Dag og Tid nr. 16, 17. april 1997

Kautokeino-opprøret:
Lars Levi Læstadius (1800-1861)

Læstadius var prest på den svenske kyrkjestaden Karesuando i Enontekis, ved grensa til Finland. I 1845 hadde soknet 809 innbyggjarar. Dei fleste var flyttsamar.

Læstadius var pietist, og meinte at det moralske forfallet breidde seg frå byane, endå det var der utdanningsinstitusjonane låg.

Læstadius meinte største synda var egoismen. Lenge såg han seg sjølv som ein angerfull, søkjande syndar. Men eit møte i januar 1844 med samejenta Maria, som fortalde om sitt liv og sin kamp for tru, vekte Læstadius.

Læstadius viste folk at dei sjølve hadde hand om eigen lagnad. Dei kunne velja, Gud eller Djevelen, himmel eller helvete. Han brukte eit sterkt, folkeleg biletspråk, der likmakken, grisen, ramnen og ikkje minst vakt-hunden figurerte.

– For å nå fram til folk, må eg bruka folkets språk, sa Læstadius. Såleis skildra han livet, synda og straffa i vulgære ordelag, henta frå daglegspråket til lydarane. Han nytta simulerte dialogar, og repetisjonane slo som reine hammarslag.

Anders Bær, som vart dømd etter opprøret i Kautokeino, skreiv mykje i fengselet. Han fortel at han i 1848 reiste frå Kautokeino til Karesuando, og at alle han møtte på vegen var opptekne av åndelege spørsmål. Folk spurde kvarandre om dei var vekte, om dei angra og ville gjera bot. Slikt snakk var nytt for Anders Bær. Den massive vekkinga gjorde eit mektig inntrykk. Og inntrykket blei ikkje svekt då Anders Bær høyrde meisteren sjølv tala. Bær skriv at Læstadius “kjente renhjordens skikk, hvordan en skal fare frem med den og berolige den, naar den blir redd om natten, og berge den for ulven”.

Folk gret på kyrkjebenkene, og også Læstadius let tårene strøyma, fortel han. Anders Bær reiste heim som læstadianar.

Læstadianar-rørsla breidde seg over landegrensene, men tok andre og meir radikale former til dømes i Kautokeino, enn i Karesuando. I Karesuando fanst Læstadius sjølv, ein klok og lærd mannen, som eit levande korrektiv til rørsla. I Kautokeino måtte dei lita meir på eigne tolkingar. Ikkje minst etter at grensa blei stengt i -52.

Ein annan viktig skilnad på Noreg og Sverige, er oppfatninga omverda hadde av læstadianar-rørsla. Læstadius var ein akta prest i den svenske kyrkja. Når kan slo ut mot andre prestar, var det som kyrkje-reformator. Men når flyttsamane i Kautokeino kritiserte dei norske prestane i liknande ordelag, og stundom sterkare, blei dei oppfatta som revolusjonære, som trugsmål mot den etablerte samfunnsinndelinga i norske føresette og samiske undersåttar.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |