, i Iran, i “Tyrkiet”, Egypt, i Algerie...

Ein gong på syttitalet skreiv Gundersen at frigjeringsrørslene i Latin-Amerika var reaksjonære. Å støtta dei var å stilla seg i vegen for det folket eigentleg drøymde om – eit middelklasseliv.

Har historia gjeve deg rett?

– Ja, og det beste dømet på det finn ein sjølvsagt i Chile.

– Meiner du før, under eller etter Pinochet?

– Eg går ikkje god for alt Pinochet gjorde. Men det er med Pinochet som med Franco: Franco-regimet var jo ein glimrande introduksjon til eit spansk demokrati. Det same har skjedd i Chile – ingen søramerikansk stat har glidd så lett inn i eit demokratisk system og ein kapitalistisk marknadsøkonomi – som har gjeve ein sterk økonomisk vekst.

– Deler du Thorbjørn Jaglands visjon om berekraftig vekst, økologiske gasskraftverk og fri flyt av porteføljeforvaltarar?

– Eg ser uønskte utviklingstrekk ved det marknadsøkonomiske samfunnet. Men alternativet er å la nokre få menneske styra, og dersom ei lita gruppe får allmakt, vil makta misbrukast. Sjå på sentralistiske statar, korleis det står til med dei sosialt, økonomisk og økologisk. Me kan sjølvsagt etterlysa ein mellomting...

– Er det ikkje det Noreg har vore – ein mellomting?

– Jo, det kan du seia.

– Du skreiv i Dag og Tid i 1971 at Høgre var det einaste eigentlege distriktspartiet i Noreg.

– Det var jo eit heilt anna Høgre den gongen. No har Høgre blitt meir reguleringsvennleg enn Arbeidarpartiet var på syttitalet. Dei har godteke alt! I artikkelen viste eg til at OBOS, husleigeregulering og “sosial bustadbygging” gjorde det ekstra freistande å flytta frå bygdene til byen. Høgre var åleine om å gå imot.

Bokpøblane, dei radikale, verdsfjerne og bortskjemde studentane som Fridtjof Frank Gundersen (med eit Anders Lange-uttrykk) gjorde narr av i Dag og Tid på syttitalet, kor blei dei av?

– Bokpøblane er borte. Eg saknar dei faktisk! No er studentane så matnyttige, uengasjerte og engstelege for ikkje å få jobb at...

– Må det ei krise til for å tenna ungdomen? Skal me håpa på ei krise?

– Ja, eller at det kjem ein eller annan som kan leggja på bordet ein forenkla ideologi...

– Lundteigen!

– Ja, kanskje Lundteigen kan klara det. Med ein fullstendig økonomisk isolasjon av Noreg, valutaregulering, importkvotar, tollmurar, byggeregulering... jaja.

– Blir det for ille her, kor dreg du då?

– Tidlegare reiste eg mykje til München, men no er det oftast Sør-Frankrike.

– Du held deg i vår kulturkrins?

– Åtte år i Utanrikskomiteen har ført meg verda rundt, men skulle eg reisa for eigne pengar, ville eg aldri finna på å forlata Europa. Europa er heilt unikt, kulturelt, klimamessig, av omsyn til variasjon, god mat, god vin – me har jo alt!

– Til så lenge..?

– Me må passa på grensene, og det er difor eg er tilhengar av Schengen-avtalen. Schengen-avtalen er eit resultat av ei frykt som især dei europeiske middelhavslanda har for folkeauken i Nord-Afrika og dei muslimske landa.

– Då støttar du jo nei-sida – i resonnementet, om ikkje i konklusjonen!

– Ja, Schengen-avtalen er meint som ein mur kring Europa. Og det treng me.

Kva i all verda førte ein mann som Gundersen til den radikale nynorsk-avisa Dag og Tid? Var avisa SÅ desperat etter tverrpolitisk kamuflasje for raddisane i redaksjonen?

– Eg har alltid vore glad i nynorsk. På gymnaset vann eg fyrstepremie i ei tevling som blei utlyst av Bondeheimen på Hamar, om “kyrkja sin plass i folkemedvitet før og no”. Sidan blei eg kjend med Herbjørn Sørebø, Kjell Snerte og Tor Gabrielsen. Då dei spurde om eg ville skriva i Dag og Tid, syntest eg det var freistande. Nynorsken gav meg høve til å gje uttrykk for synspunkt og kjensler som ville vore vanskelege å målbera på riksmål – utan å verka vulgær. Rett og slett. Og bladstova hadde eit hyggeleg miljø, her i hovudstaden.

– Hugs på at eg kjem frå Tynset. Ein stasjonsby, med posthus, postmeister, lege, prest, sorenskrivar, apotek, kjøpmannsstand, dyrlege... No har dei øydelagt min barndoms Tynset. Totalt! Bygningsmassen er rasert, staden liknar dei verste i Aust-Tyskland! Vakre trebygningar er erstatta med dei villaste og mest smaklause betongkonstruksjonar...

– Kven gjorde det?

– Forretningsstanden, i samråd med eit Senterparti-fleirtal i kommunestyret. Eg lengtar ikkje attende. Men i min barndoms vesle Tynset kunne alle nesten fått plass på ein stor teaterscene. Eg visste kor folk skulle, stort sett kva dei meinte, kva dei dreiv med, kven dei dreiv med, og kjende deira sterke og svake sider.

– Var det problematisk?

– Det var ein fordel, eigentleg. Om ein jamfører med blokk-tilværet i byen, det som gjer folk så sugne på – å få tak i personar – at dei les seks-sju sider om Anja i Verdens Gang!

– Og i Dagbladet. Samtidig.

– Nettopp, og dette fortel om ein sjukleg trong til å... koma i eit personleg tilhøve til noko, som avslører fattigdomen i bysamfunna. På Tynset hadde me 50 anjaer. Me hadde aldri bruk for noka Riks-Anja på Tynset...

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |