Dag og Tid nr. 17, 24. april 1997

Musikk:
Frå den musikalske loppemarknaden

Åge Aleksandersen syng Bob Dylan på norsk. Det er som å la James Last spele Musorgskij på tysk. Det er ikkje spesielt interessant musikalsk, men det sel.

Åge Aleksandersen med band/Taraf de Haïdouks
Fredløs. Dylan på norsk
Kirkelig Kulturverksted

Farmers market
Musikk fra Hybridene
Kirkelig Kulturverksted


Det måtte komma. Før eller seinare måtte det skje. Ikkje noko plateselskap med sans for å selja plater ville la ein slik sjanse gå frå seg. Oppskrifta er temmeleg enkel. Ta ein kjend, amerikansk, kultisk, mykjeseljande artist; la ein norsk, kjend, halvgod poet omsetja tekstar; plasser ein mykjeseljande, norsk artist med den rette imagen attom mikrofonen. Da får du ei plate som “Fredløs. Dylan på norsk” med Åge Aleksandersen. Korkje overraskande eller originalt, men ein sikker seljar.

Sauen

Eg må vedgå det med ein gong: Eg er ingen dylanist. Eg har høyrt fint lite på Bob Dylan. Eg har knapt nok prøvd å setja meg inn i ei einaste av dei mange oppskrytte tekstane hans. Tvert i mot har eg aldri hatt spesielt stor sans for den amerikanske “visesongaren”, som aldri har gjeve meg dei heilt store musikalske opplevingane. Vokalisten Dylan har breka seg andpusten som ein sau; mens munnspelaren Dylan har henta inn pusten att med lippene om munnspelet.

Slik sett kunne det kanskje ha vore von for Dylan-skeptikarar når det kjem ut ei plate med Dylan-stoff på norsk – kjemisk fri for Dylans eigne pusteøvingar. Problemet er berre at Dylans breking blir avløyst av Aleksandersens rauting.

For å seia det på ein annan måte: Eg er ikkje blitt meir overtydd om at det er verdt å lytte til Dylan etter å ha høyrt Åge Aleksandersen tolke han. Eg er like skeptisk som før.

Aleksandersen er Aleksandersen, anten han syng Aleksandersen eller Dylan. Og det som musikalsk har med Dylan å gjera på plata er monotont og heller keisamt. Dei norske musikarane på plata skaper få musikalske utfordringar. Rett nok finst utfordringane. Problemet er berre at dei har fint lite med Bob Dylan å gjera.

Lyspunktet

Og kvifor skal ein på død og liv presse Bob Dylan inn i norsk språkdrakt, og la ein norsk artist syngje Bob Dylan på norsk? Tilfører Åge Aleksandersen noko musikalsk til Bob Dylan? Tilfører Håvard Rems norske omsetjingar noko til Bob Dylans originaltekstar?

Plateselskap og produsent Erik Hillestad svarer truleg ja på alle desse spørsmåla – i tillegg til at dei sannsynlegvis kan danse til klingande tonar frå kassaapparatet.

Sannsynlegvis gjer Dylan-skeptikarar best i å prøve seg på originalen på nytt, dersom dei skal prøve å opparbeide eit meir avslappa forhold til den amerikanske viseartisten.

Utfordringa

Det finst likevel musikalske sprell på denne plata. Men desse sprella er det som har absolutt minst med Bob Dylan å gjera. Åge Aleksandersen har med seg musikarar frå den rumenske sigøynargruppa Taraf de Haãdauks. På somme av spora set dei ein musikalsk farge som skjerpar, utfordrar og bryt opp dei monotone Dylan-melodiane, den amerikanske musikalske keisemda og den einsformige Aleksandersen-stemma. Dei er også årsaka til at denne plata ikkje kjem til å hamne i haugen av plater med merkelappen “høyrt og gløymt”.

Det er forresten ein liten ting til: Språkleg er Håvard Rems omsetjingar heller slette. Det er ikkje godt handverk å la “Æ har vært på toppan / Æ har vorre i vind” passere som ferdig tekst. Håvard Rem er ikkje trønder, det er greitt, men Åge Aleksandersen er, og han burde da ha språkkjensle nok til å luke vekk slikt. “Fredløs. Dylan på norsk” er full av språkleg slagg, tvilsame rim, elendige rim og naudrim. Det er irriterande. Frykteleg irriterande.

Oppturen

Farmers Markets “Musikk fra Hybridene” har alt det “Fredløs. Dylan på norsk” manglar musikalsk. Plata er overraskande, sprudlande, leikande, full av musikalsk galskap. Dette er musikalsk medisin mot dårleg hjarterytme – den sprudlande oppturen etter Dylans norske reise.

Det er nærast uråd å plassere Farmers Market musikalsk. I utgangspunktet handlar det om fem dyktige jazzmusikarar som har fått ein fiks ide om at dei skal leike seg med musikk. Og dei har fått fart på ein leik, der dei blandar stilartar i høgt tempo. Kjernen i musikken er jazz og trekk frå dei skakke rytmane i balkansk folkemusikk, men han er spragla til med ei mengd andre stilartar. Her kan ein såleis finne techno speed balkan boogie, funk speed balkan boogie, punk speed balkan boogie, hybridisk balkansk folkemusikk, berre balkan boogie, jazz og eit par musikalske potpurri som peikar nase til klisjeane frå populærmusikken.

“Musikk fra Hybridene” er ein musikalsk loppemarknad, der du finn det meste i salig blanding. Og det er morosamt å gå rundt blant raritetane.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |