Dag og Tid nr. 16, 17. april 1997

Kautokeino-opprøret:
Kautokeino 1852

Om kvelden den 7. november 1852 dreg 57 kvinner, menn og born frå tamrein og telt, som skulle dei berre ein snartur. Men mange kom aldri att.

JOHAN BROX

Fremst i karavanen av sledar og køyrerein er Ole Somby. Til sist køyrer Aslak Hætta og ser til at ingen stikk seg vekk. I otta neste dag når sledefølgjet kyrkje- og kjøpstaden Kautokeino. Handelsmannen, Carl Johan Ruth, møter dei på tunet, saman med lensmann Lars Johan Bucht.

Når samane nærmar seg, grip Bucht ein gjerdestaur, men Aslak er raskare. Dei to ryk i hop. Når Aslak får hjelp, må lensmannen i bakken. Aslak bøyer seg, bit nasen av Bucht, får tak i kniven hans og høgg. Også Ruth blir slegen til jorda. Då kastar kvinnene seg over han, med stokkeslag mot hovudet.

Så er det presten, Fredrik Waldemar Hvoslef, som står for tur.

Om kvelden den 8. november er Ruth og Bucht daude av skadane, husa til handelsmannen ligg i oske. Presten blei spart, men er skamslegen. Og det som sidan har blitt kalla “Kautokeino-opprøret” er slege ned av andre samar som blei henta frå nabobygda.

To av opprørarane døydde av skader dei fekk under striden, to blei sidan halshogde og fleire døydde i fengselet.

Samane er eit fredsælt folk, og denne blodige konfrontasjonen er den fyrste og einaste av sitt slag.

Men kvifor?

Teoriane

På 145 år har mange teoriar om det blitt framsette.

Somme – mellom dei presten Hvoslef, som både var offer for, sjelesørgjar for og hovudvitne mot opprørarane – legg vekt på at leiarane, og særleg Aslak Hætta, var driven av hat og hemnlyst. Åtaket var rasjonelt og planlagt, ikkje religiøst motivert.

Andre – som biskopen Juell – peiker på at opprørarane var religiøse fanatikarar, forvirra og forvilla etter å ha mistolka den svenske presten Læstadius, som særmerkte seg med ein særs sterk språk- og biletbruk. Framferda til opprørarane var irrasjonell. Difor meinte Juell at dei burde dømast mildt.

Etter 1950-talet har sosioøkonomiske forklaringsmodellar blitt brukte. Det har blitt lagt vekt på storpolitiske tilhøve, som at grensa til nabolandet blei stengt og flyttsamane miste vinterbeita. Andre tolkar det som hende i Kautokeino den 8. november 1852 som ein klassisk revolt mot ei undertrykkjande og utbyttande kolonimakt.

Fleire teoriar finst òg. Ei mengd bøker er skrivne om opprøret.

I arkiva

Den nederlandske antropologen Nellejet Zorgdrager, som både les og skriv norsk, har studert alle desse teoriane. Og forkasta dei. Av di ho, som den fyrste og til denne tid einaste, har vore brydd med å gå til kjeldene. Ho har granska alle relevante brev, protokollar og arkiverte dokument, ikkje minst rettsdokument, i saka.

Zorgdrager kom såleis fram til at historia burde skrivast på nytt. Og det har ho gjort. Fyrst ved å publisera doktoravhandlinga si på eige forlag i heimlandet. I desse dagar kjem òg De rettferdiges strid. Samisk motstand mot norsk kolonialisme på norsk, utgjeven i samarbeid med Samisk avdeling ved Norsk Folkemuseum.

Det har blitt ei spennande bok. Men så handlar ho òg om eit spennande samfunn – i ei lagnadstid.

– Eg meiner at det såkalla Kautokeino-opprøret ikkje byrja i Kautokeino, men på Skjervøy året før. Og at det var den norske presten der, og ikkje samane, som løyste det ut, seier Zorgdrager.

Det som hende på Skjervøy, var at presten Quaale blei uroa under preika, av ei gruppe fanatiske flyttsamar frå Kautokeino som kom med tilrop og ville tala sjølve. Quaale måtte avbryta gudstenesta. Han fekk sidan medhald i retten for at samane hadde forhindra preika, noko som blei sett på som eit langt grovare brotsverk enn om dei berre hadde forstyrra presten.

Men samane oppfatta dette som at dei blei forfølgde for trua dei hadde, og ingen møtte fram i retten.

Kautokeino

Hendinga tok seg opp att i Kautokeino, der den markante Stockfleth var komen for å vera prest nokre veker. Biskopen trudde han skulle vera mann for å tala fanatikarane til rette.

Kautokeino-samane hadde fyrst tillit til Stockfleth, ikkje minst av di Stockfleth snakka og hadde omsett religiøse bøker til deira språk. Og kunne dei berre få han på si side, ville kan hende saka mot dei frå Skjervøy stella seg annleis, seier Zorgdrager.

Men Stockfleth skuffa dei snart. Det fyrste presten gjorde, var å innlosjera seg hjå Ruth, som handla med brennevin. Læstadius hadde overtydd samane at nettopp brennevinshandlarane var djevelens læresveinar.

Då samane ville omvenda presten, gjekk Stockfleth laus på dei med stokken. Sidan nekta han dei vekte, som læstadianarane blei kalla, nattverd. Så sytte han for at den samiske lensmannen blei avsett, og svensken Bucht innsett i hans stad.

Dette trass i at Bucht hadde dårleg rykte, og ikkje berre mellom samane. Bucht var sparka frå lensmannsetaten i Sverige etter eit bedrageri, og hadde flydd frå kona og borna til Noreg.

– Dei 22 som retten i februar 1852 fann skuldige i å ha avbrote preikene på Skjervøy og/eller Kautokeino, blei dømde til frå fem dagar arrest til straffarbeid i to år. Attåt måtte dei betala saksomkostningar. Men så mange pengar kunne dei berre få ved å selja så godt som alle reinsdyra dei åtte.

Endelaus straff

– Etter kvart som dei med kortast straff slapp fri frå arresten, drog dei heim til siidaen, teltleiren. Men straffa var ikkje opp og avgjort. Dei måtte gå og venta på at nokon skulle koma og ta frå dei dyra. Det ville bli økonomisk ruin. Dei var dessutan fråtekne vinterbeita, då grensa mot Sverige og Finland blei stengd. Og dei hadde mist somme gjetarane, dei som framleis sat i fengsel.

– Dei blei med andre ord økonomisk råka på tre grunnlag! Dessutan visste dei jo at trua dei hadde korkje blei godteken av geistlege eller verdslege styresmakter. Difor måtte dei rekna med å bli straffa på nytt, om dei heldt fast ved trua, seier Nellejet Zorgdrager.

– Dei kjende seg med andre ord både økonomisk, sosialt og religiøst forfølgde av den norske øvrigheta. Utan von om at det nokon gong ville ta slutt?

– Ja. Dei var trengde opp i eit hjørne. Dei hadde valet mellom å gå til åtak – eller gå til grunne.

Den nederlandske antropologen strekar under at det er etter den fyrste rettssaka at nett denne vesle gruppa byrjar å skilja seg ut frå andre “vekte” i Kautokeino. Og då gjennom oppførselen deira, som endrar seg radikalt; ikkje gjennom trua.

Stigma

Trua, måten denne gruppa av “vekte” tolka Læstadius på, delte dei med dei fleste som hadde beite på begge sider av grensa. Læra til Læstadius breidde seg som ein brann frå Karesuando i siste halvdel av 1840-talet.

– Det var heller ikkje berre opprørarane som blei råka av grensestenginga. Det einaste som er spesielt med dei, er den harde dommen dei fekk – for bråk som andre prestar enn Quaale og Stockfleth kan hende ikkje hadde brydd seg med å melda. Det var ikkje dei sjølve, men prestane som merkte nettopp desse ut frå andre “vekte” flyttsamar, og såleis stigmatiserte dei både sosialt, økonomisk og religiøst.

– Dette er du den fyrste som peikar på? At opprøret blei løyst ut av dei norske prestane – og difor like gjerne kunne hendt kor som helst, der prestane var like redde, klønete eller hissige som Quaale og Stockfleth?

– Du kan seia det slik. Men mange før meg har sagt at Stockfleth provoserte til konflikt. Og lensmann Bucht blei tidleg peikt ut som eit vonde, ein hissig mann, og arg på alt som hadde med Læstadius å gjera. Og det var Bucht som representerte det fysiske trugsmålet, han som ville koma og ta reinen deira.

– Åtaket måtte koma, og det måtte rettast nettopp mot Bucht og Ruth? For Stockfleth hadde reist, og den nye presten, Hvoslef, ville dei omvenda, ikkje drepa?

- Ja. Samane hadde ingen tradisjon for krig, og kjende ikkje til kva det var. Men på 1840-talet blei Bibelen og annan religiøs litteratur omsett til samisk. Også apokryfe bøker, stridsforteljingar. Og desse blei flittig lesne – høgt av dei som kunne, for dei som ikkje kunne.

– Det var Bibelen som lærte samane å kriga?

– Ja, samane hadde ingen tradisjon for krig mellom grupper og folk, slik til dømes indianarane har. Bibelen lærte dei å strida for trua, om krigsheltar og martyrar, seier Nellijet Zorgdrager.

Men Børre Knudsen går fri...

“Bispevigslinga” av Børre Knudsen i Kautokeino 6. april i år, har fått avisene til å minna om den 144 år gamle hendinga: “Det blåser opp til religionsstrid i Kautokeino igjen” og “Opprøret i Kautokeino”. Samanlikninga er meiningslaus, seier Zorgdrager.

– Den religiøse rørsla i Kautokeino på 1850-talet, var ei folkeleg rørsle. Prestane sette seg mot. Striden i 1997 er eit indre oppgjer i kyrkja, som lokalfolket har lita interesse av.

Men den nederlandske antropologen peikar likevel på ein parallell:

I 1851 gjekk Rasmus Splein, ein same frå Kautokeino, opp på preikestolen og erklærte at presten heldt med Djevelen. I 1997 gjekk Børre Knudsen, som er frådømt presteembetet og difor ikkje har større formell rett til å preika enn Rasmus, opp på preikestolen i Kautokeino kyrkje og erklærte at ikkje berre dei liberale kreftene i kyrkja og biskopane, men òg statsministeren, høgsterettsdommarane og stortingsrepresentantar stod utanfor Guds sanne kyrkje, og hadde gjeve seg over til Satan.

– Men der sluttar parallellen. Samen Rasmus Splein blei dømt til to års straffarbeid, men det vil neppe skje med Børre Knudsen, konkluderer Nellijet Zorgdrager.

Dødsstraff

Aslak Jacobsen Hætta, 28 år
Mons Aslaksen Somby, 27 år

Livsvarig straffarbeid
Lars Jacobsen Hætta, 18 år (benåda i 1867 og rehabilitert i 1884 “for senere fortjenester”)
Ellen Aslaksd. Skum, 25 år (benåda i 1867)
Henrik Aslaksen Skum, 20 år (døydde i fengselet)
Aslak Pedersen Rist, 30 år (døydde i fengselet)
Thomas Andersen Eira, 16 år (benåda i 1865)
Aslak Olsen Somby, 59 år (benåda 1863)
Anders Pedersen Bær, 26 år (benåda 1863)
Ellen Andersd. Spein, 50 år (benåda 1864)
Kirsten Andersd. Spein, 37 år (benåda 1864)
Anne Henriksd. Sara, 55 år (benåda 1864)
Marit Jonsd. Sara, 22 år (benåda 1864)

Tolv års straffarbeid:
Ellen Jacobsd. Hætta, 16 år (døydde i fengselet)
Berit Hansd. Gaup, 16 år (benåda 1864)
Peder Olsen Kautokeino, 35 år (døydde i fengselet)

Seks års straffarbeid:
Ellen Andersd. Utsi, 17 år

To års straffarbeid:
Marit Aslaksd. Sara, 60 år

Andre:
Staffa for ti andre varierte frå eitt års straffarbeid til få dagars fengsel. Fire blei frikjende, og tre døydde før eller under rettssaka.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |